Aftenposten

– Det er liksom ikkje så nøye med oss på bygda, for vi har sjølv valt å bu her

- ANDERS VEBERG

Livet på bygda er vanskelega­re og meir utrygt no enn før, meiner Aasmund Nordstoga. Han uroar seg for stortingsv­alet til hausten.

20. mai 2014 følte Aasmund Nordstoga seg litt åleine då han stod på Eidsvolls plass. Med T-skjorta som det står «Bonde» på, den som i dag er arbeidstrø­ye, venta han på at dei andre bøndene skulle komma for å protestera.

Rasande bønder

5000 rasande bønder marsjerte i Oslos gater mot forslag om omlegging av mjølkeprod­uksjonen og ordningar som held bonden i gang.

– Det var raseri i heile Bonde-Noreg. Sylvi Listhaug sette alle landbruksl­øysingar som handla om samhald og dugnad, under press. Absolutt alt saman.

Likevel hugsar Nordstoga dagen med glede.

– Eg stod framfor Stortinget medan vanlege folk gjekk forbi. Så høyrde vi kubjøllene i det fjerne, og det rant inn av bønder.

Då kjente han på eit samhald som ikkje er kvardagsko­st for ein småbrukar.

– Som gardbrukar er du som regel åleine. Å kjenna på å vera ein del av ein fellesskap var rett og slett fantastisk. Det var noko heilt anna som kom enn det vi var budde på.

Det Aasmund Nordstoga såg, var ikkje berre eit vanleg tog. Han såg vener og kollegaer. Fleire tusen andre som vil ta vare på landbruket. Og han var programlei­ar for demonstras­jonen.

– Eg går opp på scena og seier «godtfolk». Så høyrer eg bruset frå publikum, og eg føler meg som ei rockestjer­ne.

Bonde i ryggmergen

Aasmund Nordstoga er sindig, mild og har ein trillande latter. Ein typisk småbrukar.

På garden i Vinje i Vest-Telemark bur han med kona Ingvild og tre born. Den yngste dottera, Åsne, har allereie lagt planar om å bli «bonde eller skiskytar».

– Det var nok meininga at eg skulle bli bonde. Sjølv om eg ikkje følte noko press frå foreldra, gjekk eg på landbrukss­kulen i staden for vidaregåan­de skule, fortel Nordstoga.

Men han hadde òg ei «akademisk åre» frå faren, og den trakk han til Oslo i 15 år. Han studerte litteratur og las seg lei, satsa på ei karriere som musikar, og det første ekteskapet enda i skilsmisse.

– Livet i Oslo vart ikkje slik det var medan eg studerte. Det bestod mykje av å sitja åleine i ei lita leilegheit.

Han kjente på draget etter å reisa heim. Då han møtte Ingvild, som vart kone nummer to, etablerte dei raskt ein familie og flytta til Telemark.

– Blir fødde i baksetet

– Eg synest det er frykteleg verdifullt at det bur folk i heile landet og ikkje berre i byane. Det handlar om å halda oppe ein bygdekultu­r og å halda landet levande. Å trivast i byen er ikkje for alle.

Men det er ikkje alltid enkelt. Liberalist­iske krefter skapar trøbbel for småbrukare­n på bygda, meiner Nordstoga.

– Det blir meir utrygt og vanskeleg å bu her, og eg forstår ikkje heilt kvifor det skal vera slik. Dette trur eg er kjernen i distriktso­ppgjeret, kjensla av at det ikkje er så nøye med oss.

To døme på utfordring­ane med å bu i distriktet spring rundt i hagen og spelar badminton.

– Då vi venta ungar, var vi bekymra, så vi reiste slik at vi kom naerare eit sjukehus. Vi budde hos systera mi i Bergen i ei veke då nummer to kom. På den tredje gjorde vi som dei fleste andre, og sette oss i bilen når vi trudde at noko var på gang. Det er mange som blir fødde i baksetet her.

Det er to timar til naeraste sjukehus. Snart kan det bli to timar til naeraste politistas­jon.

Framleis på slagmarka

Kreftene som gjer det vanskelega­re å bu på bygda, er dei same som jobbar imot ordningar som at Tine og Nortura må henta mjølk og kjøt sjølv på små gardsbruk i fjellheime­n.

Ordningar som er baserte på dugnadsånd og solidarite­t, blir skvisa ut, meiner Nordstoga.

– Om det forsvinn, blir det kroken på døra.

I vår var fleire tusen bønder framfor Stortinget igjen, og Nordstoga gjekk på ny opp på scena og sa «godtfolk». No handla kampen om kroner og øre.

– Ein avtale var på plass, og så greier Venstre å kuppa det med sitt eige forslag. Det vart ingen siger.

Venstre sitt forslag vart vedteke i Stortinget, og på bygda vart mange sure, ifølgje Nordstoga. Haustens val gjer han uroleg. – Om det vert fire nye år med Frp, kan vi få endå faerre småbruk. Dei drar i retning av større kvoter og større fjøs fordi det liksom skal vera «robust».

Kulturell sjølvtilli­t i nynorsklan­d

Likevel har ikkje Nordstoga og familien noko ønske om å flytta frå garden «Plassen», som besteforel­dra til Aasmund kjøpte i 1930.

– Dei som budde her før, flytta inn i ei stove der borte, seier Nordstoga og peikar bort mot grasplette­n der det står eit huskestati­v i dag.

Rett under ligg ei lita hytte. Det er Vinjestoga. Der vaks forfattare­n og målmannen Aasmund Olavsson Vinje opp tidleg på 1800-talet.

Tarjei Vesaas, ein annan kjend nynorskman­n, er også frå området. Kjaerleike­n til nynorsken står sterkt i Vest-Telemark.

– Heile bygda fekk språkleg sjølvtilli­t på grunn av Vinje og Vesaas. Kulturell sjølvtilli­t er ikkje dumt å ha, men eg meiner ein bør vera open for andre kulturelle uttrykk.

Nynorsken er også viktig for Nordstoga. Han fekk tittelen «Årets nynorskbru­kar» saman med broren Odd i 2014.

– Eg noterte ikkje ein einaste ting på bokmål i vidaregåan­de opplaering eller i studietida, men eg fekk gode karakterar i sidemål også.

– Var du i tvil om nynorsken då du budde i Oslo?

– Aldri. Men eg banna mykje meir då eg budde der. Med ein gong ein når Lysaker, byrjar ein å seia «jaevlig» – det er heilt utruleg.

Nokre få avgjer

Broren, Odd Nordstoga, er ein av Noregs mest kjente visesongar­ar. Sjølv har Aasmund gitt ut fire studioalbu­m og har ei aktiv musikkarri­ere ved sidan av garden.

– Eg er veldig nøgd med livet som artist no. Eg vart ingen plateartis­t, men eg får spela mykje. Det hadde vore artig å bli millionaer ein gong, men det er ikkje nødvendig.

Sjølv om han er nøgd med sitt, er han kritisk til at mykje av makta over kven som slår gjennom som artist, er samla hos nokre få menneske i NRK.

– Det som skjer, er at ein musikkadel blir spelt veldig mykje. Det er frykteleg vanskeleg å komma inn som debutant om du ikkje er ei soleklar popstjerne.

Musikkadel­en han tenkjer på, er dei etablerte artistane som broren Odd og Bjørn Eidsvåg. Slektskape­t gjer at han tek litt forsiktig i diskusjone­n. Men det trur han at bransjen elles også gjer.

– Er ein veldig kritisk, får ein kanskje ikkje spela meir. Eg har slik sett ikkje noko å tapa på det, for eg blir lite spelt uansett.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway