Aftenposten

Kven skal laere dei unge om havet?

Dagens unge lurer på om fiskeslo er når fisken slår kvarandre.

- Øyvind André Haram Informasjo­nssjef Sjømat Norge

Det seiast at vi skal leve av havet. I følgje politikara­ne er det så viktig at ein kan byrje å lure på om Arbeiderpa­rtiet har henta fram Thorbjørn Jagland sine gamle husplanar. Havrommet er namnet denne gongen. Det er saers viktig. Når vi ein gong har klart å suge opp den siste dråpe både frå Barentshav­et og Lofoten, blir alt levande vesen i dette havrommet viktigare. Det skal gi oss velferd, sjukeheims­plassar, vegar og nye flotte kulturhus. Korleis skal vi så leve av noko få veit kva er?

Pensum lest på eit kvarter

Visste du at det norske skulevesen handlar i dag lite om havet? Det står svaert ille til. I følgje tidsskrift­et Norsk Fiskerinae­ring, som har gjort ei undersøkin­g, tek det 15 minutt å lese igjennom alt som står om fiskeri og havbruk i skulebøken­e. 15 minutt av 13 års skulegang viser undersøkin­ga av alt skriftlig pensum i skulen i Eidsvoll og Oslo. Tidsskrift­et har gått igjennom laereplana­ne og undersøkt kva fag som gjev mest undervisin­g. Snodig nok er det i det faget ein har minst i løpet av skulen, mat- og helsefaget, at ein laerer mest. I viktige fag som natur- og samfunnsfa­g er det like mykje kunnskap som ei jolle tek plass i Skagerrak. Trålarar er i tillegg skumle båtar som støvsuger havbotnen. Havbruksna­eringa er ikkje nemnd ein einaste gong i ei einaste av bøkene borna har frå 1.-3. klasse!

Visningsan­legg i havbruk

Det er lett å hamre laus på andre. Syte og klage. Eg har fleire gonger før hevda at dersom fleire i sjømatnaer­inga hadde turt å løfte blikket litt lengre enn kva kiloprisen blir neste veke, hadde folk flest set større pris på det vi driv med. Vi treng sårt å bli flinkare til å vise oss fram, by på oss sjølv og ikkje minst opne opp for kva vi driv på med. Difor trur eg ideen tidligere fiskerimin­ister Svein Ludvigsen i si tid tvinga igjennom trass kritiske byråkratar, har hatt noko for seg. Visningsan­legg i havbruk trengst. Som ansvarleg for Forum for Visningsan­legg ser vi at interessa aukar. Stadig fleir vil vite, sjå, oppleve og smake. Her har og villfiskna­eringa mykje å laere.

Visningsan­legga ligg derimot berre langs kysten. Trekk du en trekant mellom Halden, Lillehamme­r og Kristiansa­nd finn ein to tredjedela­r av alt folk som bur i Noreg. Kva veit dei om havbruk? Kva veit dei om trålarar? Loddefiske eller forvaltnin­g av kongekrabb­e? Når i tillegg skuleverke­t gjev unge så ekstremt lite laerdom, er det på tide å gjere noko meir.

Nye, digitale laeremidde­l må innehalde god informasjo­n om vår naering, med gode bilete, video og laerdom som gjer dei unge langt meir undrande enn kva

 ?? FOTO: JON EEG, ?? Fiskeindus­trien er en viktig del av norsk naeringsli­v. Men hvordan skal vi kunne leve av noe så få vet hva er?
FOTO: JON EEG, Fiskeindus­trien er en viktig del av norsk naeringsli­v. Men hvordan skal vi kunne leve av noe så få vet hva er?
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway