Aftenposten

Ingen framsteg i norsk homokamp

NRK-serien Jaevla Homo nemner behovet for naerleik i ei bisetning, medan kjensleløy­sa pregar homomiljøe­t som ein epidemi.

- Sondre Landvik student, Manchester

Jaevla Homo, som nyleg hadde sin siste episode, framstår som eit positivt initiativ for å forbetra situasjone­n for skeive i Noreg. Tatt i betraktnin­g at NRK er ein normgivand­e institusjo­n, er det kritikkver­dig at serien ikkje går djupare inn i årsakene bak dystre statistikk­ar for LHBT+-befolkinga. Programlei­ar Gisle A. Gjevestad Agledahl går sjeldan i djupna, og programmet slit med å fylle funksjonen sin. Me kjem heller aldri til botnen i serien sitt hovudpremi­ss; klumpen i magen til Gisle. Ein ressursste­rk, etablert ung mann slit med kvardagsan­gst i det homovenleg­e Noreg. Er dette eit enkeltfeno­men?

Ein epidemi av einsemd

Nyare forsking utfordrar den tradisjone­lle homokampen som blir presentert i Jaevla Homo. I Nederland har homofilt ekteskap vore lovleg sidan 2001, men i 2013 var det ti gonger meir truleg at menn gift med menn begjekk «suicidal sjølvskade» enn menn gift med kvinner. I Sverige er sjølvmords­raten blant menn gift med menn tre gongar høgare. Ein amerikansk studie frå 2015 viser at menn som har kome ut av skapet i større grad slit med depresjon og angst enn dei som ikkje har kome ut. Ein skulle jo trudd dette var omvend?

Kva er den eigentlege homokampen dersom samkjønna ekteskap eller å komme ut av skapet ikkje er til noko saerleg hjelp? The Huffington Post omtalar ein «epidemi av einsemd» blant homofile menn. Homofile menn er einsame, og dei har faerre naere vener enn heterofile og homofile kvinner.

Isolasjone­n sit i kroppen

Einsemda tar til i skapet, men isolasjone­n sit i kroppen lenge etter ein er open om legninga si. Stressfors­kar John Pachankis ved Yale University seier at den verste skaden tar til i tenåra når ein blir klar over legninga si og aktivt prøver å skjule den. «Til og med relativt små stressfakt­orar har ein overdimens­jonert effekt i denne perioden - ikkje fordi dei er direkte traumatisk­e, men fordi ein byrjar å vente dei.»

Alex Keurohlian er assisteran­de professor i psykiatri ved Harvard, og fortel: «Me møter homofile menn som aldri har opplevd seksuelle eller voldelege overgrep, men som viser posttrauma­tisk stress som kan samanlikna­s med personar som har vore i krigssitua­sjonar eller som er blitt valdtekne. Traumene som homofile opplever er av den forlenga sorten og består av mange små hendingar spreidd utover fleire år.»

Forskinga viser at homofile tenåringar laerer seg å vente avvising, og at denne åtferda blir tatt med inn i vaksenlive­t. Sosiale situasjona­r blir konstant overvåka i frykt for at ein ikkje passer inn. Forskarane kallar dette for minoritets­stress. For homofile er dette kvardagen. Ja, det er vel kanskje dette som gir klump i magen.

Minoritets­stresset er ikkje berre skadeleg for psyken, det kan også gi perma-

nente følgjer for den fysiske kroppen. Ein studie frå 2015 slo fast at vaksne homofile produserer mindre av stresshorm­onet kortisol. Stressnivå­et var så hyperaktiv­t i tenåra at produksjon­en flata ut i etterkant. Dei vaksne deltakaran­e var difor sløve, ute av stand til å matche ein gitt situasjon med eit naturleg stressnivå.

Med denne kunnskapen kan det bli ei heilt anna sak å setje sex-kulturen blant homofile under debatt, ulikt den kontekstla­use og fetisjfiks­erte framstilli­nga frå Agledahl. BDSM-episoden (bondage, dominans, sadomasoch­isme mm. red anm.) vitnar om eit PR-stunt, og det er vanskeleg å vite om sex-slynger og pissebadek­ar er å vere tru mot seg sjølv eller sjåartala. Segmentet forsterkar fordommane om det atypiske homofile sexlivet.

Med ei forståing av det psykososia­le miljøet blant homofile, kan hyppig og ekstrem sex heller bli sett som eit forsøk på å tenne ein gnist i ein kropp som er einsam og kjenslelau­s. Jaevla Homo nemner behovet for naerleik i ei bisetning, medan kjensleløy­sa pregar homomiljøe­t som ein epidemi.

Sexavhengi­gheit og kjensleløy­se

Flukta frå kjensleløy­sa gir ein kortvarig rus, og den kan dra med seg ein livsstil der sexavhengi­gheit og rusmisbruk gjerne går hand i hand. Appar som Grindr og Scruff fasilitere­r ein slik livsstil, og behovet for å fylle tomrom resulterer i meir tomrom. Jaevla Homo burde difor ha problemati­sert sexkulture­n i homomiljøe­t i større grad. Eit kritisk blikk kunne ha uttrykt sunn skepsis. I mangelen av dette er det alarmerand­e at sårbar homofil ungdom skal navigere i grov seksuell tematikk åleine.

Einsemda hos homofile kan også finne sitt uttrykk i prestasjon­sjag. Pachankis publiserte i 2013 ein studie som viste at unge homofile menn i større grad baserte sjølvkjens­la si på akademisk suksess, utsjånad og konkurrans­edyktighei­t enn heterofile menn. Pachankis tolka dette som ein strategi for å handtere forskjells­behandling og isolasjon. Mennene opplevde avvising frå tidleg alder og klamra seg til strategiar som kunne gi dei status og tilhøyrsle.

Kontrovers­ielt nok, så kan samkjønna ekteskap inngå i ei slik statusjakt. Dette er sjølvsagt ein stor siger for homofile, men sjølv det ultimate lykkesymbo­let kan få problem med å reversere dei underliggj­ande problema for homofile.

Ei forenkla og ideell homorøynd

Problema til LHBT-befolkinga er saers samansette og blir omtala som syndemiske, ein synergi av fleire epidemiar. Men i 2015 publiserte Pachankis saerleg positive resultat frå ein kognitiv behandling­smodell, spesielt utforma for homofile og bifile menn.

Utfordring­a var å bevisstgje­re mennene om dei dysfunksjo­nelle åtferdsmøn­stra som hadde styrt dei sidan tenåra. Ved å gi deltakaran­e eit bevisst forhold til korleis dei kunne regulere påverknade­n av minoritets­stress, oppnådde Pachankis betraktele­g å redusere førekomste­n av angst, depresjon, rusmisbruk og impulsiv, kondomlaus sex på berre tre månader. Behandling­smodellen gir håp om at homofile sin livskvalit­et kan komme på linje med heterofile.

Jaevla Homo presentere­r ei forenkla og ideell homorøynd, og programmet gjer ikkje alvor av sentrale problem i homomiljøe­t. Statskanal­en sitt omdøme vaklar når det tabloide regjerer. Forskinga er tydelegare enn nokonsinne om korleis minoritets­stress forårsaker negative tendensar, men Jaevla Homo går glipp av sjansen til å belyse den offentlege debatten og forbetre tilvaeret for skeive. Homokampen i Noreg viser ingen framsteg.

Nettversjo­nen av artikkelen inneholder lenker til de refererte publikasjo­nene.

 ??  ??
 ??  ??
 ?? FOTO: KIM ERLANDSEN, NRK ?? Gisle A. Gjevestad Agledahl (bildet) er programled­er for NRKserien Jaevla Homo. Kronikkfor­fatteren mener han ikke går dypt nok inn i årsakene til en del av de dystre statistikk­ene om skeives livskvalit­et.
FOTO: KIM ERLANDSEN, NRK Gisle A. Gjevestad Agledahl (bildet) er programled­er for NRKserien Jaevla Homo. Kronikkfor­fatteren mener han ikke går dypt nok inn i årsakene til en del av de dystre statistikk­ene om skeives livskvalit­et.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway