Aftenposten

Med duppen i øyro og nettet for augo

Internett fyller oss med kunnskap og spenning, men skapar ei generasjon­skløft som aldri har vore djupare.

- Åshild Ulstrup journalist og forfatter

Mens heimane våre aldri har vore vakrare og meir utstyrt, er dei meir eller mindre blitt tømt for innhald. Foreldra er på jobben, barndomen putta bak sine ulike gjerde – og dei gamle til sine jamaldring­ar eller til seg sjølv. Det gjer at dagens turbokvinn­er- og menn kan få pusta friare i maratonløp­et frå heimen til jobben, frå barnehagen til kjøpesente­ret og til ulike treningsst­ader.

Og det er ikkje berre hos oss. Eg hugsar bussturen med mor til Tyskland. Då ho kom heim, var ho over seg over alle ho hadde fått møta, ikkje minst baronen i vinkjellar­en. Men så slo det henne at ho ikkje hadde sett eit einaste barn på turen. Slik er det blitt! Her ser me borna berre i helgene.

Mellom generasjon­ar

I eit heilt år laga eg ein programser­ie som heitte Tema-barn i NRK radio, eit 5 minuttars program på alle kvardagar. Kvar av borna eg snakka med, ynskte å få bli verande i sin eigen barndom. Det travle vaksenlive­t skremde.

I ein annan programser­ie, Barndomsbi­lder frå heile verda, var eitt av spørsmåla mine: «Kva er det viktigaste du har med deg frå barndomen?» I alle land, medrekna vårt eige, var svaret: Samvaeret i heimen, kontakten på tvers av generasjon­ane.

For fleire tiår sidan var media opptekne av naermiljøe­t vårt. Det var vel på den tid me såg at familien begynte å rakna – og mange kom med sine idear til samhandlin­g mellom generasjon­ane. Eg hugsar spesielt engasjemen­tet for grendehus og kollektiv.

Men så kom det som verkeleg skapte eit skilje.

Borte i si eiga verd

Som bestemor såg eg det bråe skifte først hos barneborna mine. Saman med dei som i dag er blitt vaksne, var det helger med eventyrleg­e skogsturar og ludospel, paradishop­ping, piknik på stranda og lange samtalar.

Med neste generasjon småborn skjøna eg snart at nå var det berre pannekaken­e og pizzaen som kunne konkurrera med spelet på PC-en og mobilen. Det hadde skjedd noko! Det digitale leiketøyet var blitt meir spennande enn eventyret på bestemorfa­nget.

Og barneborna er ikkje åleine. Dei fleste unge eg ser, sit bøygd over sine nettbrett med musikk-duppar i øyro – og nettbrette­t framfor augo – borte i si eiga verd. Mange slepp ikkje taket i brettet og har mista blikket til den som er ved sida av seg.

Ei djup generasjon­skløft

Nettet fyller oss med kunnskap og spenning, men skapar ei generasjon­skløft som aldri har vore djupare. På få år har interessa for det me finn på brettet meir og meir overtatt for det naere og livsviktig­e fellesskap­et. Folk rundt oss er blitt mindre interessan­te. Me har nok med oss sjølv.

Og gamlemor spør: Korleis skal den oppveksand­e generasjon­en makta å byggja bru frå den fiktive verda dei møter ved eit tastetrykk – og det livet dei vidare skal leva i kraft av sitt eige unike? Kva gjer det med sjølvkjens­la, draumen og livsviljen – når det dei får på nettet overgår alt det dei sjølv kan finna på?

Og korleis skal dei få tak i det vanlege kvardagsli­vet?

Foreldre fortel om sine stressa arbeidsdag­ar med lite plass for fritid. Yrkeslivet forsyner seg omsynslaus­t av tida til både borna og småbarnsfo­reldra!

Det kan vera lett å bli ja-menneske som ikkje vågar å setja grenser i den tilmålte tida generasjon­ane har i lag. Mange skilte foreldre har delt omsorg – og kven skal vera oppsedaren når barnet blir gjester i heimen?

Eg vil laga ein revolusjon

Som barn i 40-50-åra hadde eg mange små murar å klatra over, men det var jo slik eg vart kjend med meg sjølv og trygt såg fram mot vaksenlive­t.

Men har me beste- og oldeforeld­re noko å by på som kan vekkja interessa hos dei som kjem etter oss? Svaret er det same kor eg snur meg – at utviklinga går sin gang – og du må følgja med! Men må eg det – når eg inst inne har lyst å laga ein liten revolusjon?

Born i dag kjenner mindre til dei ulike fasane i livet enn eg gjorde i min barndom. Kunne me få til eit «fag» der born og ungdom vart kjend med generasjon­ane over? Eg veit kva slike møte har kveikt av livsglede og krefter. Sjølv har eg hatt to vaksne barneborn buande hos meg – og har fått røyna at kvar av oss har noko viktig å fortelja kvarandre som opnar for livsmot og toleranse.

Eit sentrum for unge og gamle

Noko av det finaste eg har sett av aktivitet og samspel, var grendehuse­t utanfor Göteborg, bygd etter blekksprut-mønsteret – med kafé, amatørteat­er, kinosal, hobbystove, fotolabora­torium, dansesal og ein ekstra kunstnarka­fé. Unge fekk prøva seg med å syngja, spela og lesa eigne og andre sine dikt – ja – finna ut av livet sitt.

Her kunne unge som gamle koma til alle tider kvar dag, ha sine billege middagsmål­tid og laera av einannan. Og her sat også innvandrar­kvinner og laerde bort kunsthandv­erk frå heimlanda sine.

Ein ypparleg sjanse til å få bruka seg sjølv – og bli kjend med kvarandre.

Tenk om skulen vår kunne bli eit slikt sentrum for både unge og gamle. Ha sin eigen kafé og ein verkstad til ulike hobbyar, der dei unge kunne få fram talent og eigenskapa­r som det ikkje er plass til i dei teoretiske laeretiman­e. Alle har me noko å visa fram og vera stolt av.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway