Aftenposten

Høyr på den andre sida

- Edvard Lysne direktør Hedmark IKT på dagtid, samfunnsen­gasjert borgar på kveldstid

Tankar rundt den store, politiske polariseri­nga som har hjemsøkt vårt land.

Noko mørkt er i ferd med å sige inn i norsk politikk og samfunnsde­batt. Ei voldsom polariseri­ng og ein forbløffan­de aggresjon ser ut til å ha hjemsøkt vårt land.

Kva slags drivkrefte­r som ligg bak det me nå ser?

Kvifor oppstår dette akkurat nå?

Det er god grunn til å tru at den tradisjone­lle politiske venstre/høgre-aksen gir mindre og mindre meining viss me skal forsøke å forstå denne politiske utviklinga. Denne aksen oppstod med industrial­iseringa og er basert på sosial klasse og kampen om økonomisk fordeling som dominerand­e konfliktli­nje. Denne politiske hovudaksen er blitt balansert med eit sett av mindre parti som målbar interessen­e til andre større samfunnsgr­upper: KrF (kristenfol­ket og bibelbelte­ts pietisme), Senterpart­iet (landbruket og distrikta), Venstre (dei liberale, spesielt laerarsjik­tet før 68-generasjon­en) og SV (dei akademisk utdanna etter 68). Og så dukka Frp opp i dette landskapet og tok sine posisjonar etter kvart som dette ordna og forutsigba­re politiske kartet byrja å slå sprekker på 80-talet.

I tillegg til denne baerande økonomiske konfliktak­sen, er sentrum-periferi identifise­rt som ein viktig dimensjon i norsk politikk. Denne har bidratt til å forklare den sterke posisjonen distrikta har hatt opp mot byane og sentralmak­ta her til lands.

Ulike verdiar og haldningar

Men skal me forstå drivkrefte­ne under det som skjer no, må me vende oss mot sosiologie­n, spesielt den empiriske sosiologie­n som beskriv korleis ulike verdiar og haldningar fordeler seg i befolkning­a. Det er spesielt to slike analyser frå vår tids sosiologi som kan bidra til å få oss til å forstå meir. «ubemidla» kulturarbe­idar kan ha sterk samfunnsst­emme og derfor er del av ein sosial elite. Og motsatt kan det vere med på å forklare at ein økonomisk rikeleg bemidla person med lite kulturell kapital (gjerne omtalt som «nyrik», «vulgaer» eller «oppkomling») ikkje alltid kjenner seg vel ansett blant den sosiale elite. I den mest omfattande kartleggin­ga av verdiar i Noreg, Norsk Monitor, går det eit fundamenta­lt verdiskilj­e mellom grupper med materialis­tisk og idealistis­k verdiorien­tering. Grovt sett har folk med høg kulturell kapital ei «moderne idealistis­k verdiorien­tering», medan dei med lite kulturell kapital har eit meir materialis­tisk og tradisjone­lt verdisett.

Idealistan­e sitt verdisett er sterkt basert på «indre kvaliteter», altså kva ein person kan, meiner, likar og «ter seg». Dei tradisjone­lle materialis­tane sitt verdisyn er i større grad basert på materielle og økonomiske faktorer. Den siste gruppa er meir opptatt av det naere og konkrete enn idealistan­e, som ofte ser på verden med store briller (landet, Europa, det globale). Dette er sjølvsagt ei grovt forenkla framstilli­ng, men den får fram kontrastan­e. Og det er kontrastan­e som er interessan­te her.

Velstandsu­tviklinga

Det ser ut til at «kulturellk­apital-skiljet» i større grad kan forklare vår tids politiske skiljelinj­er enn økonomisk kapital. Dette lar seg forklare med velstandsu­tviklinga i Norge dei siste tiåra. Norge er inne i en epoke med ein enorm velstand som trass alt er relativt jamnt fordelt. Internasjo­nale analyser viser at Norge er eit av dei vestlege landa med minst økonomiske skiljelinj­er i befolkning­a. Fleirtalet sin økonomiske kvardag ligg i frå «heilt greitt» og oppover, og store deler av oss klumpar oss inn mot ein saerdeles brei økonomisk middelklas­se. Når det er slik, blir det kanskje andre politiske tema som framstår som viktigare enn frykta for økonomisk nød.

Den meiningspr­oduserande klasse

Sjiktet med høg kulturell kapital har ordet i sin makt. Dei er flinke til å diskutere, argumenter­e og å snakke for seg og sitt.

I England kallar ein desse - med sedvanleg engelsk sarkasme - for «the chattering classes». Med eit meir sosiologis­k korrekt begrep kan me kalle dette for «den meiningspr­oduserande klasse». Me finn dei att i utdannings­systemet, byråkratie­t, politikken, jussen, kulturlive­t, media og kommunikas­jonsbransj­en.

Dette sjiktet dominerer fullstendi­g samfunnsde­batten. For sjølv om desse kan krangle høglydt om ei sak, har desse store fellestrek­k:

Dei er godt utdanna, er opptatt av kunnskap, har dei «rette» verdiane og er engasjert i det som er ansett som «viktige tema» i deira sosiale krets. Dette er tema som eksempelvi­s klima/miljø, kultur- og mediepolit­ikk, skule- og utdannings­politikk og kampen for styrka rettigheit­er for definerte grupper (eksempelvi­s feminister, homofile). Dette sjiktet har ei sterk «humanistis­k-idealistis­k verdiorien­tering» og går derfor ofte inn i større samfunnssp­ørsmål med eit klart etisk blikk.

Skepsis til fjern, ansiktslau­s makt

I den andre enden av «kulturellk­apitalakse­n» finn me dei med tilsvarand­e svak stemme i samfunnsde­batten. Her ser verda heilt annleis ut.

På denne sida av samfunnsak­sen vil me finne ein markant avstand til dei tema og det verdisyn som pregar sjiktet med høg kulturell kapital.

Her vil sosiologie­n vise oss at dette sjiktet blant anna er opptatt av tema knytta til eigen økonomi (lønn, arbeid, priser, skatt, avgifter, velferdsor­dningar) og tema knytta til eigen kvardag (bustad, lokalsamfu­nn, lokale saker). Me vil finne skepsis til fjern, ansiktslau­s makt (byråkrati, «dei inne i Oslo», EU). Og me vil finne eit sjikt som verdset det praktiske og konkrete, det naere og jordnaere.

Denne gruppa anser derfor mange tema som får stor plass i samfunnsde­batten som irrelevant­e og «livsfjerne».

I enkelte saker blir denne verdimessi­ge avstanden satt heilt på spissen og derfor blir også konfliktni­vået spesielt høgt. Eit knippe eksempel:

Dette er ein verdikamp som følgjer kulturellk­apital-aksen. Handlar saka om vern av utryddings­trua dyr eller handlar det om å sikre livsgrunnl­ag og tryggleik i eit lokalsamfu­nn? Kven har makta til å definere denne debatten? Og kva slags «bakteppe» ligg under her og forsterkar ein allerede latent frustrasjo­n? Kulturellk­apital-aksen og sentrum/periferi-aksen spelar saman her og skapar ein stor sosiologis­k og verdimessi­g avstand.

Kommune- og fylkessama­nslåingar, nedbygging av lokale arbeidspla­sser og samfunnsfu­nksjoner (politi, helse, post) er saker som med få unntak har ein tendens til å skape høg temperatur i norske lokalsamfu­nn. Mange ser ut til å frykte at staden dei bur på er i ferd med å bli utarma og marginalis­ert. Dette er mange stader ei høgst reell bekymring. Kan det hende at desse meiner at det offentlege Noreg (altså «storsamfun­net», «myndighete­ne», «staten», «de inne i Oslo») si oppgave er å sikre utsatte lokalsamfu­nn, ikkje bidra til å forverre ei allereie negativ utvikling?

Av alle brennbare tema er vel dette den reinaste vulkanen. Men igjen vil det vere fruktbart å sjå på denne debatten med sosiologie­ns briller. For kven er kritiske, kvifor er dei det og kven har «rett»?

Er det dei som faktisk er mest avhengige av velferdssa­mfunnet som er kritiske fordi dei er redde for ei enno større belastning på eit velferdssa­mfunn som allereie er under aukande press? Er det grunnlag for denne frykta?

Eller er det dei med idealistis­k verdiorien­tering som har rett når dei meiner at me i rike Noreg har plikt til å hjelpe folk i nød og at desse uansett vil vaere ein viktig samfunnsre­ssurs og skape eit kulturelt rikare land? Svara her vil med stor sannsynleg­heit henge saman med graden av kulturell kapital.

ACER viser den store skepsisen til EU som fins i store samfunnsla­g. Mange fryktar at ein stor avstand til politiske beslutning­ar blir enno større ved at dei blir flytta «ut av landet». Og korleis kan den tradisjone­lle høgre/venstre-aksen bidra til å forklare at H, Frp, V, MDG og Ap stemte for, medan Raudt, SV, KrF og Sp stemte mot? Det politiske kartet ser ikkje ut til å stemme heilt med terrenget her.

Ny akse gir eit nytt kart

Hvis me legg til side den tradisjone­lle høgre/venstre-aksen og sorterer våre politiske parti etter kulturellk­apital-aksen, anar me eit anna politisk landskap. Då ser me at Sp, KrF og Frp finn store deler av sine veljarbase i den eine enden av kulturellk­apital-aksen og at SV, Raudt, V og MDG finn nesten alle sine veljarar i den andre enden. Her finn me også Høgre sin tradisjone­lle veljarbase – urbane, verdikonse­rvative grupper med høg kulturell kapital.

Dette nye kartet viser oss også at dagens regjering har kulturellk­apital-skiljet skjaerande tvers gjennom seg. Det borgarlege prosjektet er avhengig av å forene Høgre sin tradisjone­lle veljarbase med Frp sin veljarbase, to grupper med tilnaerma diametralt motsatt sosiologis­k profil. Det som foreiner desse ytterpunkt­a i den borgarlege koalisjone­n ser ut til å vere det liberalist­iske «Kysthøgre».

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway