Aftenposten

Kronikken

-

Arbeiderpa­rtiet trenger et ideologisk ankerfeste for å holde stand. 8. april skriv dei: «Det er fint at laerer Simon Malkenes sier ifra om uro i klasseromm­et, men ikke bruk oss elever som virkemidde­l». Men korleis kan ein snakke om uro i klasseromm­et, utan å snakke om elevane? Er det laeraren som lagar bråk, kanskje? Det er elevane som står bak dette bråket, og skildringa Malkenes har av denne eine timen, er med stort sannsyn dekkjande for mange av timane i dette faget. Det har eg eigne erfaringar med: Eg går i VG2, og i den eine klassen min er situasjone­n til dels lik den Malkenes skildrar. Her er ei oppsummeri­ng frå ein vanleg time:

A, B, C og D snakkar høgt saman. E og F sit på Facebook medan dei snakkar om alt anna enn faget. G, H og I har ikkje møtt opp til timen. J og K må hente bok, for den har dei sjølvsagt ikkje med til timen. Fire av 30 elevar jobbar, og me får ikkje konsentrer­t oss. Laeraren hysjar, men blir ignorert.

Fungerer ikkje

Dømet mitt og dømet til Malkenes er berre to av fleire tusen døme, og dei viser det grunnleggj­ande problemet i mange vidaregåan­de skular: at fritt skuleval ikkje fungerer. Men dette skal ikkje Malkenes få snakke om, for det at han har ytra seg, vil få konsekvens­ar for han. Skulen har nemleg «starta ein prosess», noko som kan føre til at han får ei munnleg åtvaring eller mistar jobben. Er det verkeleg sånn at laerarar i den norske skulen ikkje har lov å fortelje om problema i ein klasse utan å risikere å få sparken? I Noreg har me ytringsfri­dom, og det er denne Malkenes har nytta seg av i dette tilfellet. Han står fritt til å ta opp problem som dette utan at kjenslene til elevane, som er bakgrunnen for historia til Malkenes, skal få konsekvens­ar for han. Viss elevane føler seg krenka av skildringa av eiga oppførsel, er det faktisk dei som må skjerpe seg!

 ?? FOTO: SKJERMDUMP NRK ?? Er det verkeleg sånn at laerarar i den norske skulen ikkje har lov å fortelje om problema i ein klasse utan å risikere å få sparken? spør Herdis Auestad Nergard (17).
FOTO: SKJERMDUMP NRK Er det verkeleg sånn at laerarar i den norske skulen ikkje har lov å fortelje om problema i ein klasse utan å risikere å få sparken? spør Herdis Auestad Nergard (17).
 ??  ?? Herdis Auestad Nergaard (17)
Herdis Auestad Nergaard (17)

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway