Aftenposten

Titler som kaster lys over den svenske samfunnsde­batten

Jan Inge Sørbøs Nynorsk litteratur­historie er blitt eit tungt argument for meir nynorsk i skulen og dei store riksavisen­e.

- Atle Christians­en

Boka er blitt på 680 sider og veg 2,2 kilo. Ho er så tung og uhandterle­g at du får trena både underog overarmsmu­sklar, tankar og kjensler når du sit og les.

Forfattare­n Jan Inge Sørbø (63) er professor ved Høgskulen i Volda, har vore redaktør av Syn og Segn (1993–1997) og skrive fleire omfangsrik­e og grundige bøker om ulike forfattara­r.

Det store spørsmålet er sjølvsagt kva vi skal med ei litteratur­historie som berre dreiar seg om nynorsk litteratur frå 1850 til 2015. Vert ikkje nynorsken fort skulda for å vere saer nok om han ikkje skal isolere seg i si eiga historie?

Strategisk bok

Sørbø legg brett på å vise korleis nynorsk litteratur utgjer ein tradisjon som både er i takt og utakt med resten av litteratur­en her i landet. Men svaret på kvifor denne boka kjem no, trur eg også ligg i taktiske vurderinga­r dei har gjort seg i Samlaget.

Nynorske forfattara­r vinn stadig fleire lesarar, ikkje fordi dei skriv på nynorsk, men fordi dei skriv djuptfølte og godt tenkte bøker som betyr mykje for lesarane. Samtidig ser nynorsken ut til å tape kampen i skule og media.

Sjølv om det er blitt vanleg med artiklar på nynorsk både i VG og Aftenposte­n, er det framleis ingen fast tilsette journalist­ar som regelmessi­g skriv nynorsk i dei avisene. Og det vi tidlegare rekna som etablerte og kulturelt innvigde politiske parti, har byrja å murre om at nynorsk skal ha mindre plass i den norske skulen.

Saerpreg er ikkje saert

Eg meiner det er ein god idé med denne boka no. Ho aktualiser­er nynorsk litteratur, trekkjer fram ein viktig del av den norske litteratur­og samtidshis­toria og vert eit argument for meir nynorsk i alle kanalar.

Vi har dessutan allereie sakprosahi­storier og kvinnelitt­eraturhist­orier. Dei bøkene gjer kan hende kvinner og sakprosa til noko saert, men løftar også fram dei saerprega kvinner og sakprosa represente­rer i litteratur­en. Og saerpreg er ikkje saert.

Gamle heltar

Sørbø etablerer ikkje noka ny høvdingrek­kje av nynorske forfattara­r, men forklarer godt og skriv levande om kvifor Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg og Kristofer Uppdal, Tarjei Vesaas og Aslaug Vaa med fleire er blant dei fremste forfattara­ne i dette landet.

Og dei er altså ikkje fremst for- di dei er norske og skriv nynorsk, men fordi dei er internasjo­nalt orienterte og skriv godt. På ulike måtar var dei nyskapande i si tid, og i vår tid er dei klassikara­r.

Tradisjone­ll form

Nynorsk litteratur­historie er blitt ein tradisjone­ll litteratur­historie med innførande kapittel om ulike periodar etterfølgd av forfattarp­resentasjo­nar. Som vanleg er med litteratur­historier, vel forfattare­n å vere meir varsam dess naermare han kjem notida.

Det hadde ikkje vore nødvendig. I sine tidlegare bøker har Sørbø grundige analysar og vurderinga­r også av nyare forfattars­kap. Dei analysane er framifrå utgangspun­kt for nye drøftingar og utprøvande og opnande samanlikni­ngar, til dømes av Edvard Hoem og Alfred Hauges utvandrarb­øker.

Gammal essaydefin­isjon

Eg er også litt skuffa over at ei nynorsk litteratur­historie frå 2018 ikkje har gjort meir ut av den essayistis­ke linja i nynorsklit­teraturen.

Essay vert omtalt, men etter dei definisjon­ane av essayet som Georg Johannesen og hans elevar etablerte ein gong i 1980-åra. Nyare perspektiv på essayet, til dømes frå Leif Longum og det store forskingsp­rosjektet Norsk Sakprosa rundt midten av 1990-åra, er det ikkje tatt omsyn til.

Essayvekst­en etter føregangss­kribentar som Jon Hellesnes og Hans Skjervheim blir nemnd, men ingen av dei blir skikkeleg innlemma i litteratur­historia.

Og essayisten Solveig Aareskjold er ikkje eingong omtalt i ein notis i boka. Essayistan­e er liksom noko anna enn nynorsk litteratur­historie.

Men kva betyr essayistan­e til dømes for den språklege vendinga utover 1980-åra, når forfattara­ne sluttar å skive om saka til fordel for saksframst­illinga? Korleis heng den nye språktvile­n saman med litteratur om litteratur, og etter kvart litteratur om den som skriv og det som må kallast den biografisk­e vendinga?

Alle skal med

Dessverre har Sørbø også tenkt sosialdemo­kratisk; alle skal med.

Det gir fleire summariske og tynne avsnitt om fødselsår, debut og andre utgjevinga­r.

Nokre av desse er plasserte som eigne faktablokk­er ved sida av brødtekste­n. Ekstra ugreitt blir dette viss enkelte av dagens forfattara­r likevel ikkje er med, verken i brødekst eller faktabolka­r.

Kvinner fremst

Sørbø skriv levande og engasjert om forfattara­ne han bruker plass på, til dømes klassikara­ne som eg alt har nemnd. Eit viktig poeng i denne boka, er dei mange kvinnene han trekkjer fram.

«Kvinner stod ikkje bak, men fremst», skriv Sørbø. Dei to første nynorskdik­tarane etter Aasen var kvinner, Bernhardin­e Catherine Brun og Aasta Hansteen. Sistnemnde var også kjent som bildekunst­ar og den første kvinna etter Camilla Collett som debatterte kvinnerett­ar.

Sørbø legg også vekt på ein brei presentasj­on av Aslaug Vaa. Til liks med Tarjei Vesaas var ho internasjo­nalt orientert, og Sørbø viser korleis ho og Vesaas tidleg føregrip skrive- og tenkjemåta­r som først vart vanlege her i landet etter krigen.

Kapittelet om Gro Holm (1878– 1949) set søkjelyset på ein forfattar vi vanlegvis ikkje høyrer så mykje om. Saman med oppvurderi­nga av Vaa, Sjur Bygd og Henrik Rytter, er kanskje ho blant dei mest gløymde eller gøymde forfattara­ne Sørbø trekkjer fram.

Klassisk forfattar

Trass i innvending­ane over, er dette blitt ei oversiktle­g og leseverdig bok. Sørbø er ein klassisk litteratur­tolkar, skulert i litteratur­vitskap, historie og kristendom. Samtidig er han fri nok til å utnytte generell historie, ånds- og idéhistori­e og biografisk stoff når han tolkar litteratur.

Dermed vert boka lett og ledig. Sørbø har ingen utvald litteratur­teori han skal bevise, ingen bestemt teori som definerer alle bøker. Det er ikkje blitt ei bok berre om litteratur, men om norsk ånds- og idéliv i denne perioden.

Store og små flater

Sørbø kan knapt skrive ei setning utan å laere noko frå seg, og han går heller ikkje av vegen for å presentere fyndord om trendar i samtida undervegs: «Å leva utan å få alt ein vil ha, er ei god øving i livskunst som vi kanskje ikkje forstår oss på, fordi vi ikkje eingong greier å leve med alt vi har.»

Eit kjenneteik­n ved skrivemåte­n hans er elles at han straks forklarer alle nemningar og filosofar han nemner i den løpande teksten. Men sjølv Sørbø kan slurve, og i denne boka vert han innimellom innforståt­t når han nemner filosofar og enkelte omgrep, sjølv om faktabolka­ne gjerne kjem med forklaring­ar etter nokre sider.

Sørbø er god både på store og små flater. Han trekkjer opp dei store rissa, bruker eksemplari­ske døme og kan gå heilt ned på detaljnivå i tekstane. Analysane imponerer med eleganse og presisjon. Og han treng berre 10–12 linjer til å forklare Georg Brandes, Marcus Monrad og det moderne gjennombro­t. Det er pedagogikk og opplysning­sarbeid på sitt beste.

Knapt nokon andre kunne ha skrive denne boka.

 ?? FOTO: AGNETE BRUN/SAMLAGET ?? Jan Inge Sørbø er god både på store og små flater. Han trekkjer opp dei store rissa, bruker eksemplari­ske døme og kan gå heilt ned på detaljnivå i tekstane, skriv meldaren om Nynorsk litteratur­historie.
FOTO: AGNETE BRUN/SAMLAGET Jan Inge Sørbø er god både på store og små flater. Han trekkjer opp dei store rissa, bruker eksemplari­ske døme og kan gå heilt ned på detaljnivå i tekstane, skriv meldaren om Nynorsk litteratur­historie.
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? Tarjei Vesaas (1897–1970)
Tarjei Vesaas (1897–1970)
 ??  ?? Edvard Hoem (1949–)
Edvard Hoem (1949–)
 ??  ?? Haldis Moren Vesaas (1907–1995)
Haldis Moren Vesaas (1907–1995)
 ??  ?? Arne Garborg (1851–1924)
Arne Garborg (1851–1924)
 ??  ?? Aslaug Vaa (1889–1965)
Aslaug Vaa (1889–1965)
 ??  ?? Ivar Aasen (1813–1896)
Ivar Aasen (1813–1896)
 ??  ?? Marie Takvam (1926–2008)
Marie Takvam (1926–2008)
 ??  ?? Kristofer Uppdal (1878–1961)
Kristofer Uppdal (1878–1961)
 ??  ?? Gunnhild Øyehaug (1975–)
Gunnhild Øyehaug (1975–)
 ??  ?? Frihetens mødre
Frihetens mødre

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway