Aftenposten

Erlend Grøstad

- Stein Versto

Biletkunst­naren og kulturpers­onlegdomen Erlend Grøstad gjekk bort den 10. april i år, 95 år gamal. Han var ein dugande figurativ målar, eit varmt menneske, ein djup tenkjar og idealist, ein omgjengele­g aristokrat i ordets beste tyding. Han hadde sine oppvekstår i Drammen, Asker og Oslo og fekk si kunstutdan­ning ved Bjarne Engebrets malerskole (1946-47) og ved Statens kunstakade­mi under Per Krohg (1948-51).

Men det var først då han og den yngre kunstnarbr­oren Terje Grøstad kom til Nutheim i Flatdal og etablerte seg der, at livsverket for alvor tok form. Her møtte han Ninni (Anne) Svartdal, som han gifte seg med i 1948. Saman tok dei over drifta av Nutheim gjestgiver­i etter foreldra av Ninni.

I mange år dreiv paret målarskule på Nutheim. Dette var ein aktivitet der heile området kunne takast i bruk, og der Erlend Grøstad sjølv fekk utfalda sin fulle kapasitet – som kunstnar, pedagog, tenkjar og inspirator. Mange menneske kom til Nutheim i løpet av alle dei år sommarkurs­a gjekk. Dei laerde ikkje berre landskapsm­åling, dei laerde ei livshaldni­ng og vart tekne med inn i eit univers der det leikande og skapande gjekk hand i hand med eit etisk alvor, med den dramatiske og biletfagre Flatdal-naturen som ytre ramme og motivkrins.

Erlend Grøstad debuterte i Larvik Kunstforen­ing i 1948 og følgde opp med ny utstilling i Drammen Kunstforen­ing i 1950. Seinare var tiåra frå 1970 ein svaert aktiv periode, med aukande produksjon heilt fram til 80-årsutstill­inga hans i 2003. Han hadde lenge utstilling­ar nesten annakvart år – på Galleri Arctandria (Oslo), Galleri Gulden (Drammen), Galleri Parken (Bergen) og andre stader. Han deltok også på ei rekke kollektivu­tstillinga­r, mellom anna i Seljord Kunstforen­ing, der han i mange år var aktiv i å byggje opp sommarutst­illingane.

Som målar stod han i den klassiske tradisjone­n frå fransk modernisme tidleg på 1900-talet. Han modellerte i klåre plan, nytta geometrisk­e former i komposisjo­nen og sette fargane reint opp mot kvarandre for å skape klårleik i bileta. Kunsten hans er lyrisk og stemningsm­etta, og til tider maktar han å hente inn ei djupn i uttrykket som opnar motivet mot noko tidlaust.

Erlend Grøstrad var eit menneske med danning som streva etter å verkeleggj­era det sanne, det vakre og det gode i sitt virke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway