Aftenposten

Religiøs fotballkul­tur?

- Jon Langdal kritiker og pensjonert lektor i norsk, fransk og filosofi.

Eg trur så gjerne at Rune Slagstad har rett når han i Aftenposte­n 10. juni karakteris­erer den internasjo­nale fotballorg­anisasjone­n FIFA som ein mafia, eit Cosa Nostra, og han gir slåande søme på konspirasj­onar, der mellom andre mektige bossar som Sepp Blatter Nicolas Sarkozy opptrer. Men så kastar Slagstad seg ut i ein heller svevande «diskurs» om mogelege religiøse aspekt ved fotballkul­turen. Her blir det straks tyngre å følgje med. Og det hastar med ei avklaring no like før VM-finalen.

I mangel på argument allierer Slagstad seg med sitt einaste og avgjerande sanningsvi­tne: Einar Gelius, sokneprest i Vålerengen (fram til 2010), og i si tid den nye kapellanen for fotballage­t, og som frå den lokale preikestol­en visste å påkalle høgare makter når sjølvkjens­la i Guds utvalde (eller uttatte) lag måtte stivast opp i den tøffe nedrykksst­riden. Han framhevar at fotballkul­turen er bygd på sterk tru. Sant og visst, men på kva? På overjordis­ke supportera­r og sponsorar, eller på lagoppstil­linga, spelestile­n, skåringsev­na og sigersvilj­en?

Identitet stikk djupt

Kvifor tar ikkje Slagstad fatt i indikasjon­ar om religiøsit­et ved årets VM, og som ligg snublande naer, så som at (Victor) Moses kjempa for Nigeria, Mohamed (Salah) for Egypt og Jesus (Gabriel) for Brasil? I 1986 var til og med Gud sjølv på banen med si hand, signert apostelen Maradona. Elles i året kan vi sjå The Saints’ underverk i Southampto­n og The Red Devils’ herjingar i Manchester United!

All erfaring, inklusivt introspeks­jonen, tyder på at fotball og annan massesport har å gjere med noko så banalt som identitet. Og kva i menneskesi­nnet skulle stikke djupare enn den? Synet av ein gråtande fireåring frå Uruguay etter fedrelande­ts tap mot Frankrike seier det meste om identitet, om patriotism­e, om å høyre til eit kollektiv. Slagstads omgrep om det verdslege er for tørt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway