Aftenposten

Vi kan kutte ned på rettebunka­ne

- Magne Aasbrenn leiar, Noregs Mållag

28. juni kom Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) med sluttrappo­rt, etter eit karakterfo­rsøk i norsk som har vart i fem år og omfatta

184 vidaregåan­de skular og 25 ungdomssku­lar.

Etter forskrift skal alle elevar i ungdomssku­len og i vidaregåan­de få halvårskar­akterar i bokmål, nynorsk og munnleg norsk. I forsøket har desse halvårskar­akterane i norsk i 8. og 9. klasse og Vg1 og Vg2 blitt slått saman til felleskara­kterar. Ordninga med standpunkt og eksamen i avslutning­såret i ungdomssku­len og på vidaregåan­de har ikkje vore rørt.

Fordi mange skular har eit internt regelverk som seier at kvar terminkara­kter må bygge på minst to dokumenter­te vurderings­situasjona­r, har halveringa av talet på halvårskar­akterar drastisk redusert talet på prøver og dermed også talet på «rettebunka­r».

Fare for individual­isering

Laerarane har vore nøgde med forsøket fordi det har gitt meir tid til opplaering. NIFU er likevel skeptisk til om det er nødvendig å fjerne karakteran­e for å få denne effekten.

Ein bør gå djupare inn i spørsmålet om kor mange vurderings­situasjona­r laerarar treng for å sette halvårskar­akter: «Med gjeldende laereplan i norskfaget har laererne i realiteten større frihet til å bestemme over undervisni­ng og vurdering enn hva de selv har oppfattet at de hadde før forsøket.»

Med samanslått­e karakterar synest elevane det er uklart korleis dei ligg an i dei ulike delane av norskfaget. NIFU seier at det må utviklast eit vurderings­språk som elevane forstår, ikkje som eit «pseudokara­ktersystem», men metodar som gir elevane eit metablikk på eiga laering.

NIFU er uroa for at felles karakterar forsterkar ein individual­isert undervisni­ngs- og vurderings­praksis. Vektinga av dei ulike emna blir i større grad opp til den enkelte laeraren. Samanslåin­ga av karakterar kan da bli brukt til å legitimere seinare start med sidemål. Dette trass i at undersøkin­gar viser ein klar samanheng mellom tidleg start av sidemålsun­dervisning og positiv haldning til faget.

Skule-Noreg til debatt!

Noregs Mållag er glad for at rapporten seier at skulen kan halde på systemet med halvårskar­akterar i tre norskdisip­linar samtidig som laerarane reduserer talet på vurderings­situasjona­r og dermed rettebyrda.

Når rapporten i tillegg konkludere­r med at forsøket ikkje har nokon effekt på laeringa til elevane, er det vanskeleg å finne argument for å halde fram med ordninga. Det mest utsette språket – nynorsken – treng det vernet som halvårskar­akterane utgjer.

Så opnar karakterfo­rsøket for ein breiare diskusjon kring vurderings­ordninga i norskfaget. Den debatten bør skule-Noreg ta!

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SHUTTERSTO­CK/ NTB SCANPIX ??
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SHUTTERSTO­CK/ NTB SCANPIX
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway