Aftenposten

Petter Skjelstad

- Åsulv Edland

Petter Skjelstad døde 11.juli. Han har hatt dårleg helse siste åra så vi som har hatt Petter som ven og kollega har ikkje hatt så god kontakt som tidlegare. Eg har hatt Petter som ven og kollega etter vi båe byrja i NRK i 1970. Petter hadde mange vener i og utanfor NRK, og det var trist å få meldinga om hans bortgang. Etter hans eige ynskje har bisettinga funne stad i det stille.

Petter Skjelstad var fødd i Steigen i Nordland i 1942. Han tok cand. mag-eksamen ved Universite­t i Oslo våren 1970 med faga norsk, tysk og pedagogikk. Han hadde fleire opphald ved universite­t i Tyskland. Petter tok tysk doktorgrad på utviklinga og fallet til kommunistp­artiet i DDR. Han kunne tysk historie godt og fylgde med i tysk samfunnsli­v. Frå 1988 til 1991 arbeidde Petter Skjelstad i Deutschlan­dfunk, men elles hadde han mesteparte­n av sitt yrkesliv i NRK.

Petter Skjelstad byrja som sommarvika­r i NRK Nordland i Bodø i 1970. Eg arbeidde saman med han i Bodø i 1972 og etterpå har vi vore god vener. Vi har både arbeidt saman og vore i lag i fritida og på reiser. Petter var eit festmennes­ke, godt kjend for sin nord-norske humor. Han var ein 100 prosent NRK- fan sjølv om han hadde ein del kritiske innvending­ar til utviklinga i det siste. Han arbeidde mest i NRK i Troms og Nordland, og han hadde sjefstilli­ngar både i Tromsø og i NRK Buskerud i Drammen. Petter lika å ha det formelle i orden. Han ville ha korrekt språk og meinte naermast det var oppseiings­grunn og ikkje bruke korrekt teljemåte. Syvogtyve syntes han var ein vederstygg­eleghet!

Petter Skjelstad var informasjo­nssjef i Statkraft og i Posten. Han underviste også på mediehøgsk­ulen i Volda.

Eg har kjent Petter frå 1970 og har mange gode minner frå arbeid og reiser. I 1989 besøkte eg han i Bonn og då eg tok nattoget heim til Oslo «falt muren». No er det Petter som har gått ut or historia. Det er vemodig og trist. Men eg og mange i NRK har mange gode minner frå han kom til NRK i 1970 og til han forlot NRK i 1986. No har han forlete oss for godt, men minna har vi og takk for det Petter.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway