Aftenposten

Colombiana­rane støttar fredsavtal­en

- Helga Malmin Binningsbø PRIO Marianne Dahl PRIO Håvard Mokleiv Nygård PRIO Abbey Steele Universite­tet i Amsterdam Michael Weintraub Universida­d de los Andes, Bogota Elisabeth Mjøs fung. TV-sjef i NRK

Tron Ljødal hevdar at eit problem med Noreg sitt engasjemen­t i Colombia er skilje mellom «[den diplomatis­ke konsensuse­n]» om forhandlin­gane og opinionen i landet. Sjølv om internasjo­nal støtte er viktig, er støtte frå folket avgjerande i følgje Ljødal. Dette synet deler me. I motsetnad til Ljødal meiner me fredsprose­ssen i Colombia har støtte frå folket. I desember 2017 spurte me 1424 personar i Tumaco og Mesetas om kva dei tykte om sentrale punkt i fredsavtal­en. Dei uttrykte overveldan­de støtte.

Tumaco og Mesetas var ikkje tilfeldig valt. Båe kommunar er sterkt prega av den over femti år lange konflikten i Colombia. Om nokon skulle ha grunn til å mislike fredsavtal­en, burde det nettopp vera folk i Tumaco og Mesetas. Likevel, i båe kommunar uttrykkjer det store fleirtalet av respondent­ane stor støtte til fredsavtal­en.

Dette såg me òg i folkerøyst­inga om avtalen i oktober 2016. Eit ørlite fleirtal røysta i mot avtalen. Størst var motstanden til avtalen i område som for det meste ikkje har vore direkte råka av konflikten. I områda hardast råka av konflikt røysta derimot fleirtalet for.

Igjen syner forskinga vår, som vart finansiert av Utanriksde­partemente­t og UNDP, det same. Dei som er hardast råka av konflikten er mest positive til fredsprose­ssen og fredsavtal­en. Sjølv blant dei som rapportere­r å ha opplevd traumatisk­e hendingar slik som drap eller forsvinnin­gar i naer familie, er støtta til avtalen høg.

Mykje arbeid står att i Colombia. I dette bør Noreg halda fram som ein viktig støttespel­ar, for colombians­ke styresmakt­er òg for dei internasjo­nale og lokale organisasj­onane som gjer ein heilt avgjerande innsats i landet. Colombiana­rane støttar i det store og heile fredsavtal­en, men på sikt vil denne støtta vera avhengig av at folk faktisk ser at ting vert betre. på NRK2 idet de faste nyhetssend­ingene begynte på NRK1. Heldigvis er det sjelden at dette skjer – sist gang var i mars.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway