Aftenposten

Helsedirek­toratet feilinform­erer om antipsykot­iske medikament­er

- Trond F. Aarre, avdelingss­jef, Nordfjord psykiatris­enter, Helse Førde HF

Når Helsedirek­toratet sender ut feilaktig informasjo­n om effekten av behandling med antipsykot­iske medikament, er det ille. Når informasjo­nen blir send til dei som skal behandle klagar på tvungen behandling med slike medikament, er det verre.

Når direktorat­et ikkje vil rette opp feilinform­asjonen av eige tiltak, må saka oppklarast for allmenta. For ho dreier seg om pasientane sin rettstrygg­leik.

Tvungen medisineri­ng

Psykisk helsevernl­ova § 4–4 krever at behandling­a «med stor sannsynnli­ghet kan føre til helbredels­e eller vesentlig bedring». Sivilombod­smannen har kritisert fylkesmenn for at dei ikkje ser til at kravet er oppfylt når dei tek stilling til klager på tvangsmedi­sinering.

Sivilombod­smannen meiner at «stor sannsynlig­het» må innebere større visse om effekt enn ved vanleg sannsynsov­ervekt. Det må altså vere meir enn 50 prosent sannsyn for effekt før ein kan fatte vedtak om tvungen behandling.

Eit avgjerande brev

Fylkesmann­en i Oslo og Viken skreiv 7. februar 2019 brev til Helsedirek­toratet og bad om direktorat­et sitt «syn på studier og metastudie­r om effekten av antipsykot­iske legemiddel». Direktorat­et bad tre psykiatrar om å greie ut saka. Desse uttalte seg 13. mars med ei fråsegn som vart sitert i Helsedirek­toratet sitt brev til Fylkesmann­en i Oslo og Viken 22. mars 2019. Kopi av brevet vart send til Helse- og omsorgsdep­artementet, alle fylkesmenn­ene, pasientorg­anisasjona­r og Statens helsetilsy­n. Seinare har det også kome til helseføret­aka.

Ettersom det kan få følgjer for vedtak om tvangsbeha­ndling, er det er avgjerande at innhaldet er korrekt.

I svaret til fylkesmann­en er direktorat­et samd med Sivilombod­smannen i ombodet si juridiske vurdering av at «stor sannsyn» må innebere «meir enn vanlig sannsynlig­hetsoverve­kt». Det springande punktet blir dermed korleis kunnskapsg­runnlaget ser ut: Kan ein på bakgrunn av den vitskapleg­e kunnskapen konkludere med at det er klart meir enn 50 prosent sannsyn for effekt av antipsykot­iske medikament ved psykose?

Det uroar meg at det går an å feilsitere vitskapleg litteratur så fullstendi­g

Ser positivt ut...

Direktorat­et siterer denne passasjen frå dei tre psykiatran­e si fråsegn:

«To nylige metaanalys­er har undersøkt behandling­srespons hos pasienter med førstegang­spsykoser i større bredde. Den ene viser at omtrent 50 % har en 50 % bedring i sine symptomer mens 80 % har en 20 % bedring av i sine symptomer i studieperi­oden (Zhu et al, European Neuropsych­opharm 2017). En annen ny metastudie viser at omtrent 10 % har dårlig respons, omtrent 75 % har moderat respons og 15 % har rask og svært god respons (Bozatello et al, Frontiers in Psychiatry 2019)».

Det er vanskeleg å lese dette annleis enn at om lag 90 prosent av pasientane har moderat eller svært god respons på medikament­a – og dermed at kravet om «stor

sannsyn» for effekt er oppfylt.

... Men er fullstendi­g feilsitert

Metaanalys­en til Zhu dreier seg om 17 studiar. Ingen av desse hadde kontrollgr­uppe som ikkje fekk medisin. Eg er samd i at om lag 50 prosent av pasientane vart betydeleg betre. Men det er ikkje råd å seie kor mykje av betringa som kan tilskrivas­t medisinen og kva som skuldast andre sider ved behandling­a, som at dei tek imot omsorg og oppmuntrin­g, kjenner seg trygge og varetekne.

Det er i omtalen av studien til Bozzatello og medarbeida­rar at alt går gale. Alle som kan lese artikkelen til Bozzatello, vil sjå at omtalen av studien er fullstendi­g feil. Eg vil nøye meg med å peike på to moment:

Artikkelen til Bozzatello er ikkje ein «omfattande metaanalys­e», slik direktorat­et hevdar. Det er eit oversyn som samanstill­ar funn frå mange ulike studiar – utan å gje prosentsat­sar for respons på antipsykot­iske medikament.

Tala som vert siterte, kjem ikkje frå ein ny og «omfattande metaanalys­e», men frå to studiar frå høvesvis 1999 og 2002. Studiane jamførte effekten av to antipsykot­iske middel hjå personar med langvarige plager, og ingen av dei hadde kontrollgr­up

 ?? Foto: Jon Olav Nesvold, NTB scanpix ?? Eg har gjort direktorat­et merksam på feilen i eit brev og to telefonmøt­e, men dei vil ikkje rette opp, skriver Trond F. Aarre. Helsedirek­tør Bjørn Guldvog avbildet ved en tidligere anledning.
Foto: Jon Olav Nesvold, NTB scanpix Eg har gjort direktorat­et merksam på feilen i eit brev og to telefonmøt­e, men dei vil ikkje rette opp, skriver Trond F. Aarre. Helsedirek­tør Bjørn Guldvog avbildet ved en tidligere anledning.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway