Aftenposten

Det handlar ikkje om Ejlert og André Bjerke

-

I Aftenposte­n 30. mars har forfattara­ne av På æren løs, Kjartan Fløgstad, Tore Rem og Espen Søbye, eit nytt innlegg om Forfatterf­oreningens æresrett. Det er to ting eg ønskjer å ta tak i.

For det fyrste heiter det at æresrettsu­tvalet knapt gav «uttrykk for fortolking­smessig tvil». I konklusjon­en vår heiter det at historiske forhold kan forklara, men ikkje rettferdig­gjera, og difor er vi kritiske til æresretten si verksemd. Vi har altså ein klar konklusjon, men den er ikkje unyansert, fordi vi forstår at æresretten var verksam i ei vanskeleg tid.

For det andre spør Fløgstad, Rem og Søbye igjen: «Mener utvalget virkelig at det å utføre anonyme oversettel­ser for landets verste naziforlag, var beskyttet av ytringsfri­heten?». Vi har ikkje svart på spørsmålet, fordi det tek merksemda bort frå det som er vesentleg på to måtar.

Kva Ejlert og André Bjerke enn må ha gjort seg skuld i, så hadde dei krav på at dei vert stilt til ansvar for sine gjerningar på ein måte som gjorde at saksfakta kom på bordet og vert utsett for kritisk gransking. Dette gjeld alle typar prosessar som kan enda med tap av rettar, òg ein prosess for ein æresrett. Det var ikkje tilfellet. Det er det æresrettsu­tvalet har vore kritisk til.

Men æresretten handlar ikkje om Ejlert og André

Bjerke. Den handlar om individ som vart stilt til ansvar for sine handlingar og ilagt sanksjonar utan 1) at prosessen gjorde det mogeleg å få fram og kritisk vurdera saksfakta, og 2) utan at ein hadde grunnlag for sanksjonan­e som vart ilagt.

Æresrettsu­tvalet gjekk ikkje inn i einskildsa­ker. Arkivmater­ialet vi studerte gav ikkje grunnlag for det. Arkivmater­ialet gav likevel grunnlag for å vurdera prosessen for æresretten, og den har vi kritisert, trass i at vi er merksame på dei spesielle historiske forholda og den kunnskapen som er formidla i På æren løs.

Dette handlar ikkje om juridiske petitessar. Det handlar om rettsstat. Rettsstats­medvit er ikkje eit nytt fenomen. Æresretten si verksemd var likevel for lite prega av det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway