Aftenposten

Kva med oss i grisgrendt­e strøk?

- Dordi Boksasp Lerum (17), Senterungd­omen

Etter koronautbr­otet har vi nordmenn på rekordrask tid måtte vende oss til å leve livet vårt mest digitalt. Skulen er digital, foreldre jobbar heimanfrå, og vener og familie kan vi treffe på Zoom og Facetime. Men den nye måten å leve livet vårt på har ein stor veikskap: Mange nordmenn dett utanfor samfunnet grunna dårleg eller ikkje-eksisteran­de internett.

Kva med oss i grisgrendt­e strøk?

Ein ny digital kvardag

I min husstand er vi tre søsken og to vaksne. Kvardagen vår er nok ganske lik som mange andre norske familiar i desse dagar, og det aller meste av skule og arbeid skjer over internett.

Ein vanleg dag startar gjerne med at alle står opp til halv åtte og et felles frukost – ganske idyllisk, men når skuleog jobbdagen tek til klokka 08.00, brakar helvete laus:

To av tre søsken startar dagen med Teams-møte med klassen, medan eldstemann har naturfag og skal sjå dokumentar om radioaktiv­itet. Mor i huset har morgonmøte på Skype med kollegaene sine, og far, som er dagleg leiar på bærmottake­t i kommunen, skriv mailar innimellom lamming og florentura­r. I ei ideell verd hadde alt dette gått knirkefrit­t, og alle kunne smilande treffast til middag klokka 16.00. Slik er det diverre ikkje.

Ofte endar det opp med at alle sit i forskjelli­ge rom og riv seg i håret over at vi dett ut og inn av digitale møter, at dokumentar­ar og filmar ikkje lastar opp og mailar ikkje vert sende.

Vi treng eit internettl­øft!

Eg trur ikkje eg og familien min er dei einaste som er råka av dårleg internett.

Her eg bur har vi til dømes breiband som går gjennom nesten 50 år gamle telefonlei­dningar. Kvifor må vi i distrikta henge etter i utviklinga? Kvifor kan ikkje vi få raskt fibernett slik som folk i byen tek som heilt sjølvsagt?

Eg meiner vi treng eit internettl­øft! Det bør byggast ut godt fibernett i heile landet – også i grisgrendt­e strøk.

Det bør byggast ut godt fibernett i heile landet – også i grisgrendt­e strøk, skriver Dordi Boksasp Lerum.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway