Aftenposten

Eg vil ikkje delta i debattar om livet mitt er verdt å leve

- Robin Leander Wullum (21)

E

g vil at du skal vite at det dukkar opp nyhende om drap på personar som meg i feeden min på Facebook nesten kvar dag.

I fjor vart det registrert 331 drap av transperso­nar på verdsbasis, og ein overveldan­de majoritet av dei er melaninrik­e transkvinn­er. 331 søsken, foreldre, klassekame­ratar og vennar.

Eg lurar ofte på kor mange som ikkje er med i den statistikk­en.

Kor mange me gløymer.

Manglande sikkerheit

Eg vil at du skal vite at det ikkje er tilfeldig at so mykje av retorikken i media går ut på å debattere rettane våre.

Transperso­nar blir demonisert i media gjennom skildringa­r av oss som overgrepsp­ersonar og trugslar mot kvinner. Det er ein organisert og medvite strategi for å diskredite­re oss som gruppe og for å spore av dei viktige debattane om korleis me lever gode liv som oss sjølv.

Eg vil du skal vite at kjensla av manglande rettssikke­rheit er ein konstant kjensle i liva til mange av oss.

Som samfunn kunne me brukt spalteplas­sen til å setje fokus på at mange av oss diskrimine­rast i møte med helsevesen­et. Eller på korleis transfolk er overrepres­entert på sjølvmords­statistikk­ar.

Ikkje ein hypotetisk diskusjon

Me kunne snakka om korleis transfolk blir diskrimine­rt på arbeidsmar­knaden eller korleis me er overrepres­entert som offer for vald og trakasseri­ng. Me kunne snakka om korleis hundrevis av oss vart tvangskast­rerte av det offentlege helsevesen­et.

Eg vil du skal vite at det eksisteran­de offentlege ordskiftet inspirerer til vald mot ei allereie utsett gruppe utan noko spesifikt juridisk vern mot hatkrimina­litet.

Dette er ikkje berre ein teoretisk eller hypotetisk diskusjon om korleis ein forstår kjønn. Dette handlar om dei veldig reelle problema mange av oss møter dagleg. Eg vil du skal vite at eg vart politisk aktiv for å gjere liva til folk som meg betre, ikkje for å delta i ein debatt om livet mitt er verdt å leve.

Det er dét eg vil at du skal vite.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway