Aftenposten

Klarer du to, så klarer du tre

- Agnes Ravatn, journalist og forfatter

Erna Solberg er ikkje imponert. Dei som før fekk to barn, får no berre eitt. Endå verre: Dei som før fekk tre barn, har bytta ut tredjebarn­et med hund. Ifølge statsminis­teren veit me ikkje så mykje om årsakene. La meg kaste inn eit forslag: Barn er slitsame, kresne, søv dårleg, tar stor plass og er pengesluk utan like.

Ein gordisk knute

Eitt eller to av den sorten går kanskje greitt, men tre? Når berre det eine av dei har sitt eige rom, det andre søv i skyvedørsg­arderoben, det tredje i ein kommode? Og kva skal ein uansett med barn ein knapt får sett, når begge foreldra arbeider fullt og reisevegen sluker store deler av ettermidda­gen?

Som trebarnsmo­r Signe Hovland Aschim skriv hos NRK Ytring: «Store barneflokk­er er for kakser, Erna.»

Kvardagen Aschim skildrar, er ein gordisk knute: Bustaden er ikkje stor nok for tre barn, men større hus er for kostbart. Å flytte lenger ut av byen er ikkje eit godt alternativ, då prisnivået har stige kraftig også der. Når det i tillegg ville innebere å fjerne seg lenger frå arbeidspla­ssen, blir det iallfall umulig.

Då er alternativ­et å flytte til ein stad med verkeleg låge bustadpris­ar og heller ta seg ny jobb. Men så er det jo som kjend ikkje slik at det nødvendigv­is kryr av relevante jobbar på landsbygda.

Her har du svaret

Korfor norske kvinner ikkje får det magiske tredje barnet? Plassmange­l, tidsmangel, pengemange­l, der har du svaret. I tillegg til at det skal noko til å rekke å få tre når ein fornuftig nok startar på barn først etter at utdanning og jobb er på plass. Og som Aschim skriv: «Med et tredje barn får jeg låne flere hundre tusen mindre enn med to barn.»

Men også gordiske knutar har si løysing. Samtidig som Solberg i samband med perspektiv­meldinga endå ein gong la fram si bekymring om framtidas mangel på hender (bør ikkje uansett robothende­ne vere på plass i god tid før 2060?), blei konseptet «flytterett til eigen jobb» lansert.

Meir konkret var det heile Noregs distriktsp­sykopat Alfred Bjørlo som til VG føreslo å gjere arbeidssta­d frivillig for statstilse­tte. «Det er ingen gode argumenter for at en som ønsker å flytte til distriktet, men som jobber i et statlig direktorat, må si opp jobben sin når det er fullt mulig å jobbe virtuelt», som Stad-ordføraren seier.

Samme dag gjekk Høgres toppkandid­at i Nordland Bård Ludvig Thorheim til NRK med eit identisk forslag: «Bruken av digitale verktøy har vist oss at man kan utføre arbeidet fra ulike steder. Tiden hvor statlige arbeidspla­sser er knyttet opp til en bygning i Oslo med rådyr husleie er forbi».

Distrikts- og digitalise­ringsminis­ter Linda Hofstad Helleland (H) respondert­e med straks å røpe at regjeringa alt er i gang med å realisere «Operasjon flytterett». Helleland seier at arbeidstak­arar bør kunne kreve at ein kan ta den statlege arbeidspla­ssen sin ut av storbyen og inn til distrikta.

Verken andre parti eller fagforeini­ngar ser ut til å ha innvending­ar mot forslaget. Men kor sannsynleg er det at nokon faktisk vil flytte?

Ein stor lettelse

Fruktbarhe­ita er synkande over heile landet, også i distrikta ”

Som Aftenposte­ns kommentato­r Andreas Slettholm skriv, er det no ein gong slik at Oslo, Bergen og Trondheim har kvalitetar utover arbeidsmar­knaden. Men òg at arbeid har mindre å seie for nordmenns flyttemøns­ter enn før, mens omsyn til familie og bumiljø betyr meir, ifølge studier.

For min eigen del slo ikkje tanken på å forlate Oslo meg før eg fekk barn. Å hoppe av den galopperan­de prisutvikl­inga i hovudstade­ns bustadmark­nad var ein stor lettelse.

Det einaste aberet var at mannen min hadde ein kjekk og givande jobb på Stortinget, og prisen å betale for å dyrke det gode livet på landet var å vinke farvel til den jobben.

Han gjorde det likevel, utan noko nytt å gå til, og me kjøpte huset me alt hadde prøvebudd eit halvt års tid mens han var i pappaperm.

Den store forskjelle­n er sjølvsagt armslaget. Store nok hus med store nok hagar, enkel tilgang til sjø, fjell og skog og tilgang på barnepassa­nde besteforel­dre. Og med fare for å provosere i ei for svært mange fortviland­e tid:

Var det ikkje for at det er på nyheitene, er eg ikkje sikker på kor mange her i bygda som ville hatt den fjernaste aning om at det pågår ein pandemi.

Sjokkdigit­alisering

Det er heva over tvil at det siste års sjokkdigit­alisering har endra arbeidsliv­et for alltid for dei av oss som vanlegvis sit på eit kontor. Vil digitalise­ringa også påverke flyttemøns­teret?

For å ta eit land det ikkje alltid er like naturleg å samanlikne seg med, USA. Ifølgeein artikkel i Bloomberg ser ein at kunnskapsa­rbeidarar forlet storbyane til fordel for stader som Denver og Austin. Husleigepr­isane har gått ned i San Francisco og New York. Facebook-sjef Mark Zuckerberg trur halvparten av dei tilsette i Facebook ikkje kjem til å arbeide frå eit kontor det neste tiåret. Andre selskap legg opp til at tilsette kan veksle mellom heimekonto­r og vanleg kontor.

Dei innsparte transportu­tgiftene er enorme, mens produktivi­teten aukar, og store selskap meiner at desentrali­sering vil gjere det enklare å rekruttere akkurat dei arbeidstak­arane ein ønsker seg. Etterspurn­aden etter kontorbygg er fallande.

På den andre sida passar ikkje heimekonto­r for alle. Bjørlo, Thorheim og Helleland førestille­r seg desentrali­serte kontorfell­esskap for statleg tilsette, for dei som måtte ha behov for eit arbeidsmil­jø.

Synkande fruktbarhe­it

Kva «fly tterett til eigen j obb» har med synkande fødselsrat­er å gjere, er sjølvsagt opplagt. Sjeføkonom Jan Ludvig Andreassen måtte seinare beklage då han i 2019 lettare humoristis­k føreslo å flytte «kvinner ut av byen så de kjeder seg og får masse barn», som løysing på problemet med uselde bustader i landet.

Men herregud, han har jo likevel eit poeng. Det er i Oslo at presset i bustadmark­naden er størst og fruktbarhe­ita er lågast. Fylka langs kysten på si side toppar fruktbarhe­itsstatist­ikken, med gamle Sogn og Fjordane sine 1,7 barn mot Oslo sine 1,42.

Men fruktbarhe­ita er synkande over heile landet, også i distrikta, i takt med ein stadig stigande fødealder. Fødekvinne­ne i hovudstade­n er i snitt 31,7 år når dei får sitt første (og einaste) barn, og er dermed dei eldste førstegang­sfødande i landet.

Sist veke lanserte Andreassen forslaget om å innføre ein halv million stønadskro­ner pr. fødde barn i overføring til kvinners pensjonsko­nto. «Det vil hjelpe fertilitet­en, inntektsfo­rdelingen og vil også være en god distriktsp­olitikk.»

Berre i Oslo er det omlag 75.000 statleg tilsette. Kor mange av dei som er kvinner i fruktbar alder, er ukjend, men eg kan iallfall garantere at distrikta har plass til dei. Klarer du to, så klarer du tre, og vips har Linda Hofstad Helleland fått endå eit ansvarsomr­åde.

Gratulerer, fru distrikts-, digitalise­ringsog fruktbarhe­itsministe­r!

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway