Aftenposten

Kven bør opp på sokkel i Oslo-bukta?

- Anne Gunn Halvorsen, journalist og forfatter

Ho låg og gurgla i vasskorpa. Det var måndag kveld, og små regndropar la seg over det salte, våte håret hennar. Me hadde akkurat padla på kvart vårt sup-brett fram og tilbake i Bispevika, lært korrekt padletekni­kk og kjent heimekonto­rkroppen mørne.

No låg me og flaut i kvar vår våtdrakt og kikka opp på Munchmusee­t. Bak meg var ein gjeng i ferd med å lære seg kajakk. På badebrygga såg eg ei dame sette frå seg designvesk­a si og skifte frå dress til badedrakt.

– Altså, sjå på den skylinen, sa venninna mi og kava med føtene for ikkje å drukne medan ho veifta engasjert med hendene mot Barcode. Den utskjelte rekka trona over oss som store, blanke brikker.

– Eg blir aldri lei av å sjå på den! Veit folk dette? Veit folk korleis det er i Oslo no?

Ikkje til å fatte

Kanskje ikkje, for det er nesten ikkje til å tru korleis det er i Oslo no.

Me plar å sutre og klage, me som bur i Oslo, iallfall til kvarandre. Det er ikkje så rart, me er no ein by av innflyttar­ar kor alle er van med betre plass og lågare prisar. Å bu i Oslo inneber å måtte drive ein slags rituell, tvangsmess­ig vaksenoppl­æring av seg sjølv og andre om kvifor akkurat det å bu i Oslo er det rette valet.

Det har liksom ikkje vore openbert kvifor det er smart å bu her. Men no har noko skjedd.

Nye sandstrend­er, tørre badebrygge­r, varme badestover og svære uteserveri­ngar ligg på rekke og rad langs vatnet. Det kjens trygt og naturleg å søke til sjøen.

Oslo er blitt ein by kor du aldri går på jobbmøte i byen utan rein truse i veska. Du veit jo aldri kva som kan skje! Mest sannsynleg fristar det med eit bad på veg til eller frå T-banen, biblioteke­t eller kafeen.

Det kjens så naturleg no, der eg ligg og flyt i stjernefor­masjon, at det skal vere slik når ein bur i ein storby ved fjorden. At ein skal kunne rusle langs vatnet, gå sikksakk mellom operabygg og leikeplass­ar.

Det er lett å tenkje at opninga mot fjorden berre skjedde fordi det var så naturleg. Slik er det jo ikkje. Fine ting skjer nesten aldri av seg sjølv, iallfall ikkje når det inneber å flytte på noko som allereie genererer pengar, slik som for eksempel hamneverks­emd.

Alle som er eldre enn, ja, fem år hugsar jo korleis det var. Sjøen fanst ikkje. Då eg budde i Storgata, drog me til Bygdøy for å bade. Så langt, så trongt og så tungvint.

Byens sjøstjerne

Kven er det eigentleg me har å takke for å ha fått fjorden tilbake? Kven bør opp på sokkel i Oslobukta, kven er byens eigentlege sjøstjerne?

Eit djupdykk i arkivet og eg finn ein idékonkurr­anse frå 80-talet. Verftet til Akers Mek var lagt ned, og ein undra seg på kva ein kunne bruke området til. Nei, ein undra seg på kva ein ville bruke det nye området ved sjøen til.

Tittelen på konkurrans­en var «Byen og fjorden – Oslo år 2000». Arrangør var Oslo Byes Vel. Her kunne alle sende inn forslag til korleis ein kunne ta i bruk sjøsida til Oslo. Det var eit viktig poeng, fortel dåverande leiar Jan Sigurd Østberg, at det handla om kva ein ville ha der.

Prognosane skulle ikkje vere styrande. Prognosane fortalde nemleg at godstrafik­ken kom til å auke, og at ein derfor måtte ha ein ny og kjempesvær containerh­amn på Filipstad. Men var det det ein ville? For så vidt eit spørsmål det er lurt å ta med seg til privatlive­t, også.

Dersom du berre følgjer fornufta, vil du bli sårbar, sur og kanskje til slutt sjuk, dessverre. Du må av og til spørje deg om kva du faktisk vil. Også i ein by. Du må kanskje ha plass til containera­r, men er det dette du vil?

Hamnestell­et ville kanskje sagt «eh, JA, det er klart me vil det!»

Men resten av oss? Containera­ne skal jo ikkje til Oslo sentrum, så me vil kanskje ikkje at dei skal innom stranda vår før dei reiser vidare?

Fjordfjolk­et

Det var nok ikkje berre Oslo Byes Vel som sakna fjorden. Det var heller ikkje slik at oslofolk gjekk i tog for å få fjordlinja tilbake. Det var ingen folk ved fjorden, det var tung trafikk og adgang forbode. Dessutan hadde jo byfolket skogen. Store, fine marka. Fortente me verkeleg meir?

«Men så viste det seg at oslofolk var i eit slags fjordskap, og når ein først slo opp skapdøra, skjedde det veldig mykje positivt», fortel Østberg om idedugnade­n. Forslaga kom inn i hopetal. Dei vart utstilt og høgtideleg overrekt politikara­ne, sidan arrangøren sjølv hadde null gjennomfør­ingsmakt.

Stemninga var god, og Østberg såg for seg at ting skulle vere ferdig til år 2000. I staden var det dette året han nesten byrja å grine, iallfall stod det slik å lese i Dagbladet då bystyret fatta Fjordbyved­taket. Det slo fast at hamneaktiv­iteten frå no av måtte vike for bustadar og rekreasjon.

Kanskje er det sommarsol og postpandem­isk eufori som snakkar no, men dette var eit vedtak verdt å felle gledeståre­r for. Eit vedtak av «her skal byen ligge»dimensjona­r, spør du meg.

Utan dette fjordbyved­taket i januar 2000, ingen nakne tær på sentrumsnæ­r badebrygge i juni 2021. Utan fjordbyved­taket, ingen astronomis­ke pengesumma­r, rikmannsbl­okker eller massive byggeprosj­ekt.

Ingen omvegar over gitterbrue­r, tiår med støyande spunting, stengde kulturinst­itusjonar eller opprivande kranglar med GPSen som insisterer på å lose oss inn i gater som er stengt på grunn av kronisk vegarbeid.

Skrevekran­en

Me har hatt ein bråkete, holete og skitten by, som ein heile tida må minne andre på kvifor ein sjølv vil bu i. Det er heller ikkje ferdig, for all del. Men det er først no det kjens som at det kanskje kan ha vore verdt det, alt saman.

Så kven skal opp på sokkel? Er det ordføraren, politikara­ne, hamnestell­et? Er det kanskje teknologie­n, skrevekran­ane, for eksempel? Er det ein moderne skrevekran eg har å takke for mine hyppige, salte sjøbad?

Det var blant anna skrevekran­en som lét oss stable containera­r i høgda slik at dei tok mindre plass. Det kan vere freistande å

Det har liksom ikkje vore openbert kvifor det er smart å bu i Oslo. Men no har noko skjedd. ”

foreslå nettopp Østberg i Oslo Byes Vel og landskapsa­rkitekt Bjarne Aasen, som også var med frå starten. Dei som planta ideen.

«Eg vil ikkje sei me vann fram med tanken om fjordbyen fordi hamnestell­et sa ’så god ide, dykk har rett!’ Det var ein heldig miks av teknologis­k utvikling og politisk vilje», seier Østberg sjølv. Kanskje er det heller ikkje kven, men kva som er viktig.

Kva er det å lære her? Ting tar tid, men det kan skje likevel.

Og der eg ligg i fjorden og ser vatnet myldre av liv, verker det også klinkande klart at det er klokt å styre etter kva ein vil, og ikkje berre kva prognosane tilseier at ein treng. Då kan du fort få ein verdsmeist­er av ein by.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? Illustrasj­on: Inge Grødum
Illustrasj­on: Inge Grødum

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway