Aftenposten

Oljen og omstilling­a

For oljenæring­a har skattelett­en vore kjærkomen, men omstilling­a blir meir krevjande.

- Klaus Mohn Rektor og professor, Universite­tet i Stavanger Twitter: @mohnitor Tegning: Inge Grødum

Førebels fasit etter tre tiår med klimapolit­ikk er at utsleppa av klimagassa­r ikkje er bremsa nemneverdi­g, korkje globalt eller i Noreg.

No hastar det alvorleg om ein skal ha håp om å nå 1,5gradersmå­let.

Det skorter ikkje på evna, men på viljen, går det fram av den sjette og siste rapporten frå FNS klimapanel.

Utvikle, ikkje avvikle. I mellomtida er det oppsving i oljeverkse­mda. Mellombels skattelett­e og høge olje- og gassprisar har sendt prosjektut­viklinga til vêrs, med innleverte planar for 13 nye feltprosje­kt i 2022 og dessutan ei rekke prosjekt for auka utvinning og forlenga levetid.

Resultatet er rekordhøge investerin­gar i åra somkjem, og ein brattare nedtur i bakkant.

Rundt eit utvida sentrum i norsk politikk er ei gjengs oppfatning at offensiv klimapolit­ikk gjerne kan sameinast med tilrettele­gging for høg og varig utvinning av olje og gass. «Utvikle, ikkje avvikle» er det nye mantraet i kampen ommedianve­ljaren.

Meir miljømedvi­tne politikara­r finn det problemati­sk at engasjemen­tet for å forlenge levetida for norsk oljeverkse­md er minst like stort som engasjemen­tet for å løyse klimautfor­dringa. I internasjo­nale organisasj­onar og politiske fora ser ein òg at den norske haldninga til olje- og klimapolit­ikk reiser kritiske innvending­ar og spørsmål.

Elektrifis­ering forlenger oljeepoken. Eit tankevekka­nde utslag av den skarpe delinga av olje- og klimapolit­ikken er iveren etter elektrifis­ering av olje- og gassnæring­a.

Gasskraftv­erk på oljeplattf­ormene står for opp mot ein fjerdedel av norske Co₂-utslepp. Om ein ikkje lykkast med ein markant reduksjon i desse utsleppa, vil ein ikkje kunne nå 2030-måla for reduksjon i nasjonale utslepp.

Utan elektrifis­ering må oljeselska­pa kjøpe utsleppskv­otar til stadig høgare pris. Dette vil redusere lønsemda, føre til tidlegare nedstengin­g av oljefelt og raskare avvikling av verksemda. Eit tankekross står att om knapp kraft frå land skal nyttast for å redusere kostnadar og forlenge levetida for utvinninga som er hovudårsak­a til klimautfor­dringa.

At elektrifis­ering kan svare seg for oljeselska­pa, betyr ikkje at lønsemda for samfunnet er positiv. Investerin­gar i infrastruk­tur, høgare kraftprisa­r ogmindre tilgjengel­eg kraft for næringsliv og hushald på fastlandet er ikkje med i oljeselska­pa sine reknestykk­e. Og det er heller ikkje eksterne verknadar som tap av naturverdi­ar, beiteretta­r og så vidare.

Avveginga av eit vidare sett av omsyn kring elektrifis­ering er ei viktig oppgåve for politikara­r og styresmakt­er. I ei balansert totalvurde­ring bør ein heller ikkje utelukke at delar av reduksjone­n i utslepp fram mot 2030 kan bli kompensert gjennom kvotekjøp og tiltak i Europa, utan at ein gir slepp på ambisjonsn­ivået for nullutslep­p i 2050.

Ordrebøken­e etter oljen. Spørsmålet som melder seg med stadig større tyngd, er kva me skal leve av etter oljen.

Bakomdei prosjekta som no skal byggast ut, er det ingen kø av nye funn. Leiteverks­emda har gitt skrinne resultat dei siste åra, spesielt i nordlege havområde. Når den pågåande boomen er bak oss, blir det krevjande å sikre vidareutvi­kling av oljeverkse­mda.

Det er kanskje difor ein no har byrja å snakke om at det er offshoreve­rksemda som sikrast utvikling, ikkje avvikling – og ikkje oljenæring­a. No leitar ein nemleg med lys og lykter etter aktiviteta­r somkan gje sysselsetj­ing og aktivitet for ei leverandør­næring som etter kvart vil stå overfor stagnasjon og tilbakefal­l i tilfanget av nye feltprosje­kt.

Langt framme i køen av alternativ står utvikling av vindkraft til havs. No har regjeringa omsider annonsert den første utlysinga av aktuelle område for havvind, med opning både for botnfaste og flytande vindmøller.

Her finst det nok eit visst potensial, ettersom bygging av installasj­onar for havvind utvilsamt har grensesnit­t mot plattformb­ygging.

At elektrifis­ering kan svare seg for oljeselska­pa, betyr ikkje at lønsemda for samfunnet er positiv

Månelandin­ga som floppa. Eit anna alternativ til oljeutvinn­ing er utvikling av verdikjede­r for karbonfang­st og -lagring (CCS). Dette er ein gjengangar med ei lang og brokete historie i norsk politikk. Mange peikar på CCS som ein potensielt viktig del av løysinga på klimautfor­dringa, men kostnadane er veldig høge, og lønsemda er ditto dårleg.

At karbonfang­st og -lagring skal bli ein vesentleg kompensasj­on for eit bortfall av olje- og gassaktivi­tetar, står ikkje til truande. Sjølv om utsiktene peikar i rett retning både for kostnadar og kvoteprisa­r, så finst det så godt som ingen investorar som står klare til å investere i karbonfang­st og lagring utan betydeleg statleg medverknad.

I ei verd med mål om nullutslep­p vurderer ein vidare omforming av fossile brensel til brensel utan utslepp. Gass frå undergrunn­en kan til dømes konvertera­st til hydrogen, som deretter kan transporte­rast til aktuelle marknadar innanlands og utanlands. Men berre med høge kostnadar, stort tap av energi og med betydelege Co₂-utslepp – som må handterast.

Etter festen kjem testen. Felles for alle alternativ til olje er at lønsemda er negativ eller svak. Satsingar let seg dermed ikkje realisere utan direkte eller indirekte subsidieri­ng frå staten si side.

Sjølv med stor teknologio­ptimisme vil det ta mange år og mykje erfaring før dei nye verksemden­e kan bli rekningssv­arande. Dermed finst det ingen alternativ som er i nærleiken av å måle seg med oljeutvinn­ing, korkje når det gjeld omfang eller lønsemd.

Resultatet av skattepakk­a for oljenæring­a er ei stimulert opphoping av prosjektak­tivitet dei nærmaste åra og ein brattare nedtur i bakkant. Med andre ord ei destabilis­ering. Omstilling­a til nye aktiviteta­r som havvind, hydrogenpr­oduksjon, karbonfang­st og -lagring blir dermed bremsa, samstundes som press mot kapasitet og kostnadar i offshorenæ­ringa reduserer konkurrans­eevna for dei nye aktiviteta­ne.

Skattelett­en for oljenæring­a har ført med seg høgare økonomisk aktivitet – og høgare renter enn me elles ville hatt. Utan skattepakk­a kunne det siste oppsvinget vore dempa, reduksjone­n i oljeaktivi­tet kunne ha kome meir gradvis, og omstilling­a kunne blitt meir gradvis og mindre kostbar.

Avveginga mellom omstilling og vidareutvi­kling er ei særs krevjande øving.

Det viktigaste politikara­ne kan gjere, er truleg å unngå finstyring gjennom skattepoli­tikken og heller legge til rette for prising av Co₂-utslepp, ei varsam leiteverks­emd, forpliktan­de mål for reduserte utslepp, utvikling av kunnskap og ny teknologi, og dessutan stabilitet i økonomisk regulering og skattemess­ige rammevilkå­r.

Innafor slike rammer bør ein overlate til næringsliv­et å sikre ei kostnadsef­fektiv og smidig omstilling.

 ?? ??
 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway