Aftenposten

Bergensman­n må betale over 25 millionar i erstatning

Lagmannsre­tten meinte at både tingretten­s dom og aktors påstand var for mild. No må 54-åringen betale over 25 millionar i erstatning til tre kvinner.

- Sverre Jervell

Ijuli i fjor vart ein 54 år gammal bergensman­n dømt for langvarig mishandlin­g av to tidlegare sambuarar, og dessutan den eine kvinna si dotter.

Den gongen vart han dømt til fengsel i to år og åtte månadar, i tillegg til nærare 16 millionar kronar i erstatning til kvinnene.

Mannen anka dommen, og i mars har saka vore oppe på nytt i Gulating lagmannsre­tt.

Lagmannsre­tten meinte at straffa han tidlegare hadde fått, var for mild.

No ventar tre år og åtte månadar fengsel for bergensman­nen. Det er eit halvt år meir enn det aktor bad om.

Levde under valdsregim­e. I dommen står det at mannen flytta inn til den fyrste sambuaren og hennar ni år gamle dotter i 2004.

Kvinna har fortald om eit samliv der mannen etter kort tid vart valdeleg og nedpsykand­e, og at mannen kunne utøvde vald mot henne to til fem gongar i veka.

Dottera skal ha vore vitne til mishandlin­ga av mora, og vart sjølv utsett for psykisk mishandlin­g av 54-åringen, ifylgje dommen.

Ho fortalde i retten at hennar feil fekk konsekvens­ar for mora i form av vald.

Vidare manipulert­e mannen sambuaren, og fekk stor kontroll i livet hennar, ifylgje dommen. Han skal ha tatt over kontrollen på økonomien hennar då ho vart sjuk. Denne fekk ho ikkje tilbake, og mannen beheldt både pengar frå sal av eigedommar og auka gjelda i hennar namn.

«Gjekk på eggeskal». Ifylgje kvinna vart mannen «sint over alt mogeleg», og ho visste aldri kva som kunne utløyse valden.

Ho har forklart at både ho og dottera «gjekk på eggeskal» for å unngå at mannen skulle bli sint.

Kvinna hadde alltid kontroll på kvar bilnøklane var, og hadde saman med dottera øvd på ei fluktrute dersom det skulle bli nødvendig.

I forklaring­a si trakk kvinna fram den verste enkeltepis­oden med mannen. Den enda med at han slo kvinna med ein kjøkkensto­l i tre til den knakk.

«Ved den anledninga trudde NN at ho skulle døy» står det i dommen.

– Ei stor belastning. – Dette er ei særs alvorleg sak som har hatt store konsekvens­ar for dei det gjeld. og som har tatt lang tid å få gjennom rettsvesen­et, seier bistandsad­vokat Kristine Aarre Hånes, som represente­rer den fyrste sambuaren.

Ho seier det har vore ei stor belastning for kvinna å måtte forklare seg i to rettsrunda­r.

– At sjølve straffa er auka og at ho er tilkjent rekordhøg erstatning på 18,1 millionar er sjølvsagt tilfredsst­illande. Men det viktigaste for min klient har likevel vore å fortelje sanninga om mishandlin­ga ho og dottera er blitt utsette for gjennom ni år, og å bli trudd på det.

Ho understrek­ar at økonomisk vald har vore ein vesentleg del av etterforsk­inga.

– Vi er fornøgde med at dette også er blitt vektlagt av lagmannsre­tten.

Braut besøksforb­od elleve gongar. Den andre sambuaren, som 54-åringen også ein kort periode var gift med, har forklart at han var valdeleg mot henne allereie før dei flytta saman. Ho skal ha endra åtferd og byrja ta på seg all skuld i diskusjona­r heilt frå ho møtte mannen. Dei levde i lag i over tre år.

Vidare skal mannen ha utøvd vald mot henne 20–30 gongar, ifylgje henne. Han skal også ha trua med å låse henne ute på altanen fleire gongar, og ved eit høve vart kvinna låst ute ei heil natt om vinteren, ifylgje dommen.

Kvinna trakk i retten fram fleire alvorlege valdsepiso­dar. Ei av dei hendte på deira sin eitt års bryllaupsd­ag. Då skal mannen ha «slengt henne vegg i mellom», kasta stolar på henne og vridd handa hennar bak på ryggen.

❝ Dette er ei særs alvorleg sak som har hatt store konsekvens­ar for dei det gjeld. og som har tatt lang tid å få gjennom rettsvesen­et Kristine Aarre Hånes, bistandsad­vokat

Kvinna skal ha brekt handa under denne episoden.

Over ein periode på fem månadar i 2021 braut mannen besøksforb­odet til kvinna elleve gongar.

Per Magne Kristianse­n represente­rte mannen i saka.

Han peiker på at dommen er eit resultat av eit «utvida bevistilbo­d og ei skjerpa lovanvende­lse» i lagmannsre­tten.

– Klienten vart elles gjort utførleg kjent med ankerisiko­en, og som ein erfaren fjellmann ville sagt det: ligg unna rasutsette område.

Store konsekvens­ar for dei fornærma. I dommen står det at alle dei tre fornærma i saka seinare har blitt diagnostis­ert med Posttrauma­tisk stresslidi­ng (PTSD) som fylgje av det dei har blitt utsett for.

Retten framhevar mellom anna at den fyrste sambuaren har slite med «flashbacks» og unngått stadar og personar som minner ho om det ho har blitt utsett for. Ho har også vore i «konstant alarmbered­skap», der det skal lite før ho føler seg særs utrygg og trua på livet.

Lagmannsre­tten har også lagt vekt på korleis mannens handlingar påverka den andre fornærma sambuaren: «NN endra seg frå å vere sprudlande, glad, ressursste­rk og trygg til å vere redd og isolere seg. Framleis forlèt ho sjeldan heimen» står det i dommen.

Mannen er i tillegg til fengsel og erstatning også dømt til fem års kontaktfor­bod mot begge dei to tidlegare sambuarane.

 ?? Foto: Eirik Brekke ?? ⮉ Mannen ble i Gulating lagmannsre­tt dømt til tre år og åtte månadar i fengsel.
Foto: Eirik Brekke ⮉ Mannen ble i Gulating lagmannsre­tt dømt til tre år og åtte månadar i fengsel.
 ?? Foto: Bjørn Erik Larsen ?? ⮉ Bistandsad­vokat Kristina Aarre Hånes seier det har vore ei stor belastning for kvinna å måtte forklare seg i to rettsrunda­r.
Foto: Bjørn Erik Larsen ⮉ Bistandsad­vokat Kristina Aarre Hånes seier det har vore ei stor belastning for kvinna å måtte forklare seg i to rettsrunda­r.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway