Aftenposten

Berit Ryen Mangset

-

Vår gode venninne, Berit Ryen Mangset, døydde 3. februar. Ho blei lam etter ei fallulykke i november 2023. Ho kom etter kvart fram til at eit liv i rullestol også kunne vere verdt å leve. Slik gjekk det ikkje.

Berit blei fødd på Finnskogen 28. august 1944 som yngst av ni søsken. Ho gifta seg med Per Mangset i 1967. Midt på 1970-talet flytta familien til

Bø. Her jobba Berit på Bø gymnas, der ho underviste i fransk og norsk. Ho hadde også opphald i Strasbourg og seinare Lyon, der ho underviste franske studentar i norsk. Berit Ryen Mangset var eit politisk menneske, var i mange år leiar i Bø SV og represente­rte SV i kommunepol­itikken fleire år.

Berit var aldri likegyldig. Ho var raus overfor nye landsmenn og blei tidleg fadder for ein familie frå MidtØsten. Ho hadde sterke meiningar som ho ikkje var redd for å hevde. Det siste ho let etter seg var eit engasjert innlegg i Bø Blad 9. november 2023: «Kor lenge skal drepinga i Gaza få halde på?»

Det var vårt felles politiske grunnsyn og arbeid i Bø SV som førde oss saman. Etter kvart utvikla vårt vennskap seg gjennom fleire felles interesser. Dei siste 15 åra møttes vi regelmessi­g i vår vesle boksirkel som nå har mista eit uunnværleg medlem, Berit. Vi fekk i den gruppa nyte godt av hennar store bokkunnska­par. Vi hadde mange diskusjona­r , meiningane var delte. Vi drog på fleire turar saman. Best var turane til huset Berit og Per hadde i Ceret. Vi vart likevel ikkje flinke i fransk. Berit syntes vi var lite lærenemme.

Vi var aldri i tvil om Berit sin kjærleik til ektemann Per, barna Marte og Gunnar, svigerdott­er Cristhine og hennar elska barnebarn Helene. Det er dei som sit igjen med det største saknet. Vi vil også sakne Berit som den ho var i liva våre. Vi takkar for alle gode minne.

Sigrid Fundlid, Anne Rovde og Ragnhild Aarrestad

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway