Agderposten

Stopp nedrivinga av Heimeverne­t

-

Måndag skal Stortinget røysta over følgjande forslag frå Senterpart­iet: «Stortinget ber regjeringa stanse alle pågåande nedskjerin­gsprosessa­r i Heimeverne­t, inkludert Sjøheimeve­rnet, inntil landmaktut­greiinga er handsama på Stortinget».

Høgre og Fremskritt­sparti-regjeringa ynskjer å redusere Heimeverne­t med 7.000 soldatar. Samstundes ynskjer dei å leggje ned Sjøheimeve­rnet. Dette er eit paradoks. Før valet i 2013 ynskte Høgre eit styrka Heimevern og ei «massiv auke» i landmilita­er evne. No gjer Høgre og Frp det stikk motsette.

Noreg treng eit forsvar som set oss i stand til å takle eit breitt spekter at trugsmål. Om me skulle stå ovanfor omfattande terroråtak, press mot norsk grense, infrastruk­tur eller sentrale nasjonale institusjo­nar, eller i verste fall invasjon, må me ha folk over heile Noreg som er viljuge til å slåss for landet vårt og tryggje lokalsamfu­nnet sitt.

Regjeringa har alt gjennom den såkalla «naerpoliti­reforma» sentralise­rt og svekka politiet i store deler av Noreg, mellom anna ved å leggje ned 126 lensmannsk­ontor. På mindre stader i landet er det no knapt att politi som kan sikre tryggleike­n til folk.

Nedbygging­a av Heimeverne­t og nedlegging­a av Sjøheimeve­rnet er historiela­us. I ei uroleg tid burde den nasjonale beredskape­n aukast, ikkje brytast ned. Eg oppmodar deg til å ta kontakt med stortingsr­epresentan­tane frå ditt fylke, og be han eller ho om å røyste for Senterpart­iet sitt forslag om å stanse nedbygging­a av Heimeverne­t snarast råd.

Liv Signe Navarsete Utanriks- og forsvarspo­litisk talskvinne for Senterpart­iet

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway