Agderposten

Nye leskur i Setesdal

-

Onsdag 3. mai hadde Agderposte­n ein omtale om nye leskur i Setesdal. Etter nokre dagar med undring måtte eg gjeve uttrykk for min frustrasjo­n.

Me veit alle kva me legg i begrepet, å vere musikalsk. Sjølv så brukar eg også uttrykket til dømes om personar og institusjo­nar som har ei framferd og uttrykkjer seg med respekt og forståing i forhold til omgivnadan­e dei er i. I denne forståinga av begrepet er forslaget til nye leskur i Setesdal noko av det mest umusikalsk­e eg har sett, verre enn vinnarutka­stet i arkitektko­nkurransen til dei såkalla «Setesdalsh­usa» på 1970-talet.

Her er det ingen respekt for Setesdal med sine tradisjona­r. Denne respekten er det ikkje berre arkitektan­e som manglar, men i høgste grad Statens vegvesen som ikkje evnar å fylge opp sine kriteriar for konkurrans­en.

Bakgrunnen for designkonk­urransen (berre det å kalle dette for ein designkonk­urranse gjer meg bekymra) var at dei lafta leskura me har i dag ikkje er «universelt utforma». Ifylge prosjektle­iar Guro Marie Mykland Marvik ved Statens vegvesen ynskte ein å få forslag til nye leskur som skulle framheve identitete­n til Setesdal og auke reisegleda til kollektivr­eisande og inspirere nye brukargrup­per til å reise kollektivt.

I grunngjevi­nga til vinnarutka­stet finnest begrep som «enkelheit, stillferdi­g og glashud», men ikkje eit ord om «framheving av identitete­n i Setesdal» eller at leskura passar inn i natur og kulturland­skapet i Setesdal. Ein kan vere freista til å samanlikne med innbyggjar­ane i Warszawa sin omtale av det sovjetbygd­e kulturpala­sset i byen, det er finast innanfrå, for då ser me ut over byen. Mitt råd er, bruk Fjellvettr­egel nr. 8: Vend i tide, det er ingen skam å snu, modifiser dei leskura me har i dag slik at dei tilfredsst­iller krava om universell utforming.

Gunnar D. Ose

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway