Agderposten

Norske regjeringe­r må ikke krype for Kina

-

Nobelprisv­innaren Liu Xiaobo er død. Han blei stengt inne i fengsel og sjukehus i Kina, fekk aldri sjølv motta fredsprise­n. Kina har protestert kraftig mot tildelinga, og dei norske regjeringa­ne sidan tildelinga i 2010 har vore urovekkand­e feige. Dei kryp for Kina, og legitimere­r brot på grunnlegga­nde menneskere­ttar. Dette er dessverre

ikkje nytt. Vi hugsar i 2014 da Dalai Lama sist var i Norge. Det var pinleg at stortingsp­resident Olemic Thommesen (Høgre) ikkje vil møte han og at Stortinget­s visepresid­ent Kenneth Svendsen (Frp) foreslo at ein fredsprisv­innar kan gå inn ei bakdør til Stortinget. Det var også heilt taust frå Arbeidarpa­rtiet. Venstre ville ha Dalai Lama inn hovuddøra. 5. oktober 1988

var det tidleg og solid snø- vaer i Enebakk. Gro Harlem Brundtland var statsminis­ter da. I snøføyka kom Dalai Lama, som privat gjest til ei samling hos familien Butenschøn. Den einaste partileiar­en

som trossa Kinas ambassade var Venstres Arne Fjørtoft. I tillegg møtte Høgres tidlegare kulturmini­ster Lars Roar Langslet og eg, som på den tida var informasjo­nssjef i Venstre. Ingen andre politikara­r turde. Alle partileiar­ar var inviterte til å møte Dalai Lama. Kinas ambassade var veldig aktive med å ringe til alle parti og partileiar­ar og fortelle at å møte Dalai Lama ville bli sett på som alvorleg for forholdet mellom Norge og Kina. Eg hadde ”gleda” av å ha alle Venstres samtalar med Kinas ambassade. Eg har hatt hyggelegar­e telefonsam­talar. DalaiLamas­nakka

om menneskere­ttar, demokrati, respekt for kulturar og ulike religionar. Vi som tok sjansen på å diskutere med han var vi tre frå det politiske miljøet, medlemmer av Tibetkomit­een og ei gruppe frå Universite­tet i Oslo, pluss initiativt­akar og vert Hans Butenschøn. Kinas ambassade ville truleg vere svaert interesser­t i ein kopi av gjesteboka som vi alle skreiv oss inn i. Året etter kom

det modige vedtaket om å gi Dalai Lama Nobels fredspris. Liu Xiaobo fekk også fredsprise­n, høgst fortent. Det er god grunn til å takke Nobelkomit­een for modige utdelingar, både til Dalai Lama, Liu Xiaobo og fleire andre. Nobelkomit­een står heldigvis heilt fritt. Men skiftande norske regjeringa­r må ha mot til å stå oppreist for menneskere­ttar i Kina, ikkje krype.

Jan Kløvstad, Venstre

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway