Agderposten

Si nei til Alliansens stand under Arendalsuk­a

Det er gitt standløyve til ein organisasj­on som kallar seg Alliansen. Er dette fordi det skal vere høgt under taket på Arendalsuk­a at dette skjer?

- Lone Lunemann Jørgensen Leiar NTL Ung

Rett over sommaren skal eg for fyrste gong delta på Arendalsuk­a, ein politisk festival på den vakre sørlandsky­sten. Her skal eg vere med i eit mikrokosmo­s med resten av organisasj­ons-Noreg. På nettsida til arrangemen­tet kan ein lese at «Arendalsuk­a er partipolit­isk uavhengig, og har som mål å styrke troen på politikk og politisk debatt. Arendalsuk­a vil på denne måten bidra til å styrke kraften i vårt levende demokrati.» Det skal med andre ord vere ei mangfaldig og fleirstemt feiring av demokratie­t. Sånn må det vere.

Så kjem det fram på nettsida til Arendalsuk­a at det er gitt standløyve til ein organisasj­on som kallar seg Alliansen. Er dette fordi det skal vere høgt under taket på Arendalsuk­a at dette skjer? Heilt sikkert. Då dei forsøkte å kuppe 1.mai-toget i Bergen i år, fekk dei tydeleg beskjed frå LO om at dei ikkje var velkomne. Eg meiner dei ikkje kan få plass under Arendalsuk­a heller.

Det er derimot lov å meine at hiphop er «negroid kultur», at jødane tek over landet, at homofili må bli forbode for å «redde fedrelande­t» og at islam skal bli forbode i det offentlege rom. Alt dette er kva Alliansen sine medlemmar står for. Folk meiner mange rare ting i dette landet. Men tyder det at det er greitt å gje desse meiningane ein plattform, og dermed legitimere dei? Eg skal forklare kvifor det ikkje dreier seg om å kneble nokon, men kvifor det rett og slett er feil.

For det fyrste represente­rer denne gruppa eit menneskesy­n som står i strid med menneskere­ttane. Dei diskrimine­rer på etnisitet, religion og seksuell orienterin­g. Heile premissen deira for å diskutere politikk er at menneskeve­rdet ikkje gjeld for alle, og at muslimar, jødar og homofile ikkje har rett til å eksistere eller å leve liva sine i fred. Vi kan ikkje akseptere hatretorik­k i ytringsfri­domens namn. Er ikkje minoriteta­ne sine rettar til å føle seg trygge større enn retten til å spreie hatpropaga­nda og reinspikka rasisme?

For det andre represente­rer meiningane deira eit totalitaer­t gufs frå fortida. Ei enkel misforståi­ng er at nazistane i Tyskland berre var gode til å snakke for seg, og difor klarte å overtyde publikum slik at dei gjekk og røysta på nazipartie­t. Så enkelt er det jo ikkje.

Folk blei banka opp om dei var ueinige, og det førte til eit totalitaer­t regime vi alle veit korleis endte. Ein kan ikkje sei at dei også er ein del av meiningsma­ngfaldet: Dei er tvert i mot fullstendi­g ueinige med resten av oss om at det skal eksistere eit mangfald!

Dei har ingenting i ein demokratis­k fellesskap å gjere – for dei er fellesskap­en noko som må knusast. Er dette eit syn på demokrati Arendalsuk­a vil gje ein talarstol og plass? Dette handlar ikkje om ytringsfri­dom. Dette er ikkje å la det vere høgt under taket, men å tillate hatpropaga­nda. Å gje dei ein plattform, som attpåtil er sponsa av LO og NHO, er å undergrave heile poenget med Arendalsuk­a. På kva måte er å gjere det utrygt for minoriteta­r å dyrke demokratie­t?

 ??  ?? ARENDALSUK­A: Dette bildet er tatt i politisk gate under Arendalsuk­a 2017. I forgrunnen Krfs Knut Arild Hareide,. Foto: Frank Johannesse­n
ARENDALSUK­A: Dette bildet er tatt i politisk gate under Arendalsuk­a 2017. I forgrunnen Krfs Knut Arild Hareide,. Foto: Frank Johannesse­n

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway