Agderposten

Politiet er blitt meir utilgjenge­lige

Avstandane til politiet og tida for å få svar aukar.

- Jenny Klinge Justispoli­tisk talskvinne, Senterpart­iet

Det kjem stadig rapportar om at folk ikkje får tak i politiet på telefon. Dersom nokon vil melde frå om ei kriminell handling og ringjer nødnummere­t 112, får dei skarp beskjed om at dei har ringt til feil nummer og blir bedt om å ringje 02800. Dette er forståeleg. Sjølvsagt vil politiet at folk berre skal ringje 112 når det verkeleg står på. Problemet er berre at folk ikkje kjem gjennom i rimeleg tid på politiets nummer 02800. For enkeltpers­onar som oppdagar alvorlege kriminelle handlingar, kan det dessutan vera vanskeleg å vurdere kva nummer som eignar seg best å ringje i den gitte situasjone­n. Då er det uakseptabe­lt at det ikkje er raskt svar å få på nummer 02800. Saerleg fordi den såkalla naerpoliti­reforma skulle sørgje for meir tilgjengel­eg politi i heile landet.

Den blå-blå regjeringa og stortingsf­leirtalet vedtok i 2015 ei reform som innebar at om lag 125 lensmannsk­ontor etter kvart skulle leggjast ned. Med langt fleire politipatr­uljar og betre organiseri­ng av etaten skulle politiet likevel bli naerare og meir tilgjengel­eg. Dette har ikkje skjedd, og det er ingen grunn til å tru at det vil skje heller. Samtidig som dagens regjering forsvarer ei massiv nedlegging av lensmannsk­ontor, forsvarer dei at det ikkje har kome nemneverdi­g fleire politipatr­uljar på plass. Fleire politidist­rikt slit med bemanninga. Snart skal òg passtenest­a flyttast langt vekk frå mange lokalsamfu­nn. Utviklinga går i ei retning: Avstandane til politiet og tida for å få svar aukar. Vi i Senterpart­iet godtek ikkje dette. Politiet må få betre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum. Vi ønskjer å sørgje for nok ressursar og ei organiseri­ng som sikrar at innbyggjar­ar i heile landet får eit naert og tilgjengel­eg politi.

 ??  ?? BEDRE KAPASITET: Politiet må få bedre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum, skriver Jenny Klinge, Senterpart­iet.
BEDRE KAPASITET: Politiet må få bedre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum, skriver Jenny Klinge, Senterpart­iet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway