Agderposten

Støtt kampen for tariffavta­le i Traftec AS

Eit ordan og avtaleregu­lert arbeidsliv er grunnlaget f ordennorsk­e samfunnsmo­dellen med moderate forskjella r og solidarisk­e velferdsor­dninga r.

- Alf Holmelid Fagleg leiar i Agder SV

Eit ordna og avtaleregu­lert arbeidsliv er grunnlaget f ordennorsk­e samfunnsmo­dellen med moderate forskjell ar og solidarisk­e velferdsor­dning ar.

Det er ikkje tilfeldig at vi har høg produktivi­tet og moderate forskjella­r i land som har sterke fagforeini­ngar. Tariffavta­ler er grunnstein­en i eit ordna arbeidsliv. Dei sikrar ordna forhold på arbeidspla­ssen med landsdekka­nde organisasj­onar i ryggen, og dei skaper ryddige konkurrans­eforhold i ein bransje. Riv vi ned dette byggverket, forvitrar det seriøse arbeidsliv­et og den norske samfunnsmo­dellen.

Ved inngangen til ferien gjekk sju tilsette i elektromon­tørfirmaet Traftec AS ut i streik fordi dei blei nekta tariffavta­le. Traftec AS er ein del av Grimstad-firmaet Roadworks som nyleg kjøpte majoritete­n i Otera frå Agder Energi.

I følgje Frifagbeve­gelse kom streiken et- ter at bedrifta ikkje ville inngå tariffavta­le med El&IT Forbundet.

Mekling blei prøvd, men det førte ikkje fram. El&IT Forbundet er uroa over ei utvikling der stadig fleire bedrifter nektar å inngå tariffavta­le. Mange nektar til og med å setje seg til forhandlin­gsbordet.

Dei som streikar i Traftec AS, streikar ikkje berre for sine eigne rettar. Dei streikar for oss alle - for eit ordna arbeidsliv og den norske samfunnsmo­dellen.

Vi ser ei tydeleg negativ utvikling i retning av eit avregulert og meir useriøst arbeidsliv.

Dette er ei utvikling vi må stoppe dersom vi skal unngå å rive ned grunnlaget for eit seriøst arbeidsliv og eit velfungera­nde velferdssa­mfunn. Dei streikande i Traftec AS kjempar ein viktig del av denne kampen. Dei fortener og treng vår støtte.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway