Agderposten

Solvik Olsens mjølkekris­e

- Ivar Odnes Samferdsel­spolitisk talsperson for Sp

Samferdsel­sministar Ketil Solvik Olsen angrip Senterpart­iet i lesarbrevs­form rundt om i landets aviser for at Senterpart­iet mjølkar bilistane for avgifter og bompengar.

Ja det kom jammen frå rett kjeft!

Solvik Olsen set nå nye rekordar for kvar dag i bompengein­nkrevjing og bensinpris­en har aldri vore så høg som no. La oss berre sjå på rekordtala for siste år.

For 2017 passerte bompengein­nkrevjinga 10,2 milliardar kr og i år vil det naerme seg 11 milliardar kr!

Vi har altså ein samferdsel­sministar frå FrP som har gått til val på at når dei kom i regjering skulle alle bomstasjon­ar bort. Det er same Solvik Olsen som nå set nye bompengere­kordar kvar dag.

Angrep er som kjent det beste forsvar. Derfor prøvar Solvik Olsen å underslå kva dei faktisk gjer, ved å angripe Senterpart­iet med billig retorikk om at det er vi i Senterpart­iet som mjølkar bilistane.

Når skal samferdsel­sministare­n innrømme at han og FrP ikkje har som intensjon å fjerne bompengane, men at dei vil fortsetja å mjølke bilistane?

Eller kan vi forvente at han og regjeringa ikkje kjem til å legge fram nokon nye bompengepr­osjekt til behandling i Stortinget i komande år, men heller finansiere vegutbyggi­ng på anna måte?

 ??  ?? MINISTER: Ketil Solvik Olsen.
MINISTER: Ketil Solvik Olsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway