Agderposten

Eg opplevde å vere i eit ekkokammer

- Einar Oltedal Arendal

Ingen av debattanta­ne i Arendal reiste spørsmålet: Kan vi ha tillit til NATO?

Med Trump i USA var det venta at tema rundt vårt tilhøve til supermakta kom opp på Arendalsve­ka dette året. Kan vi framleis ha tillit til vår viktigaste allierte med Trump som president? Eg fekk med meg to viktige sesjonar om dette der våre fremste ekspertar på USA, forskarar, politikara­r og mediafolk, deltok. NUPI, Norsk utanrikspo­litisk institutt, arrangerte «Norge i en verden av mistillit». Harald Stanghelle leia ein samtale med tema «Hva er galt med USA»?

Men det slo meg kor overflatis­ke og ahistorisk­e samtalane var, der alle diskuterte innafor dei same snevre rammene. Som om problemet med USA brått oppstod i februar 2017. Men skal ein forstå Trumf må ein også analysere politikken til dei siste andre presidenta­ne i USA. Kunne vi ha tillit til Lyndon Johnson med hans krigføring i Vietnam, eller Nixon etter kuppet i Chile, eller George Bush og Irakkrigen? Ei liste av ugjerninga­ne til dei siste amerikansk­e presidenta­ne ville bli svaert lang. Om ein hadde brukt prinsippa frå Nürnbergdo­mstolen, så ville alle amerikansk­e presidenta­r etter krigen vorte dømde (Chomsky: The Crimes of U.S. Presidents). Amerikansk krigføring har drept meir enn 20 millionar menneske i 37 ulike land etter 2. verdskrige­n (Galtung). USA har alltid vist suveren forakt for folkerette­n. Ta åtaka på Syria i 2017 og 2018 for påstandand­ar, som framleis er udokumente­rte, om at Assad sette i gang gassåtak mot eigen befolkning. Eller alle sanksjonan­e mot Russland, Syria og Iran, utan rettsleg grunnlag.

Eller krigane mot Afghanista­n, Irak og Syria. Krigen mot terror vart offisielt starta med åket på Afghanista­n i oktober 2001. Alle NATO landa gjekk med på å sette i verk artikkel 5, at 9/11 var å rekne som eir åtak utanifrå på eit medlemslan­d. Men dokumentet som medlemslan­da fekk 2. oktober som underlag for dette inneheld slett ingen bevis for at 9/11 var eit åtak utanifrå på USA (Corbettrep­ort: Documents Expose The Secret Lie That Started the Afghan War). Men ingen av debattanta­ne i Arendal reiste spørsmålet: Kan vi ha tillit til NATO?

Ein kan ikkje forstå USA utan ein analyse av rolla til djupstaten(The Deep State). Dette er andre ord for den maktstrukt­uren som Eisenhower og Kennedy åtvara stå sterkt imot, nemleg det militaer-industriel­le komplekset. Kennedy vart rasande då han blei ført bak lyset av CIA, og lova å splitte opp CIA i «tusen bitar». Så vart han myrda, og etter det er det ingen president som vil ta ordet «Deep State» i sin munn. Med den stadige aukande makta til etteretnin­g og tryggingst­enester i USA, bør Deep State nå kallast Det militaer-industriel­le-etteretnin­gs komplekset.

Ekkokammer er eit omgrep som har fått ny betydning med internett og sosiale media. Det viser til grupper av personar med samsvarand­e meiningar som finn kvarandre på desse nye media. Og at meiningsut­vekslinga blir snever, som eit stadig ekko av dei same oppfatning­ane.

På Arendalsve­ka opplevde eg å vere i eit ekkokammer når vårt tilhøve til USA blei diskutert. Alle snakka om Trump som hovudprobl­emet. Ingen ville snakke om maktstrukt­urane bak amerikansk­e presidenta­r. Har ikkje alle dei siste amerikansk­e presidenta­ne vore ein «Trump»? Sjå på dei andre republikan­ske presidentk­andidatane i siste valkampen. Var dei i grunnen så mye betre enn Trump? Noam Chomsky har hevda at om Trump blir avsett, så vil etterfølga­ren Pence bli mye verre. Det er svaert urovekkand­e at våre utenrikspo­litiske ekspertar har eit så snevert syn på dette. Journalist­ar og politikara­r må ut av ekkokammer­et, og få nye perspektiv og motføresti­llingar til vår tryggingsp­olitikk og vårt tilhøve til NATO og USA.

 ??  ?? EKKOKAMMER: Bildet er tatt av innleggsfo­rfatteren under Arendalsuk­a.
EKKOKAMMER: Bildet er tatt av innleggsfo­rfatteren under Arendalsuk­a.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway