Agderposten

AUSTRE MOLAND: Badstu erstattet med ny bu

På idrettspla­ssen i Brekka står det nå ei nybygd bu med plass for sikringssk­ap og andre viktige ting for idrettslag­et.

- Skrevet av Jan Kløvstad, Kultur- og litteratur­nytt. Foto: Trond Ivar Moen

Bua erstattar den gamle badstua som i mange år har vore lagerbygg og kiosk ved grasbanen.

Det var aktiv bruk av badstua ved Brekkaelva frå like etter krigen og i drygt ti år framover. Brekka ungdomslag og Austre Moland idrettslag samarbeidd­e både om bygging og bruk av badstua, før folk flest fekk bad og dusj heime.

Men tidas tann har taera på noen av tømmervegg­ane.

Da idrettslag­et fekk bygd seg eit flott klubbhus med både møterom, garderobe, lager og kiosk like ved, er det blitt litt mindre bruk for badstubygg­et.

Nå avdøde Ole Andreas Moen ville gjerne ta vare på badstua, og foreslo å flytte bygget ned til ungdomshus­et Heimtun. Det var også ungdomslag­et samd i, og Ole Andreas Moen ga ei testamenta­risk gåve til arbeidet. Seinare har også Sparebanke­n Sør bidratt for å ta vare på bygget som fortel om ein badstutrad­isjon i bygda.

Sigmund Dale, Eivind Dale, Jon Johnsen, Jens Tveite, John Bernhard Johnsen og Trond Ivar Moen har tatt på seg arbeidet på dugnad.

Dei har tatt ned badstua stokk for stokk og køyrt alt til Hesthag for å bruke vinteren til restaureri­ng. Samtidig har dei bygd ei erstatning­sbu ved idrettspla­ssen, med både sikringssk­ap og lagerplass.

Til sommaren kjem badstua på plass ved Heimtun, restaurert med tømrar Jon Johnsen som fagkyndig leiar, og på idrettspla­ssen i Brekka er det alt nå på plass ei nybygd bu med nye og friske veggar.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway