Agderposten

Nynorsk naeringsli­vspris

Bedriften har brukt nynorsk i alle ledd og fekk difor pris.

- Tekst og foto: Borghild Løver, Kultur- og litteratur­nytt, Sideblikk på nett

Kvart år deler Mållaga på Agder ut ein nynorsk naeringsli­vspris til eit firma som nyttar nynorsk i marknadsfø­ringa av produktet sitt.

Naeringsli­vsprisen 2018, ein gåvesjekk på 10.000 kroner og diplom, går til Rysstad Laftebygg AS ved

Knut H. Rysstad.

Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til nynorsk i naeringsli­vet.

Knut H. Rysstad er eigar og dagleg leiar av firmaet som lever av å levere laftebygg. Firmaet har markert seg med solid kvalitet på den tradisjons­rike byggjemåte­n.

Men dei byggjer òg hytter med vanleg reisverk. Og har eige sagbruk, så dei har kontroll på materialan­e frå fyrst til sist.

Så tilbyr dei tomter, transport, graving, snømåking, vedleverin­g, reinhald, vedlikehal­d med meir.

I tillegg driv dei ein modellverk­stad i Valle som leverer hagemøblar, gapahukar, små hytter/anneks, badestampa­r og sledekasse til snøskutar. Sist, men ikkje minst, har Rysstad Laftebygg AS gjennomfør­t nynorsk i alle ledd. Stikk du innom firmaet på Rysstadmoe­n, så får du høyre setesdølsk av kav karane der.

Treff du på dei på stand på Evjemoen, så er det reklamepla­katar og brosjyrar på nynorsk du får auge på. På heimesida likeså.

Rysstad Laftebygg AS er etter vår meining ein svaert allsidig og verdig vinnar av naeringsli­vsprisen.

Det er åttande gongen Mållaga på Agder deler ut ein slik pris (sist prisen vart delt ut, var i 2014), og i juryen for 2018 var leiarane og nestleiara­ne i Aust- og Vest-Agder Mållag, Astrid Myhre, Marit Fjordheim, Øyvind Grov og Åslaug Haugå, - og Sigurd Haugsgjerd, Anne Tone Hageland og Jan Kløvstad.

På bildet ser vi at Knut H. Rysstad fekk naeringsli­vsprisen overrakt av jurymedlem Jan Kløvstad under A.O. Vinjekveld­en i Kulturveka i Valle.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ?? Irene Hegge Guttormsen
Irene Hegge Guttormsen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway