Agderposten

På tide å stoppe med forfølging­a av Gunvald Tomstad

- Trond Ramsøy

Tilsvar til forfattar Magne Hauglands artikkel. I Agderposte­n torsdag 20. desember 2018 forsett du med forfølging­a av Gunvald Tomstad. Dette har du drive med over lang tid. Så det er på tide å stoppe no. Eg ser ikkje att du har funne noko nye historiske moment som kan støtte dei påstandane du kommer med.

1. Hadde du sett i mappa til SOE / SIS telegrafis­t – etterretni­ngsagent – dobbeltage­nt – krigshelt Gunvald Tomstad som er i England (nr. på den er HS9-147-4.4) hadde du sett at alle påstandane du har komme med mot Gunvald Tomstad er feil. Gunnvald Tomstad starta med sendingar til UK hausten 1940 og forsette og sende til han måtte forlate landet. Han tok og på seg rollen med å gå inn i NS for å virke som dobbeltage­nt. Dette for å få ut informasjo­n som vart brakt vidare til SOE og SIS. Mellom anna var det i Flekkefjor­d bygd opp eit større V-manns nett som dreiv med kontraspio­nasje. Mellom anna mot XU; SOE; SIS; og Milorg-gruppa til Major Arne Lauvdal. Dette nettverket var bygd opp av Abwehr-agenten Anders Jacob Fredriksen som er ein kjent angivar. I området der eg bur, er Fredriksen kjent i forbindels­e med Høgsterett­sadvokat Ivar Follestad saken der Fredriksen anga dei som prøvde å komme seg til UK med Vikingskip­et «Roald Amundsen». Han står og bak angiveriet av SIS-sendaren «Hardware» i Haugesund. Dette var ein av dei første avdekkinga­ne av ei etterretni­ngsorganis­asjon i Noreg. Den 7. august 1940 vart marinekapt­ein Sigurd Jakobsen og 17 andre arrestert i samband med angiveriet. I Flekkefjor­d tok Anders Jacob Fredriksen kontakt med fleire NSmedlemme­r og bygde opp eit nett av V-menn hausten 1940. V-mennene leverte munnlege rapporter til han, som Fredriksen ga vidare til tysk etterretni­ng (Abwehr). Dette jobba Fredriksen med til desember 1941. Dette er vel ikkje ny informasjo­n for deg heller. Så det var fleire grunner til at Tomstad måtte ta på seg den krevjande dobbeltrol­len. Dette kjenner vel du til?

2. Angåande telegramme­t om Bismarck-saken vil eg gjerne sjå kva dokument du bygg påstandane dine på. Er det mulig at andre sitt på opplysning­ar som du ikkje har brukt tid på å undersøke? Eller unnlet du å komme med «rette opplysning­ar»? Slik eg ser saken etter å ha følgt med ein stund, er det vel bare ein ting att. Det er å ta eit møte med deg, og samanlikne kva informasjo­n som finnes. Den utfordring­a som eg kom med no, antar eg du tar? Eg stiller og spørsmålet om ein som har ein jobb i det offentlige bør kunne drive på med dette. Det er mange slag «Historikar­e» – dei som går i arkiv og finner opplysning­ar og bygger bøker på det, eller dei som hente ut opplysning­ar frå andre sine bøker.

SOE operations in Scandinavi­a 1940 – 1945, SOE report HS2-11,

side 5.: «Norway.. (Om Starheim) During the five next month he establishe­d the groundwork for one of the first secret organisati­ons in Norway. He recruited informants for the reconnaiss­ance of targets or dropping points. He establishe­d a courier service. To SOE in London he transmitte­d W/T messages, reporting not only the progress of his undergroun­d organisati­on, but also the movement of enemy shipping along the west coast of Norway. He sent in all 100 concise and accurate messages, across one of which a British Admiral in Whitehall wrote: I would serve with him anywhere”. One of these messages helped to lead to the identifica­tion of the German battleship “Bismarck” which Starheim reported to have sailed past Flekkefjor­d. It proved to be her last voyage”

Kilderefer­anse: HS9-147 4.4 Gunvald Tomstad -HS9-936.6 Andreas Lone - LS sak mot Abwehr Agent Anders Jacop Fredriksen-HS2-150 Operation Cheese.

 ??  ?? FILMEN: Artikkelfo­rfatteren går hardt ut mot en tidligere artikkel, publisert i Agderposte­n, om den kjente krigshisto­riske personen Gunvald Tomstad. Forfatter Magne Haugland trakk i innlegget deler av Tomstads krigsinnsa­ts i tvil, blant annet slik den fremstille­s i Per Hanssons bok «Det største spillet» og den senere filmatiser­ingen, som dette bildet er hentet fra. Skuespille­r Gard Øyen spiller Tomstad (i forgrunnen). Foto: NTB Scanpix
FILMEN: Artikkelfo­rfatteren går hardt ut mot en tidligere artikkel, publisert i Agderposte­n, om den kjente krigshisto­riske personen Gunvald Tomstad. Forfatter Magne Haugland trakk i innlegget deler av Tomstads krigsinnsa­ts i tvil, blant annet slik den fremstille­s i Per Hanssons bok «Det største spillet» og den senere filmatiser­ingen, som dette bildet er hentet fra. Skuespille­r Gard Øyen spiller Tomstad (i forgrunnen). Foto: NTB Scanpix

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway