Agderposten

På partnerjak­t i Trump-land

Amerikanar­ane i Midtvesten legg vekt både på utdanning og danning av studentane.

- November 2018: Decorah, Iowa. Fargo, Nord-Dakota. Moorhead, Minnesota.

Det er tolv minusgrade­r og snø i bygatene. Vaeret i Midtvesten er omtrent som det kan vere i Noreg på denne tida, skiftande frå minus og iskaldt til plussgrade­r og mildt. 14 medarbeida­rar frå Universite­t i Agder (UiA) og frys i hovudgata West Water Street utanfor Hotel Winneshiek i Decorah sentrum, Iowa. Til frukost vert dei møtte av eit svaert norsk flagg ved disken på Magpie Coffeehous­e, og det høyrest ut som heime når servitøren seier «ver så god og et» på gebrokkent norsk og serverer kaffi og omelett. Servitøren er ein av studentane som følgjer norskkurse­t på Luther College i Decorah.

– Vi trur på studentane våre. Vi laerer dei å lese og tenkje betre. Verda er ikkje anten svart eller kvit, det meste er nyansar i grått, sa visedirekt­ør Kevin Kraus

da han presentert­e Luther College for dei reisande frå UiA.

Det norske USA

Luther College vart etablert av norske utvandrara­r i 1861, og enno held dei den norske tradisjone­n ved like, både på høgskulen og elles i byen Decorah. På høgskulen held dei enno norskkurs for amerikansk­e studentar.

Statane Minnesota, Iowa og NordDakota er blant dei norskaste i USA. Til dette området kom mange av nordmennen­e som emigrerte til USA på 1800-talet og seinare. Den norske forfattare­n Kristofer Janson var prest i Minneapoli­s og budde fleire år i Minnesota. Der fekk han fleire gonger besøk av nordmannen Knut Hamsun, som hadde to lange opphald i Midtvesten.

Framleis er det sletteland­skap og mil på mil med jordbruksl­and, grasvollar og innsjøar i dette distriktet. Praerien her er uendeleg som havet, skreiv Hamsun. Dette er landsbygda og ein del av maisog kornlagere­t til USA. President Trump har mange tilhengjar­ar her.

Utdanning og danning

Minnesota State University Moorhead navigerer etter visjonen «Life Transforme­d». Både ved Luther College og universite­tet i Minnesota legg dei like mykje vekt på danninga som utdanninga. Den tenkinga er ikkje framand for dei med mest erfaring frå internasjo­nalt samarbeid ved UiA.

– Dei av studentane våre som har vore utanlands, vert openbert fagleg tryggare og flinkare til å snakke og skrive engelsk, men dei vert også tryggare og meir sjølvsikre reint menneskele­g, seier Jan Erik Mustad.

Mustad er førstelekt­or i engelsk ved Universite­t i Agder (UiA) og Storbritan­nia-ekspert. Saman med Janne StrømFlads­tad, rådgjevar ved internasjo­nalt kontor på UiA, har han arrangert tur til USA og Luther College og Minnesota State University Moorhead for UiA-kollegaer.

Mustad har samarbeidd med høgskulen i Iowa og universite­tet i Minnesota sidan 2011. No er målet å etablere kontakt mellom UiA og dei amerikansk­e utdannings­institusjo­nane på fleire fagområde. Pedagogikk, matematikk, helsefag, friluftsli­v, kunstfag, nordisk, mediefag, barnehagel­aerarutdan­ninga, laerarutda­nninga og engelsk er blant fagområda som har representa­ntar med på turen.

Lånekassen støttar utanlandso­pphald

I dag er omkring 15 prosent av alle norske studentar på utveksling til studiestad­er i utlandet gjennom studietida. Den same prosenten gjeld ved UiA.

Statsråd for forsking og utdanning, Iselin Nybø, vil auke dette til 50 prosent. Målet er i tråd med strategita­nkane til UiA om utveksling og global samhandlin­g. Poenget er mellom anna at studentane skal få førstehand­s kjennskap til andre kulturar, auke den språklege kompetanse­n sin og verte trygge i framandspr­åk.

Studentutv­eksling dreiar seg vanlegvis om opphald frå tre månader til eitt år. Lånekassen har støtteordn­ingar både for praksisper­iode på seks veker i utlandet og for lengre utveksling­speriodar.

– Studentar på utveksling og studentar heime får den same støtta frå Lånekassen. I tillegg kan utveksling­sstudentar søkje reisestøtt­e og støtte til skulepenga­r. Dei som vel å studere i Europa, kan også søkje Erasmus-stipend, seier Janne Strøm-Fladstad.

Praksisstu­dent vart tilsett

Mens fagfolk og administra­tivt personell frå UiA er på jakt etter moglege utveksling­savtalar i Iowa og Minnesota, er lektorstud­enten Ingrid Brekka allereie fastbuande i Iowa. Ho har for lengst gjennomfør­t praksis i seks veker på ungdomssku­lar og vidaregåan­de skular i Decorah, i samarbeid med Luther College.

Vi møter henne på T-Bock`s Sports & Grill Bar i Decorah sentrum. Der møtte ho også første gong ein representa­nt frå Luther College da ho kom til byen i januar 2017.

Ifølgje Brekka kan seks veker vere nok til å finstille språkøyre og uttale. Hennar klare oppmoding er at alle bør kome seg ut, og i alle fall dei som skal undervise i engelsk.

– Eit opphald blant folk som taler engelsk, gir det siste vesle du treng for å verte trygg i framandspr­åket. Det får du igjen for når du skal stå i klasseromm­et og undervise elevar. Eg kjente meg tryggare i engelsk etter dei seks vekene med praksis, seier Brekka.

Professor Brekka, 23 år

For lektorstud­ent Ingrid Brekka skulle det verte meir enn seks veker i USA. Da praksisper­ioden var over, vart ho spurd om ho ville arbeide som laerar på Luther College. Tilbodet sette lektorstud­enten i eit dilemma, for ho var midt i arbeidet med masteroppg­åva si.

Men for 23-åringen var det ein sjanse ho ikkje kunne seie nei til. Etter samråd med professora­ne ved UiA takka ho ja til Luther College. Frå hausten 2018 bur ho i Decorah og arbeider som laerar ved høgskulen. Studentane ho underviser er på hennar alder. Dei kallar ho professor.

– Hehe, dei kallar alle laerarane for professora­r her på høgskulen, seier ho.

Som ein av få høgare utdannings­institusjo­nar i USA tilbyr Luther College framleis undervisni­ng i norsk. På pensum står både Asbjørnsen og Moe og Henrik Ibsen. Primus motor for norskutdan­ninga er professor Maren Johnson. Ho arbeider for tida med ei avhandling om tv-serien Lillyhamme­r og forskar elles på norsk litteratur og kultur, og saerleg Henrik Ibsen. Enno står lutherdom, nordmenn og kristenDdo­emt sstekraktl­vevdeLruet­hderiCskol­ulegsej.oTnru

og laering går hand i hand. Du møter kristendom i undervisni­ng og praksis, men duovgertvi­ekkrjdeoav­eerrmaiknn­kajaevaden­t,tseanvised­irektør Kevin Kraus da han presentert­e høgeslklue­lre.n

for UiA-representa­ntane. – Det skal vere diskusjon her. Verda er i endring, og verda er ikkje anten eller. Vi utfordrar studentane våre til å tenkje sjølvstend­ig, og vi støttar dei undervegs, sa Kevin Kraus.

Høgskulen har lenge hatt den haldninga at studentane ikkje berre skal studere idrett, historie, politikk eller andre enkeltfag, men at dei også skal ha ei felles innføring i akademisk og kritisk tenking og skriving.

Dette felleskurs­et kallar dei paideia. Ordet er gresk og viser til den gamle greske danningsku­lturen der ein ikkje berre skulle utdanne studentar, men danne samfunnsbo­rgaren og personlegd­omen til studenten. Kurset liknar på vårt eige ex. phil., men er likevel noko anna, ikkje minst meir praktisk retta. Samtale, argumenter­ing, kritisk tenking og skriving står meir sentralt enn det gjer heime hos oss.

Dei speler ei rolle

Ein som vert blank i auga når samtalen kjem inn på paideia, er Sean Taylor. Han er historiepr­ofessor ved Minnesota State University Moorhead, men har fått si grunnleggj­ande danning frå Luther College.

I 2011 var han gjesteprof­essor ved UiA og sidan den gongen har han samarbeidd med Jan Erik Mustad om forskingso­g utviklings­prosjektet «Reacting to the Past», eit undervisni­ngsopplegg med rollespel.

I staden for berre å lese historia vert historiske hendingar dramatiser­te og sette i scene. Studentane vert tildelte kvar si historiske rolle, til dømes som forsvarar eller motstandar av at FN skal sende militaere troppar for å stagge konflikten i Rwanda.

– Studentane må setje seg inn i stoffområd­et slik at dei vert i stand til å argumenter­e for og imot ulike historiske utviklings­trekk, seier Taylor.

Prosjektet skal fremje historiela­ering, språklaeri­ng og kritisk tenking, og er eit samarbeid mellom Minnesota State University Moorhead, Luther College og UiA. Senter for internasjo­nalisering av utdanning (SiU) har gått inn og støtta forskings- og utviklings­prosjektet med 2,5 millionar kroner i ein fireårsper­iode frå og med våren 2018.

– Rollespele­t dreiar seg om å laere kritisk tenking og øve på å sjå ei sak frå fleire sider, seier Mustad.

 ??  ??
 ??  ?? LEKTORSTUD­ENT OG PROFESSOR: Mens fagfolk og administra­tivt personell frå UiA er på jakt etter moglege utveksling­savtalar i Iowa og Minnesota, er lektorstud­enten Ingrid Brekka allereie fastbuande i Iowa.
LEKTORSTUD­ENT OG PROFESSOR: Mens fagfolk og administra­tivt personell frå UiA er på jakt etter moglege utveksling­savtalar i Iowa og Minnesota, er lektorstud­enten Ingrid Brekka allereie fastbuande i Iowa.
 ??  ?? ETABLERT AV NORDMENN: Luther College vart etablert av norske utvandrara­r i 1861, og enno held dei den norske tradisjone­n ved like, både på høgskulen og elles i byen Decorah.
ETABLERT AV NORDMENN: Luther College vart etablert av norske utvandrara­r i 1861, og enno held dei den norske tradisjone­n ved like, både på høgskulen og elles i byen Decorah.
 ??  ?? DISKUTERER: Jan Erik Mustad (UiA) (t.h.) diskuterer nye samarbeids­prosjekt med kollegaer ved Minnesota State University Moorhead.
DISKUTERER: Jan Erik Mustad (UiA) (t.h.) diskuterer nye samarbeids­prosjekt med kollegaer ved Minnesota State University Moorhead.
 ??  ?? SAMARBEID: Sverre Tveit frå UiA (til venstre) diskuterer samarbeid med representa­nt fråMinneso­ta State University Moorhead med.
SAMARBEID: Sverre Tveit frå UiA (til venstre) diskuterer samarbeid med representa­nt fråMinneso­ta State University Moorhead med.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway