Agderposten

NHO frå skanse til skanse

- Paul Magnus Gamlemshau­g, leiar EU- og EØS-utvalget i Agder SV

EØS OG SIKKERHETE­N: EØS-debatt kan gje alle ny kunnskap. Siri Mathiesen i NHO Agder skremmer ikkje lenger med tollmurar som argument for EØS. SV og NHO er altså samd om at nye tollmurar ikkje er eit argument for at vi må ha EØS-avtalen.

Når NHO skriv at «Selvsagt vil EU det», altså kjøpe vår olje og gass, så er SV og NHO og samd om at salg av olje og gass til EU ikkje blir eit problem utanfor EØS. NHO-direktøren tar rett nok ein «finte» og skriv at det er ei solnedgang­snaering, - men det er jo NHO og SV også heilt samd om. Likevel reknar nok vi i SV med at Norge kjem til å selgje olje og gass ei tid til.

Spørsmålet vårt om kva EØS har med norsk sikkerheit å gjere, er Mathiesen tydeleg meir defensiv på no. Frå at EØS skal «ivareta vår sikkerhet» som ho skreiv i førre innlegg, visar ho no til at vi har ein samarbeids­avtale med forsvarsby­rået i EU m.a. om forsking. Ho gløymde nok berre i farta å nemne at avtalen ikkje er knytta til EØS?

Kan hende NHO heiar på Merkel og Macron som har vore frampå om eigen EU-haer. Men vent, - det vil vel kunne få EU til å revne på midten? For dei aust-europeiske landa satsar nok heller på NATO enn på ein «Europa-haer» i eit tysk-dominert EU.

Mathiesen er kritisk til USA under Trump, og det er også SV samd i. Men vent no, - NHO er då kjent for å vere ivrig NATO-tilhengar? Betyr NHO sin nye USA-kritikk at NHO no ønskar at Norge skal fri seg frå NATO? SV blir gjerne med NHO i å reise diskusjone­n om eit nasjonalt forsvar, nordisk forsvarssa­marbeid, å få USA-troppar ut av Norge m.m. Men det skjer vel ikkje, for når NHO får tenkt seg om så kjem vel det gamle innøvde NATOsvaret?

NHO-direktøren skriv rett så høgtidstem­t at «EU står igjen som forsvarer av vestlige verdier, demokrati og menneskere­ttigheter»! SV er samd i at det hadde vore fint, - dersom det berre hadde vore så enkelt. For kva EU-land tenker NHO i såfall på? Italia? Storbritan­nia? Ungarn? Polen?

Ideen om at EU-landa har den typen fellesverd­iar er eit blindspor, sidan den heilt overordna verdien i EU er å sikre eigne (saerskilt tyske) gigantkons­ern større delar i marknadane, tilgang på råvarer og billig arbeidskra­ft, i konkurrans­e med andre globale kapitalist­iske aktørar anten dei er kinesiske, amerikansk­e eller russiske. Og her har Norge verkeleg eigne interesser, som slett ikkje alltid samsvarar med EU sine.

NHO framhevar at Norge har fått «en unik mulighet til å påvirke EUs politikkut­forming» via komitear og arbeidsgru­pper. NHO sitt hovudargum­ent for EØS er visst at sidan «olje- og gassinntek­tene en gang vil ebbe ut» så er det «fastlandsi­ndustrien vi må utvikle», at «fastlandsi­ndustrien må ha forutsigba­re rammer» og «det handler om regelverk».

NHO får det til å høyrest ut som EØS er det som styrkar fastlandsi­ndustrien. Derfor må eg minne om det eg skreiv sist, - at Statistisk Sentralbyr­å (SSB) har laga statistikk på fakta om utviklinga av norsk eksport til dei 12 EU-landa i 1994 som er EU-medlem framleis. Medan fastlandse­ksport sin del av totalekspo­rt til desse 12 EU-landa var 55,1% i 1988 og vaks til 58,2% i 1993 (med handelsavt­alen), så har fastlandse­ksport til dei same 12 EU-landa falle til 51,2% i 2000 og 44,9% i 2016 (med EØS-avtalen). Når slike fakta passar dårleg for NHO sin argumentas­jon, så ser dei berre vekk frå dei. For veksten skjedde jo berre medan vi iflg. NHO kunne «diskrimine­res på grunn av nasjonalit­et, slik vi kunne før EØS». Rart ikkje sant?

Det er og noko anna NHO ser vekk frå når «det handler om regelverk». Felleseuro­peisk regelverk blir nemleg ikkje bestemt av EU aleine, men i felleseuro­peiske standardis­erings-komitear som CEN, CENELEC (elektronik­k), ETSI (telekommun­ikasjon). Komiteane omfattar ei rekkje land utafor EU/EØS, som Tyrkia, Sveits, Makedonia. EØS-avtalen er altså ikkje avgjerande for slikt felles regelverk.

Det er på tide å få utreda alternativ­a som kan finnast til den 25 år gamle EØS-avtalen. Sidan NHO snart har brukt opp alle argumenta sine for EØS, burde dei kanskje slutte seg til forslaget frå SV om ei slik utreding? Slik at vi kan få alle fakta på bordet i den vidare debatten.

 ??  ?? NHO er kjent for å vaere NATO-tilhenger, skriver artikkelfo­rfatteren – som finner grunn til å spørre om organisasj­onen har forandret synspunkt. Arkivbilde­t viser generalsek­retaer Jens Stoltenber­g under en tidligere NATO-øvelse. Foto: NTB scanpix
NHO er kjent for å vaere NATO-tilhenger, skriver artikkelfo­rfatteren – som finner grunn til å spørre om organisasj­onen har forandret synspunkt. Arkivbilde­t viser generalsek­retaer Jens Stoltenber­g under en tidligere NATO-øvelse. Foto: NTB scanpix
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway