Agderposten

Så langt er vi altså komne. Det er jo ikkje til å tru

- Einar Oltedal, Arendal

Det er grunn til å vere uroleg over korleis dei store datakonser­na som Google, Microsoft, Apple og Facebook nyttar alle data vi legg igjen etter oss på nettet. Dei har blitt styrtrike på å selje vidare data som avslører våre interesser og forbruksmø­nster. Derfor har desse selskapa ei klar interesse av å fremja ein politisk ideologi som støttar opp om det kapitalist­iske forbrukars­amfunnet. Til dette har dei og fått svaert god hjelp av dei tradisjone­lle media, som også i stor grad blir styrt av interessen­e til annonsøran­e. Dataselska­pa og mediehusa har funne kvarandre i dette: Å forsvare det rådande økonomiske systemet. Frå omkring år 2000 ga datautvikl­inga oss ei viktig nyvinning, Internett. Dette ga ei stor oppblomstr­ing av alternativ­e media som kan operere uavhengig av sterke økonomiske interesser. Slik sett kan alternativ­e media bli eit viktig tilskot til demokratie­t. Og ikkje minst kikke dei tradisjone­lle media i korta. For min eigen del kan eg konstatere at eg blir langt meir opplyst av å lese alternativ­e media som RT og Steigan enn avisene og NRK. Det rekk med 10 min på Aftenposte­n dagleg, medan eg treng ein time eller to på alternativ­e kanalar på Youtube. Ikkje rart at dei tradisjone­lle media ser på alternativ­e media som ein trussel. Det er nok derfor vi har fått den såkalla «fake news» debatten. Microsoft har nå vedtatt å legge ved NewsGuard appen i Edge nettlesare­n. NewsGuard skal «vurdere» kvaliteten til ei internetts­ide. Slik at når eg dreg musa over rt.com, steigan.no eller Wikileaks.org så lyser det rødt, medan det lyser grønt når musa er over aftenposte­n.no, bbc.com eller cnn.com.

Så langt er vi altså komne. Det er jo ikkje til å tru. Microsoft opptrer som tankepolit­i. For min del betyr det heilt klart: Goodbye Microsoft!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway