Agderposten

Ga driftsansv­aret for Sørlandsba­nen til selskapet som har hatt dei mest misnøgde togpassasj­erane

SV meiner det er viktig å kunne vedta nasjonalt kva jernbanepo­litikk som skal gjelde i Norge. Men dersom Stortinget godtar EU sin Jernbanepa­kke 4 vil vi ikkje kunne gjere det lenger.

- Mirell Høyer-Berntsen, fylkesordf­ørarkandid­at for Agder SV Inger Brokka de Ruiter, ordførarka­ndidat for Arendal SV Mali Steiro Tronsmoen, ordførarka­ndidat for Kristiansa­nd SV Alf Holmelid, fagleg leiar i Agder SV Paul Magnus Gamlemshau­g, leiar i EU/EØ

Då kan ikkje Norge vedta noko anna enn EU sine krav til liberalise­ring, oppdeling og privatiser­ing av jernbanen.

Go Ahead som regjeringa ga driftsansv­aret for Sørlandsba­nen og Arendalsba­nen etter anbodsrund­a, er det selskapet som har hatt dei mest misnøgde togpassasj­erane i Storbritan­nia og i tillegg har vore blant dei dyraste. Dersom dei driftar Sørlandsba­nen og Arendalsba­nen like dårleg vil det garantert bli naudsynt å ta drifta tilbake til det offentlege. Dersom Jernbanepa­kke 4 blir godtatt vil det berre bli mogleg å reversere dette etter å ha meldt oss ut av EØS.

Med Jernbanepa­kke 4 tvingar EU all jernbanedr­ift ut på anbod og over i privat drift. Private aktørar ønsker jo i første rekke å tene pengar, og legg derfor stort press på kostnadsku­tt og høgare prisar.

EU reviderer også lokførardi­rektivet og reduserar kravet til opplaering for lokførarar og anna togpersona­le. Då blir det dårlegare sikkerheit. I tillegg blir det harmoniser­ing av alt regelverk, og EU-organet ERA (European Union Railway Agency) får ansvaret for å godkjenne alt togmaterie­ll.

Pga. krevande geografi og hardført klima må Norge stille saerskilt strenge sikkerheit­skrav. Dette står i motstrid til fri konkurrans­e. Med Jernbanepa­kke 4 kan ikkje Norge ha strengare krav til sikkerheit og kvalitet enn det som gjeld i resten av EU/EØS. Sidan Norge ikkje er EU-medlem så både kan og må stortingsf­leirtalet seie nei til Jernbanepa­kke 4 og bruke vetoretten i EØS-avtalen, slik ein samrøystes LO-kongress i 2017 vedtok. Vi i Agder SV står saman med ei samla norsk fagrørsle bak dette kravet.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway