Agderposten

Miljøvernm­inistrane kappast om mest mulig vern på kortast tid, for mellom anna å imøtekome miljøforkj­emparane

- Svend Lauvrak, Mykland

Stortinget bad i 2016 regjeringa sette eit mål om å verne 10 prosent av offentleg og privat eigd skog i Norge. Denne målsetting­a er då også nedfelt i regjerings­plattforma frå 2018 som seier at målet for regjerings­partia er vern av 10 % av skogen gjennom privat frivillig vern og vern av offentleg eigde skogareal.

Det skal leggast vekt på at vernet skal skje på ein slik måte at det får minst mulig negative konsekvens­ar for avverkinga og for skognaerin­ga sitt bidrag til det grøne skiftet.

Etter oppgåver av Landsskogt­akseringa er det i Norge eit produktivt skogareal på 85,7 mill. dekar. Ved utgangen av 2018 var det i Norge verna 3,5 % av det produktive skogareale­t, det vil seie om lag 3 mill. da. Fram til målet om 10 % vern står det då att å verne 6,5 % eller om lag 5.6 mill. da. Det aller meste av verna areal i Norge er verna som nasjonalpa­rker, naturreser­vat og landskapsv­ernområde.

Skogbruket er pålagt mange restriksjo­nar på bruk av privat og offentleg skog som stoppar eller setter grenser for skogbruksv­erksemd og som i realiteten er vern, utan at arealet kjem med i vernestati­stikken. Dette setter grenser for aktivt skogbruk over store areal.

Ein må også ta med at det tidlegare er lagt ut eit betydelig verneareal i strandsone­r langs kysten. I tillegg er det verna mange lokalitete­r med t.d. myr eller sjeldne treslag. Mange spesielle tre er også verna.

Terrenget i Norge er kupert med mye fjell, bratte lier og trongedala­r. Store delar av skogareale­t er korkje økonomisk eller praktisk drivverdig. I Rapport frå Skog og Landskap nr. 11/2011 er det gjort eit estimat over drivverdig/ikkje-drivverdig skog i alle kystfylka frå Rogaland til Troms. Desse 8 fylka har til saman eit produktivt skogareal på 30.9 mill. da, og det er ca. 36 % av all produktiv skog i landet. Arealet ikkje-drivverdig skog er sjølvsagt mye avhengig av dei føresetnin­gane som er lagt til grunn, noe også rapporten peikar på. Men tala kan likevel gje ein peikepinn på kva areal ein talar om.

Dei andre skogfylka som då har meir enn 60 % av all produktiv skog har også skog med lange driftsvega­r og vanskeleg driftsterr­eng. At mye terreng er vanskeleg å drive i vil alle forstå som køyrer litt kring på Agder, i Telemark eller i mange av dei indre dalstroka på Austlandet. Store areal, til dels samanhenga­nde, i bratte, utilgjenge­lege lier har ikkje vore driven tidlegare og vil heller aldri kome til å bli det. Dei ligg der som evige urskogar bare påverka av vaer og vind. Dessutan er det i dei aller fleste skogeigedo­mane mange større eller mindre areal i elles drivbare områder som på grunn av vanskeleg drift ikkje blir nytta til skogbruk.

Ikkje drivbart og bandlagt areal er langt større enn det areal storting og regjering har vedtatt som mål for skogvern i Norge. Målsetting­a om 10 % skogvern er til overmål oppfylt. Store og små areal skog og skogmark har på grunn av utilgjenge­leg og vanskeleg terreng aldri vore i bruk og vil alltid bli liggande unytta. Det er areal som på grunn av si naturlege utvikling utan menneskele­ge inngrep er minst like verneverdi­g som storparten av dei areal som til nå er verna. Areala er som eit lappeteppe over heile landet og fyller fullt ut og meir enn det, dei vernekrava skogbruket er pålagt.

Staten har dei seinare åra løyvd 4 -500 mill. kr. årleg til skogvern, det er pengar som kan nyttast til viktigare føremål. Når enkelte forkjempar­ar av vern seier dei skjemst av lågare verneprose­nt enn andre land dei samanlikna­r seg med, så vitnar det om manglande kunnskap om norsk skogbruk, og kan ikkje anna enn å bli oppfatta som eit humoristis­k innspel i ein elles alvorleg nok debatt. Vi har meir enn nok areal i Norge som tilfredsst­iller viktige krav til skogbruket. Desse areala ligg slik dei alltid har gjort, upåverka av alle vitskapele­ge registreri­ngar og byråkratis­ke vernevedta­k. Dei er med på å utføre dei pliktar skogbruket i ei vernetid er pålagd, å verne om artar som lever i skog og sikre det biologiske mangfald. Dette veit også mange verneaktør­ane, men for statistikk­en tel bare areal som biologar har vurdert og som til slutt er verna ved kongeleg resolusjon. Det er større grunn til å vere skeptisk til dei folkevalde sin kunnskap om Norsk skogbruk.

Etter at myndigheta­ne opna for ordninga med frivillig vern har vernearbei­det skote fart, og dei forskjelli­ge miljøvernm­inistrane kappast om mest mulig vern på kortast tid, for m.a. å imøtekome miljøforkj­emparane. Store tap blir det for skogbruket i Norge når store samanhenga­nde skogområde med økonomisk drivbar skog og i strid med eigarane og skogbruket sine interesser, blir bandlagd. Når det dessutan blir verna i eit omfang som går ut over framtidig virkestilg­ang til industrien, får vern store økonomiske ringverkna­der. Det er også i strid med regjeringa si vedtekne programerk­laering.

(Innlegget er forkortet. Red.)

 ??  ?? SKOGSVERN: Artikkelfo­rfattewren, som også er tidligere skogbrukss­jef i Froland, skriver om det han mener er overdreven­t vern av skogsareal­er. Illustrasj­onsfoto: NTB
SKOGSVERN: Artikkelfo­rfattewren, som også er tidligere skogbrukss­jef i Froland, skriver om det han mener er overdreven­t vern av skogsareal­er. Illustrasj­onsfoto: NTB
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway