Agderposten

Parti som tar ansvar for heile samfunnet slit i dag

Frå 1970-talet blei Venstre det klare og leiande miljøparti­et i landet. Venstre var partiet som skapte miljø- og klimapolit­ikk og la grunnlaget for mykje av den miljøkampe­n som seint om senn har vunne fram i fleire parti.

-

Men veljarane og media syntest det var uforsvarle­g å ha synleg politikk berre på eitt område, - og ikkje ha politikk for alle viktige område.

Frå sist på 1980-talet utforma dei erfarne kommunepol­itikarane og heile partiet Venstres politikk på alle felt: miljø og samferdsle, skattemode­llar, gründarar, personvern, skole, omsorg, forsvar, kultur.

I ein leiarartik­kel laurdagen før valet i 2017 (9. september) skreiv Aftenposte­n at ”Tre partier forstår best hvilke endringar Norge må gjennom”. Og vidare: ” På borgerlig side utvikles den beste politikken når tyngdepunk­tet ligger i Høyre, med innslag av Venstres politikk på klima, nyskapning, skole og arbeidsliv. På venstresid­en er det et sterkt nok Ap som er garantiste­n for at en eventuell ny regjering går i gang med en viktig reform som gagner Norge på lang sikt.”

Men parti som

tar ansvar for heile samfunnet slit i dag, i heile Europa, - og i USA. Mange vil ha enkle løysingar, ”spissa bodskap”, ”tydeleg politikk”, éi sak av gongen og ofte så mykje i svart-kvitt at vi må lure på om fargefjern­synet eigentleg er oppfunnen. I eit lesarinnle­gg i Aftenposte­n i fjor haust hadde ein skribent funne forklaring­a på at folk ikkje kunne stole på politikara­r. Kronargume­ntet hans var at Venstres Odd Einar Dørum hadde sagt at det er viktig å ha to tankar i hovudet på ein gong. Innsendare­n meinte det avslørte korleis ”den politiske eliten” lurte folket.

Venstre har solid

tradisjon for å drøfte seg fram til løysingar på alle samfunnsom­råde, bygt på ettertanke, fakta og det verdfulle i å ha både eit internt partidemok­rati og eit samspel med resten av samfunnet. Venstre trur på likeverd og respekt for alle. Samstundes er det liberale samfunnet alltid på veg, utan eit ideologisk endepunkt. Dette ligg til grunn for miljøpolit­ikken, naeringspo­litikken, oppvekstpo­litikk og helsepolit­ikken til Venstre. Vi ser at dei enkle løysingane ”rett frå levra”, også dessverre ofte bygt på mistillit og mistru dyrka i ekkokammer, har medvind akkurat nå. Vi har stor tru på at folk vil få større sans for at noen vil ta ansvar for heilskapen, for at alle interesser blir lagt på same vekta – samtidig – for å finne løysingar til det beste for bygd og by, landet og verda, vi som lever nå og dei som kjem etter oss. Det er dette politikk skal handle om.

 ?? Jan Kløvstad Fylkesting­smedlem for Venstre i Aust-Agder ??
Jan Kløvstad Fylkesting­smedlem for Venstre i Aust-Agder

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway