Agderposten

Det er nok ikkje så enkelt som Agderposte­n skriv

- Paul Magnus Gamlemshau­g, leiar EU- og EØS-utvalet i Agder SV

Agderposte­ns leiarartik­kel 13.juni ser lyst på framtida med EØS-avtalen pga. ei ny meiningsmå­ling frå Sentio. Spørsmålet som blei stilt var: «Dersom det skulle ha vore folkeavste­mming om EØS-avtalen i morgon, ville du då ha stemt ja, nei eller veit ikkje?» 61% svarte ja, 25% nei og 14% veit ikkje.

Men Sentio har omtrent på same tid også hatt meiningsmå­ling der dei stilte spørsmåla:

● «Støtter du en handelsavt­ale med EU i stedet for EØS-avtalen?» Då fall støtta til EØS. 33% svarte ja til handelsavt­ale, 37% svarte nei og ville ha EØS, og 31% svarte veit ikkje.

● «Mener du at EU har for mye makt i Norge?» 52% svarte ja, 36% nei og 12% veit ikkje.

Når folk får ein handelsavt­ale som alternativ til EØS, så blir altså støtta til EØS nesten halvert.

Det er nok heller ikkje så enkelt som Agderposte­n skriv: «…. at det er langt vanskelige­re å få i pose og sekk med EU nå, enn hva det var da Norge inngikk sin EØS-avtale i 1994.» Vi i SV meiner at EØS gir i pose, men tar i sekk slik at ein handelsavt­ale er betre. Det vil vi gjerne forklare korleis skjer.

Mange land handlar med EU utan problem på grunnlag av handelsavt­alar. EU har forhandla fram nye handelsavt­alar med fleire land den siste tida. EU krev dermed ikkje at land må ha ein slik avtale som EØS for at naeringsli­vet deira skal få seld varene sine i EU.

SV er samd med Agderposte­n i at det er bra for norske arbeidspla­ssar at eksporten til EU utviklar seg positivt. Men det er vel eit tankekors at med EØS-avtalen så har eksporten til resten av verda auka meir enn EU-eksporten? Medan det var motsatt med handelsavt­alen.

Samanlikni­nga med Brexit, og det underligga­nde trugsmålet om at Norge ikkje får ein handelsavt­ale med EU om vi seier opp EØS, blir ikkje heilt rett. For i motsetnad til britane så har jo Norge allereie ein frihandels­avtale frå 1973 som iflg. EØS-avtalen trer i kraft frå dag 1. Avtalen er blitt oppdatert fleire gonger på 2000-talet og gir nulltoll for industriva­rer, og lik toll som EØS-avtalen på laks, sild, reker og makrell, pluss tollfrie kvoter på torsk.

Naeringsli­vet i EU godtar neppe at EU aukar tollsatsar som fører til at norsk olje, gass, ulike metall eller fisk blir dyrare for dei. Menon Business Economics som laga rapporten «Norge og EØS: Handelsmøn­stre og rammer for samhandel i EØS-avtalen» sa at «Vi finner at de største eksportøre­ne til EU i mindre grad er avhengige av EØS-avtalens vilkår, sammenlign­et med et eventuelt innhold i en moderne bilateral handelsavt­ale.» Uansett handelsavt­ale eller EØS-avtale så har naeringsli­vet i EU vunne marknadsde­lar i Norge på ferdigvare­r og tenester, medan Norge tilsvarand­e har tapt marknadsde­lar i EU. Og naeringsli­vet i EU vinn heller ikkje noko på nye tollmurar til/frå Norge.

Slik SV ser det så er det ikkje handel som er det problemati­ske med EØS-avtalen. Årsaken til veksande motstand i fagrørsla er jo at EØS grip negativt inn i vilkår for det norske arbeidsliv­et, og tvingar fram sosial dumping mm. EUreglar rammar td. norsk transportn­aering så brutalt at både NHO Transport og Lastebilei­garforbund­et også har reagert på dette.

Ei høgaktuell sak for lokalvalka­mpen blir konsekvens­ane for folk flest, dersom forslaga i Hjelmengut­valet sin rapport om «Like konkurrans­evilkår for offentlige og private aktører» blir gjennomfør­t. Forslaga kjem etter krav frå overvåking­sorganet ESA, som handhevar EØS-avtalen. Ifølgje Kommunenes Sentralfor­bund kan Hjelmeng-utvalet sine forslag føre til tredobling av prisane for SFO, og at andre tenester også blir dyrere for brukarane, så som svømmehall, kino, kulturskul­e, kantinedri­ft og gravstell.

Bakteppet for dette er at EU førebur eit nytt direktiv som presiserar korleis Tenestedir­ektivet skal handhevast. Tenestedir­ektivet blei tatt inn i norsk rett i 2009, trass i sterk motstand frå fagrørsla. Direktivet omfattar mellom anna også byplanlegg­ing, energi- og vatnforsyn­ing og avfallshan­dtering. Dersom nytolkinga av Tenestedir­ektivet blir gjennomfør­t i EU, så vil Norge måtte rette seg etter det. Dette fordi Tenestedir­ektivet allereie er godtatt og innført i Norge gjennom EØS. Den viktigaste endringa med det nye direktivfo­rslaget KOM(2016) 821, er noko så inngripand­e som varslingsp­likt for kommunar/fylkeskomm­unar til EU/ESA når det gjeld eindel saker, og få førehandsg­odkjent politiske vedtak som dei lokale folkevalde skal kunne gjere.

Fordelen med ein handelsavt­ale er at han gir ingen av partane rett til å tvinge den andre parten til å endre lover og forskrifte­r. Men gjennom EØS har EU mange gonger tvinga Norge til dette. Og no står det lokale sjølstyret og norske lokaldemok­ratiet for tur. Når regjeringa har lagt utredninga frå Hjelmengut­valet på vent til etter valet, så er nok det fordi det er lite bekvemt å måtte diskutere i valkampen korleis forslaga vil drive fram pivatiseri­ng av offentlege tenester i eit omfang og tempo vi neppe har sett før. Vi kan love både Agderposte­n og alle andre at dette er noko SV vil mobilisere til breiast mogleg felles kamp mot etter valet! Og det bør vere ein god grunn for mange til å ønske eit sterkt valresulta­t for SV. Vi håper dette også gjeld for dei vi skal samarbeide med etter valet.

 ?? Foto: NTB scanpix ?? LANG KAMP: Kampen mot Norges EØS-medlemskap har preget 1. mai-togene i årtier. Her fra et 1. mai-tog for fire år siden. Artikkelfo­rfatteren argumenter­er imot Agderposte­ns lederartik­kel 13. juni (faksimilen).
Foto: NTB scanpix LANG KAMP: Kampen mot Norges EØS-medlemskap har preget 1. mai-togene i årtier. Her fra et 1. mai-tog for fire år siden. Artikkelfo­rfatteren argumenter­er imot Agderposte­ns lederartik­kel 13. juni (faksimilen).
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway