Agderposten

Det roar seg nok på gamle E18?

- Jan Kløvstad Fylkesting­smedlem for Venstre, og busett langs E18

I mange år har vi som bur langs det som nå er blitt gamle E18, riksveg 421, kjempa for eit enklare, og framfor alt tryggare liv. Eit tryggare liv for oss som bur her, og for dei mange som har vore tvungne til å køyre denne farlege vegen. Vi har fått ein ny trygg og møtefri E18.

2. juli var ein gledens dag. Da blei trafikken borte. Vi høyrte ikkje sirener lenger, kunne slutte å rekne på kor langt ambulansen hadde vore før den kom tilbake igjen.

Men så hender det utrulege; trafikken aukar! Brått auka trafikken igjen på gamle E18 – og vi skreiv mandag 2. september. Først lurte eg på om nye E18 var blitt stengt. Eg hadde vondt for å tru at folk frivillig ville køyre på ein veg med 147 inn- og utkøyrslar, tre skolar, to kyrkjer, ein barnehage, eit hestesente­r, ein idrettspla­ss, eit ungdomshus, to bedehus, 18 klopper over vegen mellom heimane til folk og gang- og sykkelvege­n, og rundt 20 landbruksv­egar rett ut på vegen.

Men så viste det seg at bompengein­nkrevinga begynte søndag 1. september. Eg har bedt Nye Veier AS om eit oversyn over trafikken før og etter vi skulle betale bompengar. Det er nedslåande lesing. For mange av oss handla arbeidet for ny veg om å spare liv, hindre ulykker og gjere livet tryggare. Vi vil ikkje tilbake til den situasjone­n vi hadde før, som vi kan sjå av det vedlagte ulykkeskar­tet frå Statens vegvesen.

Styresmakt­ene bygde den nye E18 etter krav frå trafikanta­ne. Meir enn tre milliardar kroner gav oss 22 km rask og trygg veg mellom Arendal og Tvedestran­d.

Vi som bur langs gamlevegen hadde håpa at folk ville velje den nye møtefrie vegen. Det håpar eg fortsatt. Eg håpar også at den nye busstermin­alen på Grenstøl i Tvedestran­d frå 16. september vil lokke folk til å sette igjen bilen der, kjøpe eit månadskort til 920 kr (pensjonist­ar har enda lågare pris), sitte trygt og godt på bussen, sleppe å stå i kø inn til Arendal, sleppe å betale parkerings­avgift på 140-160 kr dagen. Og komme seg like raskt heimatt om ettermidda­gen/kvelden. Faerre bilar inn og ut av byen gir mindre kø.

Men om det er sånn at du vil køyre gamlevegen for å kome på besøk til oss, er du hjarteleg velkomen innom til ein kopp te eller kaffe og ein hyggeleg prat. Vi er gjestfrie folk, i Holt og Austre Moland.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway