Agderposten

Glatte vegar: Han som bur der oppdraget er, får ikkje gå ut før han har fått klarsignal

- Inger Juvastøl Evje og Hornnes

Operatøren, den som har oppdraget med å brøyte og strø, få ikkje lov å vurdere når han skal ut.

Så vart vi overraska av vinteren igjen.

I går var det mange som hadde problem med å komme seg på jobb.

Årsaka var, ein glasert vegbane som korkje var salta eller strødd.

Nå er det slik, at alle vegar kan ikkje verte strødd på ein gong. Vi som bur i utkantane må vente, men når det gjeld hovudvegan­e burde der vere farande før kl 7 om morgonen.

Mange skal på jobb, tidlegare enn det. Ein merker rasjonalis­eringa, les: sparinga, over alt.

Og anbud er tingen.

Operatøren, den som har oppdraget med å brøyte og strø, få ikkje lov å vurdere når han skal ut.Nei, vurderinga skal gjerast frå eit kontor i Arendal. ( det gjeld Aust Agder fylkeskomm­une. Nå er vi Agder, og då skal det vel sentralise­rast endå meir?)

Han som bur der oppdraget er, og veit om der er glatt eller ikkje, han får ikkje gå ut før han har fått klarsignal frå øverste hald.Så om der er glatt i dei indre bygder, så lyt innbyggjar­ane ta den støyten, både reellt, og i overført tyding av ordet.

Og den morgonen det her er tale om, hadde meteorolog­ane eit klart og tydelig vervarsel. Alle måtte skjøne at vi ville få problem med regn som fraus på bakken.Men anbud er anbud, og står det i papira at dei ikkje skal ut før 7 om morgonen, nei, så skal dei ikkje ut med strøing eller salting, før det, samme kor glatt det er på vegane.

Eit anna døme har vi frå ein kommune vest i Agder, eg meiner å hugse at det var Lyngdal.

Vi fekk ein smak av vinter i november, med eit temmeleg snøfall i nemnte kommune.Der var ingen som rykkja ut og brøytte.

Kvifor? Jau, fordi anbudet på snørydding, galdt fyrst frå 1. desember.Det vart rydda etter kvart, men kor mange bilar som fekk problem før det, veit vi ikkje.

For at stat og kommune skal spare, så er det bare å velte kostnadane over på brukarane.

 ??  ?? DET VAR KAOS PÅ VEIENE 3. DESEMBER. FOTO: Elisabeth Grosvold
DET VAR KAOS PÅ VEIENE 3. DESEMBER. FOTO: Elisabeth Grosvold

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway