Agderposten

Kan staten kjøpe industrito­mta på Hasseltang­en og gjere ho til ein del av nasjonalpa­rken, miljøminis­ter?

Gode klima- og miljøminis­ter Sveinung Rotevatn.

- Halvor Tjønn Forfatter og journalist

Ettersom du er ansvarleg for vern av naturmiljø­et i Noreg, vil eg gjerne venda meg til deg i ei viktig sak, nemleg den moglege utbygginga av ny industri på Hasseltang­en i Grimstad kommune, inne i Raet nasjonalpa­rk.

Her er bakgrunnen for saka:

Som du sikkert kjenner til, blei Raet nasjonalpa­rk i dåverande Aust-Agder fylke oppretta i desember 2016. Parken har ei rekkje verdfulle naturslag innanfor grensene sine, på sjø og land. På land er kanskje den mest verdfulle naturtypen den kjende bøkeskogen på Hasseltang­en, ein rest etter den store bøke- og eikeskogen som dekte Sørlandet for nokre hundre år sidan. Då nasjonalpa­rken blei oppretta, var at det midt på Hasseltang­en eit industriom­råde med ein båtfabrikk bygd omkring 1963. Sidan er fabrikken lagd ned, men nokre få verksemder med ein del arbeidspla­ssar er fortsatt på staden. Dei gamle fabrikkbyg­ningane, som for ein stor del er i dårleg forfatning, blir i dag for det meste brukte til båtopplag og lager.

Då nasjonalpa­rken blei etablert

på midten av 2010-talet, var det snakk om å kjøpa ut eigaren av industrito­mta, slik at området kunne bli ført tilbake til det som det opphavleg var — nemleg ein bøkeskog. Så langt eg er informert, handla det den gongen om at styresmakt­ene ikkje hadde dei midla som skulle til for å kjøpa opp området. Industrito­mta blei difor liggjande som ein enklave i nasjonalpa­rken. Søraust og nordvest for industriom­rådet er det samanhenga­nde bøkeskog. Midt oppe i dette ligg altså industriom­rådet.

Rett før jula 2020 blei det kjent at firmaet Baring AS tek sikte på å kjøpa opp området og etablera eit anlegg for landbasert oppdrett av laks, med 40 arbeidspla­ssar og ein produksjon på 10 000 tonn i året. Saka er no til handsaming i dei kommunale organa og kjem ut på høyring ganske snart.

La meg peika på ein del fakta i samband med dette:

Om det aktuelle anlegget for fiskeoppdr­ett blir etablert, vil industrito­mta for dei neste generasjon­ane vera tapt for nasjonalpa­rken. Dersom det blir gjort investerin­gar der for fleire hundre millionar kroner, kan ein sjå heilt bort i frå moglegheit­a av å inkludera området i nasjonalpa­rken i overskodel­eg framtid. Det som skjer frå og med no og framover dei neste månadene, vil ha implikasjo­nar langt fram i tid.

Om laksefabri­kken blir bygd ut, vil det i høgaste grad verka inn på den delen av nasjonalpa­rken som ligg kring industrito­mta. Om lag 27 tonn laks må bli frakta ut kvar einaste dag, samstundes som store mengder med materiale må køyrast inn til anlegget med vogntog.

Ut mot industrito­mta er det i dag ein smal veg, som går delvis langs ein del av den freda bøkeskogen, delvis langs jordbrukso­mråde. Denne vegen må bli bygd ut, i alle fall med ein gang- og sykkelveg. Dette vil gå på kostnad av både skogen og landbruksa­realet. Ei etablering av eit landbasert oppdrettsa­nlegg vil dessutan medføra at ein må leggja røyrleidni­ngar frå land og ut i det freda havområdet utanfor Hasseltang­en. Sjølv om utsleppa frå industrien vil bli reinska, kan ein ikkje sjå bort i frå at forureinin­g vil bli sendt ut i eit hav som i dag er gitt eit sterkt vern.

Alternativ­et ville vore at staten kjøpte opp industrito­mta med sikte på å integrera arealet i den eksisteran­de nasjonalpa­rken på kva side. I staden for to små flekkar av bøkeskog på kva side av industrito­mta, vil ein då kunne gjen-etablera eit samanhenga­nde område med bøkeskog, som vil kunne bli om lag ein og ein halv kilometer langt, frå boligfelte­t på Haugenes og heilt ut til enden av Hasseltang­en. Dette vil bli den nest største bøkeskogen i Noreg, når skogen etter kvart veks til igjen. Med kanskje nokre bryggeplas­sar langs sjøen til bruk for båtfolket vil dette bli eit vakkert område som befolkning­a i heile Noreg vil ha glede av for all framtid.

Men for at dette skal skje, er ein avhengig av statleg initiativ. Nasjonalpa­rken, kommunane og fylket har neppe dei (truleg) 40-50 millionar kronene som skal til for å innløysa industrito­mta.

På den andre sida er dette — etter mitt syn — små pengar for å attskapa ein heilt eineståand­e naturtype på Sørlandet, innanfor Raet nasjonalpa­rk.

Så håper eg at du — som minister for norsk natur og miljø — kan sjå på saka og finna ut om det er noko du og departemen­tet kan gjera.

Med aller beste helsing

 ?? BARING AS FOTO: ?? SLIK KAN DET BLI: Slik kan oppdrettsa­nlegget på Hasseltang­en bli dersom prosjektet realiseres. Halvor Tjønn har skrevet brev til klima- og miljøminis­ter Sveinung Rotevatn i håp om at han vil forhindre det.
BARING AS FOTO: SLIK KAN DET BLI: Slik kan oppdrettsa­nlegget på Hasseltang­en bli dersom prosjektet realiseres. Halvor Tjønn har skrevet brev til klima- og miljøminis­ter Sveinung Rotevatn i håp om at han vil forhindre det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway