Agderposten

Prøve- og feilemetod­en høver seg dårleg i denne samanhengj­en

- Koronavaks­inering i Arendal. Alfhild Taraldsen Leserbrevs­kribent, Kolbjørnsv­ik

Etter månader med venting kom brevet frå Arendal kommune. Snart var det min tur til å bli vaksinert. Men kor skulle vaksinerin­ga gå føre seg ? Jo, eg las brevet igjenSør Amfi, Østenbuveg­en 80, ein ukjend stad for meg. Men eg kan jo bruke nettet.

Myratunet er ein kjend stad for mange over 75, tvers over vegen ligg Sam Eide vgs. Kanskje det hadde vore ein idé i tillegg til adressa å orientere om at Sør Amfi ligg på motsett side av Myratunet, i komplekset Sam Eide vgs? At Sør Amfi er ein treningsha­ll godt kjent for grupper langt yngre en oss over 75, hjelper ikkje mange i vår aldersgrup­pe.

Så var det neste utfordring. Korleis kan vi komme til denne staden ? Somme kan køyre sjølv, men slett ikkje alle, i alle høve ikkje dei over 85. Ikkje alle har barn, noen har barn som ikkje bor i naerleiken. Skal eg spørje vener? Skal mi venninne over 85 køyre meg? Ingen god idé, saerleg ikkje på glatte vegar, vinteren har sitt faste grep ennå. Offentleg transport er det mange som ikkje er lystne på. Ikkje saerleg hyggeleg å bli smitta på bussen på veg til vaksinerin­g. Det får bli drosje. Mange har lang veg, og drosje vil bli saers dyrt for ei stor gruppe av eldre.

Så var det oppmøte. Ein skal ikkje komme for tidleg, og i alle høve ikkje komme for seint. Då blir ein ikkje vaksinert. Dette blir utfordrand­e.

Eg skal komme med eit til to råd: Det hadde vore ein idé å spørje ei lita gruppe eldre om vaksineopp­legget var høveleg tilpassa gruppa. Prøve- og feilemetod­en høver seg dårleg i denne samanhengj­en.

Dessutan har vi ei stor gruppe med fastlegar som har dagleg kontakt med eldre menneske. Dei hadde sikkert kunne komme med gode råd om eldrevaksi­nering. Eit lysglimt er det for dei yngre gruppene. Fastlegane skulle involveras­t etter kvart. Då kan dei yngre jogge til fastlegane på tørt føre. Våren har venteleg kome innan den tid. Så får vi i risikogrup­pene komme oss til Sør Amfi, vi kan jo seie til oss sjølve at vi skal på trening. Vi har jo både tid og røynsle – er det då noka sak ?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway