Agderposten

Då får eg lyst til å få barn!

Om det gode liv og levenet som øydelegg.

- David Seljåsen Miller Tobarnsfar, Arendal

Leiar i Agderposte­n

1. februar har ikkje mykje fint å seie om KrF sitt forslag til å auke fødselsrat­en i landet.

nokon gong har vurdert å stemme KrF, men dette var då eit svaert godt forslag dei kom med, spør du meg. 20 prosent fri med full lønn samstundes, om ikkje ein av foreldra har permisjon, så vidt eg skjønte rett.

Neimen om eg Leiar synest det

er betre å sende barn i barnehagen så fort som råd er. Det er eit godt velferdsti­lbod påpeiker han. Det held med 1,5 timar saman med det minste barnet om dagen. Ein halvtime om morgonen, og så ein time mellom halv fem og halv seks før det er ut i bilen igjen for å køyre seg og eldre barn på treningar og korps og det heile. Når ein då kjem heim så søv den minste. Familieliv­et kallar vi det. Og eit system som ein kunne tenke seg at ville motvirke dette familieliv­et, nei det liker ikkje leiaren i Agderposte­n. Alle må jobbe fullt.

Har vi gått

oss vill i jakta på det gode liv, så middela for å få det (lang utdanning, full jobb) er viktigare enn målet i seg sjølv (det gode liv)? Er effektivit­et viktigare enn eit godt liv for folk flest? Det er jo klart at for staten lønner det seg at alle jobbar 100%, for det gir mest mogleg skatteinnt­ekt, og sannsynleg­vis minst mogleg yting retta mot fattige. Staten er ein maskin, ikkje eit menneske, det må vi hugse. Staten er der for oss, og ikkje motsett.

Kvifor kjenner ein

på ein slags nostalgi av å sjå Linus i Svingen frå 2006, nesten den same kjensla ein får når ein ser Emil i Lønneberge­t eller Pippi og enda eldre barndomsav­bildingar? Det må vere fordi barna går rundt og leiker fritt med kvarandre, og berre har det fint. Ingen skjerm er jo ein ting, men minst like vesentleg: ingen institusjo­nalisering av barndommen. Ingen styrt tid. Dei går ikkje i barnehage eller SFO. Kvar dag er som ein laurdag for dei. I julekalend­eren frå same sving frå 2008 må ein jo i alle fall rekne med at dei fleste av barna går på skolen, for då er det jo ein episode frå kvar einaste dag! Likevel, sjå kor mykje tid barna hadde før i tida. Til fri leik. Til å stikke innom foreldra sine og spørje om godteri, fordi dei tilsynelat­ande alltid var heime. I dag er det rett på institusjo­n frå svaert ung alder.

Dei er jo

veldig flinke no om dagen, dei som jobbar i barnehagen. Tre år på universite­tet går barnehagep­edagogane. FEM år på universite­tet går dei som blir laerarar på alle trinn av skolen i dag. Det er ingen tvil om at barna blir godt ivareteke der vi sender dei kvar dag. Nesten heile dagen. Er det verdt det? Når vi sit om kvelden og barna søv, og vi går inn på nettbanken og tel alle pengane vi har tent på å jobbe 100 % kvar, er det verdt det?

Eg tenker at

det gode liv først og fremst byggar på samvaer med dei ein står naerast, og ikkje pengar. Ein treng sjølvsagt ein stad og bo, mat og klede, og dei aller fleste treng ein bil og litt fleire ting, men det må då vel ikkje vere nødvendig at begge foreldre jobbar 100% for å oppnå det? Og om det er det, så er det jo veldig freistande å sjå føre seg 20% fri med full lønn medan ein har småbarn?

Eg skjønner ikkje

kvifor det å jobbe fullt er eit mål i seg sjølv. Det gode liv er eit mål i seg sjølv. Vi må ikkje forveksle dei to. Eg trur det er fullt mogleg å oppnå eit rikt liv utan mest mogleg økonomisk rikdom. Når KrF tilbyr begge samstundes, seier ikkje eg nei takk. Då får eg lyst til å få barn!

 ?? ?? Tobarnsfar David Seljåsen Miller svarer på Agderposte­ns leiar 1. februar. FOTO: INNSENDT
Tobarnsfar David Seljåsen Miller svarer på Agderposte­ns leiar 1. februar. FOTO: INNSENDT

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway