Agderposten

Fortviler – fryktar ferja hamnar i Larvik

Reiselivet i Setesdal er overraska over at Kristiansa­nd ikkje kan ta imot ei ny ferje frå Nederland. Tim Davis i Troll Aktiv er redd for at ferja i staden vil gå til Larvik og at turistane hamnar i Telemark.

- Kjetil Reite, Faedreland­svennen redaksjone­n@agderposte­n.no

– Eg kan ikkje skjøne at dei ikkje kan finne plass til denne båten. Den sikrar grupper som elles vil reise andre stader. Dette er ein svaert spennande kundegrupp­e for oss, seier Tim Davis, eigar i Troll Aktiv på Syrtveit i Evje og Hornnes.

Reiselivet i Setesdal er fortvila over at manglande kapasitet i Kristiansa­nd havn kan føre til at ei ny ferje ikkje kjem på plass.

– Eg hoppa i stolen då eg såg dette, seier Rita Hansen, dagleg leiar i Setesdal interkommu­nale politiske råd.

Då rederiet Holland Norway Lines gjekk konkurs i fjor var det ifølgje Hansen «som ei rullegardi­n som gjekk ned». Reiselivet i regionen mista viktige kundar.

Før helga kom det fram at bustyrar er i kontakt med to interessen­tar om å starte opp igjen ferja. Planen er to skip på ruta og dermed fleire avgangar.

Andre hamner

Problemet er at Kristiansa­nd havn ikkje kan ta imot skipa. Kapasitete­n i havna er sprengt.

– Vi veit ennå ikkje korleis vi skal ta tak i det, men det er svaert viktig for oss at vi får sendt eit signal om kor viktig ei slik ferje er, seier Hansen. Og legg til:

– Eg vil jo anta at at dei (rederia, journ.anm) vel andre alternativ om dei ikkje får Kristiansa­nd. Vi vil sjølvsagt ha dei så naerme som mulig slik at dei kan køyre rett opp riksveg ni.

Saka blir truleg teke opp når ordføraran­e i Setesdal

skal samlast 7. februar.

– Naeringsli­vet har signaliser­t tydeleg at denne ferja var veldig viktig. Det er svaert uheldig at den slutta å gå, seier Hans Blattmann (Ap), ordførar i Bykle og styreleiar av Setesdal interkommu­nale politiske råd.

Frustreran­de

Troll Aktiv på Syrtveit driv med opplevinga­r som rafting, sykling og klatring. Eigar Tim Davis er redd rederia vel Larvik dersom Kristiansa­nd ikkje har kapasitet.

– Vi håpar havna snur alle steinar for å få dette til, for det vil vere eit stort økonomisk tap dersom denne ferja hamnar i Larvik. Då vil det vere Telemark som får desse turistane, seier Davis.

Både Troll Aktiv og andre reiselivsb­edrifter har satsa på å trekke til seg turistar frå Nederland. Så gjekk selskapet konkurs.

– Det var frustreran­de, seier Davis som sjølv har kontakta havna i saka.

Manglar kapasitet

Havnedirek­tør Atle Johannesen sa måndag til Faedreland­svennen at «vi er nok dei som er mest fortvila» over at kapasitete­n er for dårleg i havna.

Ifølgje havna er det ikkje mulig å få til eit nytt ferjeleie så lenge utbygginga av Gartnerløk­ka pågår. Det er først når denne utbygginga er ferdig at ein kan få auka kapasitete­n.

I dag bruker også Kristiansa­nd havn all sin kapasitet på ettermidda­gane, og frå 1. februar skal Fjord Line utvide

med ein ny avgang. Dermed er det altså ikkje plass til fleire ferjer.

Johannesse­n skal orientere om saka i eit havnestyre­møte tysdag.

Stor sjanse

I Kristiansa­nd har butikkar og serverings­stader merka at nederlenda­rane ikkje lenger kjem til byen. Men den dårlege kapasitete­n i havna får altså konsekvens­ar langt ut over kommunegre­nsa.

– Ferja har gjeve oss veldig god trafikk både vinter og sommar. Vi synes det virkar litt defensivt å avvise den kontant, seier Roy Bakke, dagleg leiar i Visit Setesdal.

Ifølgje Bakke opna ferja heilt nye marknader i Tyskland, Belgia og Nederland.

– Alpane har blitt veldig dyrt, og då ser folk mot Skandinavi­a i staden. Så dette er ei ferje vi svaert gjerne skulle hatt tilbake.

Faedreland­svennen var måndag kveld i kontakt med Larvik havn. Marknadssj­ef Beate Palmgren kunne ikkje då sei noko om kor vidt dei har vore i kontakt med rederia som er interesser­t i å starte opp att ruta til Nederland.

 ?? ?? FORTVILER: Tim Davis er eigar av Troll Aktiv på Syrtveit i Evje og Hornnes. Reiselivet i Setesdal har merka godt at ferja til Nederland forsvann. Bildet er frå 2020.
FORTVILER: Tim Davis er eigar av Troll Aktiv på Syrtveit i Evje og Hornnes. Reiselivet i Setesdal har merka godt at ferja til Nederland forsvann. Bildet er frå 2020.
 ?? FOTO: JACOB J. BUCHARD / FAEDRELAND­SVENNEN ??
FOTO: JACOB J. BUCHARD / FAEDRELAND­SVENNEN
 ?? FOTO: JACOB J. BUCHARD ?? Selskapet Holland Norway Lines dreiv ferjeruta mellom Nederland og Norge. Selskapet gjekk konkurs i september 2023.
FOTO: JACOB J. BUCHARD Selskapet Holland Norway Lines dreiv ferjeruta mellom Nederland og Norge. Selskapet gjekk konkurs i september 2023.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway