Bergens Tidende

Landbruksp­olitikken bør leggjast om

Einsidig satsing på auka matproduks­jon er det svakaste punktet i regjeringa­s landbruksp­olitikk.

-

SNART FIRE ÅR med Høgre-Frp-regjering har sett sterkt preg på utviklinga i norsk landbruk. Bøndene har hatt god inntektsve­kst, men prisen har vore ei kraftig omfordelin­g frå små til store bruk. For dei mange, små bruka på Vestlandet har det vore dårleg nytt.

Etter to år der bøndene og regjeringa fann fram til ein avtale i jordbrukso­ppgjeret, vart det tysdag brot i forhandlin­gane. Det fekk Frps landbruksp­olitiske talsmann, Morten Ørsal Johansen, til å uttale at brotet var eit spel for å hjelpe Senterpart­iet i valkampen. Ein skal sjølvsagt ikkje sjå bort frå slike koplingar, men som forklaring på brotet blir det for enkelt.

NÅR BØNDENE og regjeringa er blitt samde i to oppgjer skuldast det at landbruket totalt sett har kome rimeleg godt ut av det økonomisk under denne regjeringa. Noko av det heng rett nok saman med gode avlingar og låg rente, som regjeringa ikkje kan ta aera for.

Problemet med politikken har vore eit einsidig fokus på stordrift og billigare produksjon. På sikt er det ei linje som vil undergrave landbruket andre stader enn i dei beste landbrukso­mråda på Austlandet, Jaeren og i Trøndelag.

DENNE POLITIKKEN kan ikkje halde fram. Når gardsbruka på Vestlandet forsvinn, taper distrikta òg mogeleghei­ter til å utvikle andre arbeidspla­ssar innan turisme og industri. Jordbrukss­tøtta må difor leggjast om. Landbruket­harandrero­llerisamfu­nnetennber­reå produsere mat.

Landbruket har andre roller i samfunnet enn berre å produsere mat.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway