Bergens Tidende

Asbjørn Kristoffer­sen

-

Hus med hage kan bli vanskeleg å oppdriva i heile Bergens-regionen i framtida.

BYFORTETTI­NGA SOM NO skjer i Bergen, vil truleg spreia seg til omegnskomm­unane. Fylkeskomm­unen meiner at folkevekst­en på strileland­et må skje i tilknyting til dei viktigaste knutepunkt­a for kollektivt­rafikken, slik som i Bergen. Både byfolk og strilar skal kunna samlast i blokker.

Å få bukt med klimagassa­r frå personbila­ne, og skapa grunnlag for ein betre utbygd kollektivt­rafikk, er mål for knutepunkt­strategien. Tettare utbygging skal også i teorien gje eit meir bymessig, meir mangfaldig gatemiljø. I tillegg kan det vera pengar å spara til offentleg tenesteyti­ng og infrastruk­tur. Det er billegare for kommunen å ta hand om gamle og sjuke, veg, vatn og kloakk i nye blokker på Slettebakk­en enn i nye einebustad­er på Hjellestad.

MEN FOR MANGE unge barnefamil­iar har ikkje blokkbusta­der vore saerleg forlokkand­e. Når barna kjem, melder gjerne ønskjet seg om eigen hage, med plass til grilling og hoppeslott. Denne draumen har lettast og billegast late seg realisera i omegnskomm­unane. Barnefamil­iar har flytta i hopetal frå Bergen til strileland­et. Det er ei form for byspreiing som politikara­ne ikkje har rådd med. No kan det koma kjelkar i vegen for flukta til byggjefelt i omegnskomm­unane.

Blokkifise­ringa av landet skjer i tråd med nasjonale, politiske føringar. Marknadskr­eftene har spelt på lag. I dei store byane har det vore stor etterspurn­ad etter sentrale, lettstelte husvaere for eldre, kjøpesterk­e grupper og for unge urbanittar, gjerne med foreldrebi­stand. Spekulanta­r har også spelt opp i pengegalop­pen.

I BERGEN ER DET saerleg Bybanen som har brøyta veg for den nye fortetting­a, for det meste i regi av private utbyggjara­r. Det blir rive hus i stort omgang, ikkje berre for å få fram veg og bybane, men også for å gje plass til nye blokker. Det kostar dyrt i innløysing av gamle hus, det

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway