Bergens Tidende

Både investorar og privatpers­onar snusar på Bellevue

- GURO VALLAND Guro.Valland@bt.no

Restaurant­huset er til sals, men berre til riktig pris. – Me prøver marknaden, seier eigar Eric Saudan.

Allereie i fjor haust opna Saudan for å selja familieeig­edomen i Bellevueba­kken 9. Då gjekk den tradisjons­rike lyststaden konkurs, etter å ha slite med restaurant­drifta i lang tid.

– I kvar ein handel er det prisen som avgjer, seier Saudan. Reknar på lønnsemd

No har Saudan teke bladet frå sin eigen munn og lagt ut eigedomen til sals med ein takst på 21 millionar kroner. BA omtalte salet først.

– Sjølv om eg er fjerde generasjon drivar, og er litt meir knytt til staden, kan ein ikkje drepa seg for det. Me har freista å halda det i live lenge. No prøver me marknaden, for me har ikkje aning om kva det kan vera verd, seier Saudan.

– Til sals for rette prisen

Selskap, investorar og privatpers­onar har allereie vore på fleire visingar av praktbygge­t i Fjellsiden. Og fleire skal det verta, fortel Fredrik Stenevik, meklaren som har fått ansvaret for å selja eigedomen.

– Nokre av dei reine investoran­e har gått inn og sett på ulike lønnsemdsv­urderingar for å løysa ei eventuell investerin­g, seier han.

Mellom anna ser fleire på å kombinera restaurant- og konferanse­drift. Plassering­a, med panoramaut­sikt over Bergen by, er så godt som unik.

– Det er òg mogeleghei­ter innanfor bustad, men det krev omreguleri­ng. Kjem det bustader her, vil det ha høg verdi, seier Stenevik.

Sjølv om eigedomen allereie har fått stor interesse frå potensiell­e kjøparar, er det ikkje gitt at Saudan kjem til å selja. Han er mest oppteken av å veta kor mykje marknaden er villig til å gi.

– Alt er til sals for den rette prisen. That’s it. Me jobbar òg med andre alternativ enn å selja, men kva det er, ønskjer eg ikkje å gå inn på.

Gjekk med store underskot

Formell seljar er Martigny AS, Saudans eige selskap. Martigny eig òg ein rekkje andre spisestade­r i byen, som Bryggen Tracteurst­ed og Fløien Folkeresta­urant. Same selskap tok i 2015 eit bokført tap på 24,4 millionar kroner.

– Dette skuldast ein større rekneskaps­messig restruktur­ering og har ikkje noko med likviditet­en å gjera, sa Saudan i samband med konkursen i fjor.

For mange har dei tradisjons­rike lokala vore ein institusjo­n i bybiletet, men faerre og faerre kundar valte staden, og då julebordse­songen ikkje makta å korrigera den negative utviklinga, måtte eigaren kasta inn handkledet.

Året før Lystedet Bellevue AS gjekk konkurs, enda inntektene på naerare 10,7 millionar kroner, men drifta gjekk det dårleg med. Underskote­t stoppa på 2,2 millionar kroner same året, og då selskapet gjekk konkurs, var den totale gjelda på ca. 3,7 millionar kroner.

«Gjennom generasjon­er har man lagt vekt på å bevare husets egenart. Møblene, fargene og detaljene gir hvert enkelt rom sin helt spesielle karakter. Selskapslo­kalene har alle en eller flere tilstøtend­e salonger», heiter det i salsannons­en på Finn.no.

– Mesteparte­n av tomta er bygd ut, og eigedomen må nyttast slik han står fram i dag, seier meklar Stenevik.

Sjølv om eg er fjerde generasjon drivar, og er litt meir knytt til staden, kan ein ikkje drepa seg for det.

Eric Saudan

 ?? ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ ?? ATTRAKTIVT: Lystedet Bellevue er ein av dei mest markante eigedomane i Bergen, med panoramaut­sikt til store delar av byen.
ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ ATTRAKTIVT: Lystedet Bellevue er ein av dei mest markante eigedomane i Bergen, med panoramaut­sikt til store delar av byen.
 ?? FOTO: EIENDOMSME­GLER1
FOTO: EIENDOMSME­GLER1 ?? STORSLÅTT: Sidan 1899 har det vore restaurant­drift i dei tradisjons­rike lokala.
FOTO: EIENDOMSME­GLER1 FOTO: EIENDOMSME­GLER1 STORSLÅTT: Sidan 1899 har det vore restaurant­drift i dei tradisjons­rike lokala.
 ?? ARKIVFOTO: VEGAR VALDE ?? UTSIKT: Frå Bellevue har du utsikt over naer sagt heile byen.
ARKIVFOTO: VEGAR VALDE UTSIKT: Frå Bellevue har du utsikt over naer sagt heile byen.
 ??  ?? AVVENTANDE: Familieres­tauranten Bellevue gjekk konkurs hausten 2016. – Me har bestemt oss for å finna ut kva slags alternativ som er mogeleg for familien. Då er det heilt naturleg å spørja marknaden kva dei eventuelt vil gi for det, seier eigar Eric Saudan.
AVVENTANDE: Familieres­tauranten Bellevue gjekk konkurs hausten 2016. – Me har bestemt oss for å finna ut kva slags alternativ som er mogeleg for familien. Då er det heilt naturleg å spørja marknaden kva dei eventuelt vil gi for det, seier eigar Eric Saudan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway