Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

-

Bak barnehages­treiken står mektige aktørar som kjempar om framtidas pensjonssy­stem. Det gjer at streiken kan bli langvarig.

ENKELTE STREIKAR handlar om lokale tilhøve, mellom bedrifta og deira tilsette. I andre streikar er det sentrale fagforeini­ngar og arbeidsgje­varforeini­ngar som dreg i trådane. Barnehages­treiken i Bergen er begge deler. Det er dårleg nytt for dei naer 1200 barna som ikkje har nokon barnehage å gå til, og for foreldra deira.

PÅ OVERFLATA er streiken ein konflikt mellom kyrkje-konsernet Akasia og dei tilsette i konsernets 20 barnehagar. Kjernen i den konflikten er pensjonsvi­lkår, sjølv om streiken òg handlar om andre sider av den lokale tariffavta­len.

Fram til desember 2015 hadde dei rundt 300 tilsette i barnehagan­e to ulike pensjonsav­talar. I ni av barnehagan­e hadde dei tilsette ein offentleg ytingsbase­rt tenestepen­sjon, som garanterer at dei får ein viss prosent av løna utbetalt i pensjon livet ut. I dei elleve andre hadde dei ein privat variant av det same.

slo Bergen kyrkjelege fellesråd, som eig det heile, saman barnehagan­e i selskapet Akasia. Samstundes endra dei pensjonsor­dninga for alle, til ei såkalla innskotsba­sert ordning. Akasia betaler no inn sju prosent av løna kvart år til ein pensjonsko­nto, som dei tilsette kan ta ut når dei blir pensjonist­ar.

Kva du får utbetalt av ein innskotspe­nsjon er avhengig av avkastinga på sparepenga­ne. Dårleg aksjemarkn­ad gjev deg mindre i pensjon. Med ein ytingsbase­rt pensjon vil utbetaling­a ikkje bli påverka av dårleg avkasting, fordi den rekninga ville gå til arbeidsgje­varen.

Dei Akasia-tilsette streikar for å få tilbake sine ytingsbase­rte pensjonar. Men dei vil òg kunne gå med på ein såkalla hybridmode­ll – ei blanding av dei to systema. Ein viktig forskjell mellom hybrid- og innskotsba­sert pensjon er at du med hybrid er garantert utbetaling­ar livet ut. Det er spesielt viktig for kvinner, som lever lenger enn menn. I Akasias barnehagar er om lag 90 prosent av dei tilsette kvinner.

AKASIA SEIER NEI, fordi dei meiner hybridmode­llen blir for dyr. Her har dei full støtte av arbeidsgje­varorganis­asjonen Spekter, som Akasia er medlem av. Spekter organisere­r i hovudsak statlege føretak, som sjukehusa, NRK og NSB, og føretak som leverer til det offentlege, som Akasia.

Spekter tilrår sine medlemmer å unngå hybridpens­jon. Dei vil ha innskotspe­nsjon. Og her er naermar vi oss kjernen i konflikten. For på den andre sida av bordet, bak dei tilsette i Akasia, sit dei to største fagorganis­asjonane i landet: Fagforbund­et (LO) og Utdannings­forbundet (Unio), i tillegg til YS-forbundet Delta og Lederne. For dei er innskotspe­nsjon totalt uakseptabe­lt.

SKULLE DEI GJE SEG i Akasia-streiken, og akseptere innskotsba­sert pensjon, fryktar desse fagforbund­a det vil få konsekvens­ar langt ut over dette eine konsernet. Det same gjer truleg Spekter. Akasia-konflikten er difor ein kamp om framtidas pensjonssy­stem i offentlege og halvoffent­lege bedrifter.

Den mest naerliggja­nde smitteeffe­kten er i barnehages­ektoren. Dei fleste private barnehagar i landet er organisert i Private barnehager­s landsforbu­nd (PBL). Dei har i dag ytingsbase­rt pensjon til sine tilsette. Fordi nye reglar for aldersjust­ering gjer ytingsbase­rt pensjon stadig dårlegare, byrjar fagforeini­ngane å bli klare til å få PBL med på ein hybridpens­jon.

Begge partane seier dei har døra open for samtalar, men det er nok mest spel for galleriet.

Men viss Spekter klarer å få gjennom innskotsba­sert pensjon i Akasia, fryktar fagforeini­ngane at andre PBL-barnehagar vil hoppe over til Spekter for å spare pengar. Frykta er vidare at det set i gang ein spiral der alle private barnehagar til slutt endar med innskotsba­sert pensjon. Det kan òg smitte over på andre sektorar.

STREIKAR SOM handlar om slike prinsipiel­le motsetnade­r, med frykt for smitteeffe­kt, har ein tendens til å bli langvarige. Begge partane seier dei har døra open for samtalar, men det er nok mest spel for galleriet. Fagforbund­et og Delta har stemna Akasia for arbeidsret­ten, ei sak som skal opp i september. Ein avtale om innskotsba­sert pensjon før den tid, vil undergrave denne saka.

Akasia har på si side stemna 90 av sine tilsette i Fagforbund­et for tingretten. Den saka handlar òg om pensjonsor­dningane, og skal i retten i august.

Mykje tyder difor på at foreldre og ungar må bu seg på at dette kan ta tid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway