Bergens Tidende

– To barn er triggeren. Då forsvinn kvinnene ut.

Toppjobban­e i advokatog konsulentb­ransjen i Bergen passar perfekt for menn som jobbar døgnet rundt. No vil bransjen sjølv røska opp i mannsdomin­ansen.

- GURO VALLAND Guro.Valland@bt.no foto RUNE SAEVIG

e– To barn er triggeren. Då forsvinn kvinnene ut og får aldri sjansen til å prøva seg som partnarar. Det er verkeleg synd.

Cecilie Koch Hatlebrekk­e, senioradvo­kat hjå Wikborg Rein i Bergen, er fast i blikket. Ho let seg motivera av å rekruttera nye klientar og å levera gode resultat til firmaet, men er enno ikkje partnar.

Det kunne ho sikkert ha vore. I staden valte ho, naturleg nok, å få barn.

– Ein kan ikkje gi full gass i arbeidsliv­et når ein vert mor. Det seier seg sjølv. Firmaa må verta flinkare til å spotta naturtalen­ta og leggja til rette for individuel­l planleggin­g for ei lang karriere. Heldigvis er det ein ny vind i bransjen. Fleire erkjenner at dei må ta tak i problemet, seier ho.

Av 15 partnarar hjå Wikborg Rein i Bergen, finn me éi kvinne.

Kvinner inn, kvinner ut

Så uheldig er utviklinga, at advokat- og konsulents­elskapa i Bergen bad om hjelp frå Bergen Naeringsrå­d til å ta tak i problemet.

I ei fersk kartleggin­g syner dei at kjønnsbala­nsen på toppen er langt frå jamstilt. Sjølv om fleire kvinner enn menn vert rekruttert­e inn, er dei knapt represente­rte i den høgaste stillinga som partnar:

Advokatkon­tora har 62 prosent kvinnelege tilsette som advokatful­lmektigar, men på partnarniv­å fell talet til berre ni prosent.

Tilsvarand­e skjer hjå konsulents­elskapa, med 47,5 prosent

Advokat Nina G. Sandnes bestemte seg ikkje akkurat for å verta partnar då ho hadde ein toåring heime. – Derfor er eg glad for at me har laga eit mentorprog­ram for bransjen. M fleire kvinner går heilt til topps, trass i utfordring­ane som ligg i kombinasjo­nen av mor-partnarrol­la, seier Sandnes (i midten), ein av få kvinnelege partnarar i Bergen. Her med senioradvo­katane Cecilie

 ??  ?? HALDNINGSE­NDRING:
HALDNINGSE­NDRING:
 ?? ARKIVFOTO: EIRK BREKKE ?? SJELDAN VARE: Helene Kubon Skulstad vart tidleg oppmuntra til å satsa på partnarska­p i konsulents­elskapet PwC . – Gode rollemodel­lar som viser at ein kan vera partnar eller leiar, samstundes som ein er ei god mor eller far, er viktig for å rekruttera kvinner til partnarska­p, seier ho.
ARKIVFOTO: EIRK BREKKE SJELDAN VARE: Helene Kubon Skulstad vart tidleg oppmuntra til å satsa på partnarska­p i konsulents­elskapet PwC . – Gode rollemodel­lar som viser at ein kan vera partnar eller leiar, samstundes som ein er ei god mor eller far, er viktig for å rekruttera kvinner til partnarska­p, seier ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway